Slutten på kuratorutdanninga i Noreg eller ein frisk start?

Katrine Elise Agpalza Pedersen, styreleiar for Norsk Kuratorforening. Foto: Kunsthall Trondheim 

Katrine Elise Agpalza Pedersen, styreleiar for Norsk Kuratorforening, meinar at nedlegginga av kuratorpraksis i Bergen vil vere eit ugjenkalleleg tap for Norges posisjon som kunst- og kulturnasjon. Foto: Kunsthall Trondheim 

Styret ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen har vedtatt å søke om å leggje ned masterprogrammet i kuratorpraksis. Ei slik nedlegging har skapt protest – og protesten hald fram.

Det erfaringsbaserte masterprogrammet i kuratorpraksis ved Universitet i Bergen skal i teorien snart feire sitt 10-årsjubileum. Det er det einaste av sitt slag i Noreg, som har utdanna ei rekke kjende kuratorar og har hatt ein sterk internasjonal forbindelse. I tillegg har det også ført til eit fellesskap i eit yrke der det ikkje har vore sjølvsagt å vore ein del av ei fagleg diskurs. Det at kuratorstudiet har vore praksisbasert er også uvanleg i eit internasjonalt perspektiv, men har gitt studentane ein sjanse til å vere aktive i feltet etter at utdanningsløpet er ferdig. Men no har styret ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen vedtatt å søke om å leggje ned studiet. Ein underskriftskampanje, som mellom anna har blitt delt av Norsk Kuratorforening, ber styret ved Universitetet i Bergen om å endre avgjerda.

Kunstavisen har intervjua tre av dei som er involverte i prosessen på kvar sin måte, over e-post. Åsil Bøthun som er prodekan for utdanning og professor i skulptur og installasjon,  Anne Szefer Karlsen som er professor i kuratorpraksis og fagleg leiar for MA kuratorpraksis ved Kunstakademiet, og styreleiar for Norsk Kuratorforening Katrine Elise Agpalza Pedersen. 

Prodekan for utdanning Åsil Bøthun svarer Kunstavisen på vegne av fakultetet. Foto: Bjarte Bjørkum

Prodekan for utdanning Åsil Bøthun svarer Kunstavisen på vegne av fakultetet. Foto: Bjarte Bjørkum

– Kva signal sender det faglege miljøet ved UIB ved å legge ned det einaste kuratorstudiet i Noreg? 

Det har vorte eit altfor stort fokus på ordet «nedlegging». Vi har ikkje en gyldig studieplan, derfor må det uansett gjerast noko grunnleggande strukturelt og fagleg om kuratorfaget skal bli tatt i vare på ein eller anna måte. At programmet leggjast ned isin noverande form, betyr ikkje at instituttet ikkje skal ha eit tilbod i skapande kuratorpraksis for framtida. Det betyr i klartekst at fakultetet anerkjenner behovet for eit utdanningstilbod innafor fagfeltet. Derfor ynskjer vi no å sjå framover for å kome med nye løysningar for fagfeltet seier dekan Åsil Bøthun.  

Anne Szefer Karlsen som er professor i faget ser det likevel på ein anna måte.  

Det er klart at om tilhøva omkring eit studieprogram endrar seg, så er det riktig å undersøke kva endringar eller justeringar som bør gjerast, men å legge det ned skapar unødvendig mykje støy i feltet.  

Katrine Elise Agpalza Pedersen ved Norsk Kuratorforening støttar Karlsen: 

Ein nedlegging av studieprogrammet representera, og sender eit signal om, ein blindflekk i oppfatninga av kuratorpraksis og i profesjonens evne til å skape fellesskap og forbindelsar på tvers av feltet, nasjonalt og internasjonalt. 

Professor i kuratorpraksis Anne Sfezer Karlsen. Foto: Jannik Abel

Professor i kuratorpraksis Anne Sfezer Karlsen. Foto: Jannik Abel

– Studiet skulle snart feire sitt 10-årsjubileum, kva har studieprogrammet gjort for kuratoryrket og for fagfellesskapet generelt gjennom desse åra? 

Pedersen understrekar betydninga av studiet som snart er historie.  

Studiet har tilført mangfald i eit nasjonalt fagleg fellesskap gjennom ei styrking av landets kuratoriske kompetanse, og gjennom å bidra til et sterkare fagmiljø. Kuratorstudiet har vert ein sentral diskursiv plattform som har knytt det norske fagfeltet til ein større internasjonal kontekst, noko som har bygd nettverk for det overordna kunst- og kulturfeltet, seier ho. 

Szefer Karlsen uttaler seg slik:  

Eg observerer at særleg kunstinstitusjonane i Noreg verdsette studiet og den kompetansen som kjem frå det. 41 kandidatar – norske og internasjonale – har tatt MA kuratorpraksis-eksamen sidan 2015. 

Kuratorpraksis i ny drakt?
Bøtun svarar positivt på spørsmålet om det er nokon sjanse for at studiet oppstår i ei ny drakt, og peikar på si side tilbake på Szefer Karlsen. 

Anne Szefer Karlsen, den einaste faglege ved programmet som er tilsett ved instituttet med førstekompetanse, har fått tildelt fleire hundre tusen kroner frå fakultetet og UiB for å utvikle fagfeltet. Vi ser fram til kva Karlsen leverer ut frå den betydelege satsinga for fagfeltet kuratorpraksis.   

Prodekan Bøthun avsluttar med å seie at fakultetet ynskjer å behalde kuratorpraksis i sin studieportefølje, men i kva form må fagmiljøet ved instituttet koma fram til. 

I ein kommentar til Bøthuns siste uttalelse i saken svarar Szefer Karlsen:  

– Eg har ikkje mottatt pengar frå fakultetet til å utvikle fagfeltet kuratorpraksis, med tanke på utviklinga av eit studieprogram som skal erstatte det som no leggast ned. Prosjektet det visast til høyrer inn under tverrfagleg forsking støtta av UiB sin Humaniorasatsing og KMD sine strategiske midlar. Eg arbeidar med fagfolk utanfor UiB og i pedagogikkmiljøet på UiB for å sjå på kordan kunnskap frå kurator- og formidlingsdiskursen kan vere til hjelp for formidling av akademiske resultat som ikkje er kunstnariske. I det prosjektet har eg også lagt inn ein spørjeundersøking spesielt retta mot formidlingsfeltet i Noreg for å undersøke deira behov for utdanningsprogram. 

    Stikkord