
Renate Rivedal har ein mastergrad i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen, der ho skreiv om Sophus Tromholt (1851-1896), ein nordlysforskar og pioner innan fotografi av den samiske befolkninga i perioden 1882-1883. Med lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar, har ho eit sterkt engasjement for kunst- og kulturformidling.
I dag arbeider ho, blant anna, med podcasten «ei kunstfortelleing», med sitt eige foretak og nettsida www.kunstforedrag.no, i tillegg til å vere kunstkritikar for Bergens Tidende og skribent for Kunstavisen.