Intervju med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery – Kunsten er livgjevande

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Foto: Ilja C. Hendel/KUD

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery vart innstilt juni 2023, og vi er i tid der kunstnarøkonomiane er pressa, det er dyrtid og verda rundt oss står i flammar. På den andre sidan treng vi kulturen meir enn nokon gong, vi treng visuell kunst, teater og dans. Vi treng kulturelle inntrykk, samarbeid over landegrensene og utveksling av kulturelle uttrykk. Kva gjer vår eigen kultur- og likestillingsminister for å verne om kunstnarane, kunsten dei skapar og arbeidsplassane dei lagar?  

Du har sagt at du ynskjer å styrke kunstnarøkonomien, mellom anna ved hjelp av fleire arbeidsstipend. Kva har du gjort på det her feltet sidan du vart innstilt som kulturminister? Og kva ynskjer du å gjere for å sikre gode arbeidsvilkår for kunstnarar? 
Rett før eg tiltredde som kultur- og likestillingsminister, la regjeringa fram ei kunstnarmelding med ei rekkje tiltak for å styrkje vilkåra og økonomien til kunstnarane. Meldinga vart behandla av Stortinget i mars, og vi er i gang med å følje opp tiltaka i meldinga. I haust set vi blant anna i gang med det viktige arbeidet med å utarbeide prinsipp for rimeleg betaling for kunstnarleg arbeid. Det er Kulturdirektoratet som vil følje opp dette, i samråd med statleg finansierte kunst- og kulturinstitusjonar og kunstnarorganisasjonar.
Det er óg viktig å sikra god økonomi for kunst- og kulturinstitusjonar over heile landet. Derfor sette regjeringa av 15 millionar kronar til å styrkje 45 institusjonar og visningsstader, øyremerka utstillingsøkonomi, i statsbudsjettet for 2024. Det her var pengar som var avsett av statsbudsjettet inneverande år. 
I tillegg har vi styrkt kunstnarøkonomien med 20 millionar kroner til Statens kunstnarstipend i årets budsjett, slik at det vart etablert 37 nye arbeidsstipendheimlar og sju nye langvarige stipendheimlar i ordninga. Den totale avsetjinga til Statens kunstnarstipend er i 2024 på heile 482 millionar kroner.

I forbindelse med Arendalsuka lanserte du ein «nasjonal strategi for ein open og opplyst samtale» som skal komme neste år. Kva vil det sei for kunstfeltet? 
Strategien er fyrst og fremst eit overordna dokument som skal vise korleis det opne og opplyste offentlege ordskiftet skal ivaretakast og sikrast framover. Dette er knytt til infrastrukturkravet i grunnlova. Strategien vil altså i større grad vera eit prinsippdokument enn ein strategi for enkeltsektorar. Men generelt gjeld at heile kunstfeltet er rekna som ein sentral del av infrastrukturen for frie ytringar, både som debattarena og som kjelder til innsikt og forståing, og det er ei rolle og ein funksjon det er viktig for meg å hegne om også i tida som kjem. 

Frå mars i år, då regjeringa starta budsjettarbeidet for 2025 med budsjettkonferanse på Klækken hotell. Foto: Javad Parsa / NTB

Har du ein kommentar til FrP-forslaget om å kutte potten til kultur for å styrke idrett? Korleis vil kulturministeren sikre gode arbeidskår for kunstfeltet?
Her er eg svært ueinig med FrP. Forstå meg rett, eg er einig i at idrett- og andre fritidsaktivitetar er viktige for alle barn og unge. Alle barn og unge skal ha lik moglegheit til å delta og trivast i fritidsaktivitetar, uavhengig av kven dei er eller lommeboka til foreldra deira. Det er blant anna derfor eg la frem handlingsplanen «Alle inkludert!» no i vår, og regjeringa har også satt av meir enn 286 millionar kroner ekstra frå spelemidlane i 2024 til dette inkluderingsarbeidet. Men å ta desse midlane frå kunstnarstipenda eller frå andre tilskot eller ordningar til støtte for kunstnarane, meiner eg er heilt feil veg å gå.

Korleis arbeidar du for å sikre etisk finansiering av Nasjonalmuseet? Fleire i kunstfeltet reagerer på samarbeidsavtalar med rederi-arvingar som potensielt kan gå utover fagleg innhald.
Nasjonalmuseet er ei sjølvstendig stifting med fast årleg driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Det er styret for museet som er ansvarleg for å sikre at prinsippet om fagleg integritet og armlengds avstand gjeld for alle typar samarbeid, uavhengig av om finansieringa er offentleg eller privat. Dette er i tråd med statleg kulturpolitikk, kor midlar til kulturformål er forvalta etter prinsipp om armlengds avstand. Dette er vidare i tråd med ICOMs museumsetiske regelverk, kor musea er forplikta til å følgje etiske retningslinjer som ein del av sitt kjernegrunnlag. 

Men sidan styrets leiar vert utpeikt av Kulturdepartementet ligg vel også litt av ansvaret her? Er det riktig at ein kan kjøpe seg plass til si eiga samling, få eit rom på Nasjonalmuseet som skal vere heile det norske folk sitt?
Styreleiar og resten av styremedlemmene oppnemnt av KUD er ikkje staten sine representantar i styret for den sjølvstendige stiftinga Nasjonalmuseet. KUD oppnemner styremedlemmer på bakgrunn av kompetanse og erfaring, slik at museet til ei kvar tid har eit godt fungerande styre. Det er styret som har ansvar for vala museet tek når det gjeld aktuelle samarbeidspartnarar og prosjekt. Eg har ingen grunn til å tvila på at museet etterlever etiske standardar knytt til slike samarbeid. 

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, sametingspresident Silje Karine Muotka og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (th) klipper snora under opninga av det samiske nasjonalteatret Beaivváš i Kautokeino. Sceneteppet bak er laga av Máret Ánne Sara. Foto: Aslak Mikal Mienna 

Kva har du som kulturministeren lært om kunstfeltet sidan du vart innstilt?
Eg har fyrst og fremst fått stadfesta kor rikt og mangfaldig kunstfeltet her i landet er og kor stor aktivitet og høg kvalitet me finn der. Til å vera eit så lite land held kunstfeltet i Noreg høgt internasjonalt nivå. Norske kunstnarar markerer seg godt i utlandet og imponerer. Det gjer meg stolt og endå sikrare på at det er teke mange, gode kunstpolitiske grep gjennom åra, som det er viktig å vidareføre. Kontakten med kunstfelta minner meg dessutan stadig på kor mykje kraft det ligg i viljen til å utforske, til å prøve nye ting, til å søkje å nå fram med ein bodskap og noko ein brenn for. Kunsten er livgjevande på så mange måtar og det er eit stort privilegium å få vera så tett på dette feltet som statsråd.

Har du eit eller fleire favoritt-kultur-augneblink som kulturminister?
Nyleg var eg med på opninga av dei nye teaterlokala til det samiske nasjonalteatret Beaivváš i Kautokeino – eit fantastisk bygg med både teater og samisk vidaregåande skule. Det gjorde sterkt inntrykk berre å gå inn der og tenke på alt som skal skapast og opplevast der, og kor viktig eit slik teater er for Sápmi og for kulturrikdom i heile landet, ja, for alle. Elles vil eg seie at du gløymer ikkje så lett dagen du som kultur- og likestillingsminister får melding om at Jon Fosse tildelast Nobelpris. Den flotte talen hans var i seg sjølv eit minne for livet. 

 

Redaksjonens anmerkning: Det gjøres oppmerksom på at dette intervjuet ble gjort i forkant av fremleggingen av forslaget til nytt statsbudsjett 2025.  

    Stikkord