Eit bankande hjarte

KODE, Bergen. Fra utstillinga «Det hun sa» av Lotte Konow Lund. Fremst: 66 minutter, 2014. Foto: Dag Fosse/KODE
Utstillinga til Lotte Konow Lund på KODE er skarp, hard og konfronterande. Ho pirkar i nygrodde sår, får oss til å skutte oss, hugse og minnast.
Bergen
KODE (Stenersen)
Lotte Konow Lund
«Det hun sa»
Utstillinga står til 24.august
Mitt fyrste møte med Lotte Konow Lund for mange år sidan var i videoen «Domestic Violence». Der ho med pen britisk aksent skildra korleis dei ulike kvardagsobjekta ho presenterte i filmen kunne føre til hennar død. Tvangstankar satt i system. Det var noko med aksenten saman med dei tilsynelatande harmlause objekta som for meg gjorde den meir morosam enn alvorleg. Men sjølv om verket framleis oser av ein nostalgisk tidleg-2000-tals estetikk, så slår alvoret meir inn i meg i møte med verket no. Både når det gjeld den indre valden som er sjølvpåført og den ytre valden som er påført av andre. For dei eldre verka vidar seg ut i møte med dei nyare verka i utstillinga «Det hun sa».
Tittelen refererer både til noko ein språkleg legg til for å anerkjenne, men og som ein hyllest til kvinner både i kunsten og livet generelt. For kvinne- og klassekamp er kjernen i det Konow Lund har arbeida med i alle desse åra. Eit forsøk på å setje søkelys på dei svakaste i samfunnet, gjennom å belyse urett, men og ved å verdsetje dei som har hamna utanfor.
For det her er inga retrospektiv utstilling eller ein enkel kronologisk gjennomgang av eit langt og solid kunstnarskap. Via ei elegant kuratering av kurator Ana María Bresciani vert det nye og det gamle blanda saman. Og fordi verka innehar dei same grunnleggande verdiane snakkar dei saman, men lagar i utstillinga også nye språk og nye vegar.

Kunstnaren er oppvaksen i Bergen, og gjekk på den katolske skulen St. Paul i sin oppvekst.
Lotte Konow Lund: Bergen alltid Bergen hjem til Bergen (fra "Dagbøkene 2014–16"). ©Lotte Konow Lund/BONO 2025
Lotte Konow Lund har eit allsidig og utprøvande kunstnarskap. Frå videoarbeida tidleg på 2000-talet, til tekstarbeid, djupneintervju og samtalar med kunstnarkollegaer, som professor med undervisning og kurs som strekk seg frå KHiO til Bredtvet fengsel og forvaringsanstalt, til trykk og skulptur, til maling og teikninga som heile tida har vore sentral.
I teikninga Solitude for Many er tid, rom og narrativ fletta saman til eitt. Ei naken kvinne dusjar, det renn ei svart og klebrig masse av ho. Ved sidan av opnar ei kvinne munnen, medan det renn blod nedover ansiktet hennar. Ei anna prøver å vegre seg frå blodet som fossar ut av ei kvinne som ligg med strupen skjert over. Det er kvinner som stupar og fell ned i ein svart avgrunn. Hengte kvinner på rad og rekke med underkroppen skjært vekk. Ei kvinne prøver å rømme frå fire menn som held ho fast, medan dei klipper av ho håret. Det er grotesk og uverkeleg, samstundes som det er heilt reelt. Kvinnevald og kvinnedrap. Det her er vår verd og vår samtid ho skildra.
I neste rom møter eg ei stor raud fane som ber bod om sosial endring og kamp, men når ein kjem nærare står det brodert med lita skrift «freedom is to hold my sleeping daughter». Sitatet kjem frå ein av dei innsette i fengselet der Konow Lund arbeidar frivillig. Ein appell og ei bøn frå eit menneske som lev på sida av samfunnet.

KODE, Bergen. Fra utstillinga «Det hun sa» av Lotte Konow Lund. Detalj, innside 2.66, 2014 © Lotte Konow Lund/BONO 2025. Foto: Dag Fosse/KODE
Men dei aller sterkaste verka var for meg dei to som omhandla 22. juli. Med dei verka tørr ho å gå inn i traume både med morsblikket, men og med varsame hender som seier noko universelt om sorg.
Etter terrorangrepet byrja ho på arbeidet med «66 minutter». Ho spurte dottera si om kva ho hadde trengt for å vere musestille i 66 minutt, tida det tok terroristen å drepe 69 menneske på Utøya. Saman innreia dei eit hemmeleg rom.
Når ein ser dei to identiske skulpturane i rommet ser dei ganske kjedelege ut, men når ein kjem nærare ser ein at den eine har eit innvendig rom, akkurat stort nok til å skjule ein ni-åring. Innsida er prega av gråtonar som ein svart/kvit film, men rommar likevel ei mjuk dyne, ein bamse, små leikar, teikneseriar og bøker. Verket var første gang vist på Henie Onstad Kunstsenter i utstillinga «Vi lever på en stjerne» (2014). Eg kjenner ein fysisk reaksjon i kroppen i møte med verket, tårene renn. Instinktet etter å beskytte dei, kle dei i rustning. Men i staden for møter mjuke, små kroppar harde kuler, då og no.

«Tittelen «Løfte, segne, bære, holde, legge» vise til sjølve bevegelsen i verket. Som om tre par med hender held om ein usynleg kropp.» KODE, Bergen. Fra utstillinga «Det hun sa» av Lotte Konow Lund. Foto: Dag Fosse/KODE
I neste rom heng det tre par hender støypt i bronse frå taket. Dei tre held om ein usynleg kropp. Tittelen «Løfte, segne, bære, holde, legge» vise til sjølve bevegelsen i verket. Referansen kjem frå den katolske biletverda, som er kjend for Konow Lund som er oppvaksen som katolikk. Det kan både spele på «Pieta» (Maria som held sin døde son i armane) og Jesus som vert løfta ned frå korset. Ho peikar, referera og lånar frå kunsthistoria, men og frå vår felles kulturhistorie.
Ei mangefasettert utstilling
Lotte Konow Lund samanliknar også den fysiske bevegelsen med sorga sjølv. Korleis ein tek i mot sorga, held den tunge børa, før ein sakte og forsiktig legg den frå seg. Verket seier noko universelt om sorg. Hendene som grip om ein kropp som ikkje lenger er der. Den tunge og usynlege børa av sorg.
I eit av dei nyaste verka møter vi sovande og kvilande kroppar. Eit par føter, ein mjuk mage, kvilande hender. Veggen som er dekka av desse kvilande kroppsdelane er som ei vibrerande, sovande, pustande dyne. Som vi på slutten av den sterkt engasjerande utstillinga får lov å kvile i.