Babel til større lokalar i 2025

I 2025 inntar Babel gymbygget i gårdsplassen til LKV. Foto: LKV

Babel visningsrom for kunst i Trondheim kan endeleg spreie vengjene sine og flyttar neste haust inn i nye romslege lokale i form av ein gammal gymsal. Petter Buhagen, kunstnarisk leiar for Babel, fortel om flyttinga, kunsten og framtidsplanane. Og ikkje minst om den aller siste utstillinga i dei noverande lokala. 

Frå dugnadsbasert galleri til profesjonell visningsstad  
Babel visningsrom for kunst i Trondheim har vore ein del av Lademoens kreative og pulserande miljø i mange år. Det vart i si tid etablert av ei gruppe kunstnarar frå stiftinga Lademoen kunstverksteder (LKV) i 2006. Frå si adresse i Mellomveien 4 har det kunstnardrivne samtidsgalleriet hatt eit variert program av separat- og gruppeutstillingar, gjestekunstnarar frå residensprogrammet ved LKV og fleirfaldige tverrfaglege prosjekt og samarbeid. I løpet av dei over 18 åra i noverande lokale har det vore rundt 230 utstillingar av lokale, nasjonale og internasjonale kunstnarar. Frå å ha vore eit dugnadsbasert galleri har det vorte ein profesjonell visningsstad. Og i 2025 skal Babel flytte til større og betre lokale, inn i LKV sin gymsal.  

LKV er lokalisert i gamle Lademoen skule frå 1906. Bygget har 42 atelier, tre prosjektrom og fire fellesverkstadar for tre, metall, grafikk og foto. I eit intervju med Kunstavisen, fortel kunstnarisk leiar for Babel, Petter Buhagen, om flytteplanane. 

– Bygget ved sidan av er det tidlegare gymbygget til skulen og inneheld fire leilegheiter knytt til artist-in-residence-ordninga, med ein 160 kvadratmeter stor gymsal mellom dei. Det er i denne gymsalen med seks meter høgde vi skal bygge om til visingsrom, seier Buhagen.  

Petter Buhagen er kunstnarisk leiar for Babel visningsrom for kunst som skal flytte inn i nye lokaler i 2025. Foto: Ingri Haraldsen

Dugnadstimar og avgjerande støtte frå ulikt hald 
Kulturrådet, Trondheim kommune og Trøndelag fylkeskommune er blant dei som har støtta ombygging og flytting av visningsrommet. Utover det, beskriv Buhagen et lappeteppe av søknadsbasert økonomi for å kunne dekke drift og anna finansiering av det nye lokalet.  

– Støtta vi mottar er heilt avgjerande for at vi kan drive Babel som vi har gjort dei siste åra. Men frå oppstarten i 2006 og til dags dato har alle kunstnarane på huset betalt ein månadleg sum til drifta av Babel. På noverande tidspunkt nærmar totalsummen på bidraget seg til éin million kroner. I tillegg er det lagt ned store mengder med dugnadstimar, så det vitnar om ein sterk kollektiv vilje til å vise kunst til publikum.  

Forventningar for kunsten i dei nye lokala  
Som kunstnardrive visningsrom, har Babel ein ambisjon om å vere eit fritt rom, ope for eksperimentering, der kunstnarane får vise det dei sjølv ynskjer utan unødvendig kuratorisk innblanding.  

– Vi håpar jo at kunstnarane som vert inviterte til å stille ut hos oss, vil la seg inspirere og utnytte dei gode romlege kvalitetane i dei nye lokala. Elles kjem vi til å behalde grunninnstillinga og strukturen vår frå tidlegare, der vi ynskjer å fremje kunstens og kunstnarens autonomi, avsluttar Petter Buhagen.  

Siste oppleving av kunst i dei noverande lokala 
Men akkurat no kan ein oppleve den aller siste utstillinga på noverande plassering, der kunstnar Rina Eide Løvaasen viser lyd- og videoverk, og eit pågåande prosjekt som består av ein digital jacquardvev som har vorte malt og brodert etter at den vart produsert. Løvaasen har reist rundt på ulike stader som var i ferd med å forsvinne for å spele inn performance, og frå alle desse ulike stadane har ho plukka med seg steinar som vert viste i visingsrommet.

Babels gym før oppussing. Foto: LKV

    Stikkord