Ny kuratorfestival til oljebyen Stavanger

Kuratorduoen Pierre-Alexandre Mateos og Charles Teyssou

Kuratorduoen Pierre-Alexandre Mateos (t.v.) og Charles Teyssou invitera ei mengde med nyskapande kunstnarar, tenkarar og aktivistar til å tenke nytt gjennom kuratorfestivalen Stavanger Secession. Foto: Hugues Laurent 

Det fyrste kapittelet av det som skal bli ein årleg kuratorfestival i Stavanger står på trappene. Gjennom eit fyldig program og ei utstilling som flettar inn og hentar inspirasjon i frå måleria til Lars Hertervig, invitera kuratorduoen Pierre-Alexandre Mateos og Charles Teyssou ei mengde med nyskapande kunstnarar, tenkarar og aktivistar til å tenke nytt.

21. juni 2024 opnar den fyrste utgåva av kuratorfestivalen Stavanger Secession. Den franske kuratorduoen Pierre-Alexandre Mateos og Charles Teyssou inviterer kunstnarar, musikarar, filmskaparar, forfattarar, aktivistar, tenkarar og arkitektar til eit offentleg og byomfattande program for å utforske det avantgarde og nyskapande. Dei ynskjer at det skal vere ein fusjon som blandar ulike retningar og disiplinar. Men også løfte Stavanger som ein leiande kulturdestinasjon og auke samarbeidet med kunsthistorikarar og kuratorar med base i Noreg, men også i andre delar av verda.  

Inspirert av fjerne stadar 
Kuratorduoen står mellom anna bak Conversations-programmet til Art Basel by Paris+. Men Kuratorfestivalen skal vere inspirert av avantgardiske møtestadar som Black Mountain College i USA eller Monte Verità i Sveits. I Noreg og Stavanger er den dramatiske naturen, og kontrastane mellom den lyse sommarnatta og det langvarige mørket noko av det som var appellerande for kuratorduoen.   

– Vi har både eit reelt landskap, eit mytologisk landskap og eit mentalt landskap. Gjennom Stavanger Secession ynskjer vi å problematisere byens kulturelle og industrielle historie og samtid, seier kuratorduoen til Kunstavisen.  

Når ein samlar kloke og kreative hovud til Stavanger, og ber dei samstundes å diskutere spørsmål rundt miljø, natur og landskap. Korleis er det kompatibelt når ein er plassert midt i den store oljebyen i oljenasjonen Noreg?  

– Det er heilt naturleg og sjølvsagt at vi ser på oljebyen Stavanger med eit kritisk blikk. Vi ynskjer å adressere dei mørke sidene ved oljen, og sjå på oljen i all sin kompleksitet. Men vi ynskjer også å diskutere korleis industrien knyter det heile saman, og korleis vi blandar anekdotar og visjonar kring det mytologiske norske og skandinaviske.  

Stillbilete: Scott Barley, «Sleep Has Her House», 2017.

Stillbilete: Scott Barley, «Sleep Has Her House», 2017. I ein utstilling på Stavanger Kunstmuseum går walisisk filmskapar og kunstnar Scott Barley den norske romantiske malaren Lars Hertervig i møte. Foto: Scott Barley

Å lausrive seg 
Tittelen på kuratorfestivalen, Stavanger Secession [red.anm., secession: lausriving], spelar på det å lausrive seg. Kva ligg eigentleg i det?  

– Å lausrive seg er å frigjere seg frå klede som er herda av vane. Vi ynskjer gjennom festivalen å diskutere og opne opp for handlingar som gjer at ein kan lausrive seg frå verda, frå eit miljø eller ein stivna realitet. Prosjekta spenner frå å setje spørsmål ved ulike kunstretningar, til politiske dimensjonar og til å utforske og bryte opp eit sett med system. Vi vil sjå på korleis det er å stå på utsida, og verdien i det.  

Barley møter Hertervig 
Eit hovudelement gjennom Stavanger Secession vil vere Lars Hertervig, ein kunstnar som med sine mentale utfordringar verkeleg levde eit liv på utsida av samfunnet. På Stavanger Kunstmuseum vil den walisiske filmskaparen og kunstnaren Scott Barley gå Hertervig i møte.  

Barley er kanskje mest kjend for sine verk som kan assosierast med retninga «slow cinema». I filmane hans kan ein finne parallellar til romantikken, for her kan ein finne både lys i mørke, og det sublime og storslagne. Men alt pakka inn i ein digital kontekst av natur, mørke og mystikk i eit roleg og seigt tempo.   

Ein festival for alle 
Ein kuratorfestival med ein samling av tenkarar og kulturutøvarar høyrest unekteleg smalt ut? Kven er festivalen for?  

Stavanger Secession skal vere for alle! Både dei to intensive dagane med mellom anna paneldebatt, filmvising, samtalar og performance 21. og 22. juni. Men også det vidare utstillingsprogrammet som visast utover i juli månad. Det fine er at programmet er gratis, og viser både lokale og internasjonalt anerkjende kunstnarar som Lili Reynaud Dewar, Bjarne Melgaard, Yngve Holen og Jone Kvie. Vi tar i bruk store delar av Stavanger by og har samarbeid med institusjonar som Stavanger Kunstmuseum, Norsk Oljemuseum, TOU Scene og Galleri Opdahl.  

    Stikkord