Rot og misnøye rundt Nordnorsken

Pia Sundt Bjørlie, «Soft Objects», 2022

Pia Sundt Bjørlie, «Soft Objects» (2022), bomull vatt og kaffe. Installasjonsfoto frå den omreisande regionsutstillinga Nordnorsken 24. Foto: Bodø Kunstforening

Kunstnarar reagerer på manglande kommunikasjon, antatt kunst som ikkje vert vist og utdaterte nettsider i tilknyting til den regionale kunstutstillinga Nordnorsken 2024. 

I Noreg har vi nasjonale årsutstillingar som Høstutstillingen og Norske Kunsthåndverkeres Årsutstilling, men også regionale årsutstillingar som er fordelt utover landet som Østlandsutstillingen, Sørlandsutstillingen, Vestlandsutstillingen og Trøndelagsutstillingen. Og heilt nord har vi Den Nordnorske Kunstutstilling, mest kjend under namnet «Nordnorsken». Det er ei turnerande landsdelsutstilling for kunstnarar med tilknyting til Nord-Norge, men som no er i hardt vær. 

Mangelfull og sein informasjon
Bodø Kunstforening er arrangør for denne 78. utgåva av Nordnorsken, mens det er Nordland Fylkeskommune som i hovudsak står bak finansieringa av den regionale utstillinga, og Norske Kunstforeninger som gir fraktstøtte til sjølve turneen. Arrangøren sjølv delar kortfatta informasjon om landsdelsutstillinga på si eiga heimeside, og viser til opninga i Bodø den 27. januar og at utstillinga no er framme i Leknes. Men på Nordnorsken si nettside er det ingen informasjon om utstillinga i år, der viser nettsidene den same informasjonen som den gjorde i 2023. Dette har mellom anna vakt reaksjonar på sosiale medium, der fleire etterspør informasjon og bilete av utstillinga. Bak kulissane har det vore eit anna sett med utfordringar.

Hedda Kristine Bremseth er ein av kunstnarane som er svært kritisk til den manglande og ufullstendige kommunikasjonen frå arrangørane bak Nordnorsken 2024, som opna på Bodø kunstforening den 27. januar. Bremseth fekk i utgangspunktet antatt to verk til den regionale utstillinga, eit videoverk og ein performance. Performancen var i utgangspunktet ynskja som ein del av programmet for opningsdagen, men med eit forbehald om at ein fekk innvilga støtte til produksjonen. 

I etterkant har informasjonen i følge Bremseth vore svært mangelfull, og verken søknaden eller performancen vart noko av, på tross av at Bremseth ynskja å hjelpe til med både søknadsskriving og var villig til å framføre performancen på eit seinare tidspunkt i utstillingsperioden. 

Det er også ei uro for visningshonoraret for verka som skulle bli vist, på tross av at det i vedtektene står oppført at alle utstillarar «skal fortrinnsvis sikres utstillingsvederlag etter gjeldende satser».

Kunstnar Hedda Kristine Bremseth (t.v) med deltakar i performancen «Du skal tåle mye» som opphavleg skulle vore framført på opningsdagen av Nordnorsken. Foto: Tobias Liljedahl  

Antatte verk ikkje viste
Søndag 12. mai fekk Bremseth saman med tre andre kunstnarar innafor kategorien «film/performance for video/video» ein e-post med beskjed om at etter demonteringa i Bodø kunstforening hadde dei to neste utstillingsstadane ikkje lokale som eigna seg for videoverk, og ville difor ikkje bli vist. E-posten kom i frå Yngvil Riise som vart tilsett i mars 2024 som dagleg leiar ved Bodø Kunstforening. 

Verka skulle etter planen bli vist på Rana kunstforening i Mo i Rana frå 4. april og Meieriet kultursenter i Leknes frå 11. mai som ein del av turneen, etter at den hadde blitt vist i Bodø. Då beskjeden kom hadde allereie utstillinga vore i Mo i Rana utan at kunstnarane hadde fått informasjon om at verka deira ikkje hadde blitt vist. 

Kulturkonsulent Trond Handberg i Vestvågøy kommune er tilknytta Meieriet kultursenter og har arbeidd med koordineringa av Nordnorsken. Han seier i ein e-post til Kunstavisen at ønske om å ikkje vise videoverk ikkje kom i frå Meieriet.

 – Vi i Vestvågøy kulturenhet har aldri ytra at Meieriet kultursenter ikkje høver seg for visning av film/performance for video/video. Slik visning har vi hatt fleire gonger i samband med tidlegare utstillingar, og det har vi også moglegheit til i den 78. utgåva av Nordnorsken.

Vebjørn Hagene Thoe

Vebjørn Hagene Thoe vant Juryens pris for sitt verk «Mausoleum» (2022). Foto: privat

Beskjeden fekk også fleire av kunstnarane til å reagere kraftig. Vebjørg Hagene Thoe viser til at ho ved fleire anledningar har vist videoar ved visningsstaden Meieriet Kultursenter, på utstillingar der ho har vore ansvarleg. Kunstnaren fekk i år Juryens pris for biletveven Mausoleum (2022). 

– Gleden over å vise mitt verk blir redusert når jeg vet at flere kolleger ikke får vist sine verk, seier Hagene Thoe, som gjentatte ganger har bedt daglig leder og styreleder å rydde opp.  

Kunstnar og filmskapar Karl Ingar Røys er ein av kunstnarane som er ramma av situasjonen. Han er sterkt kritisk til behandlinga frå arrangørane, som han kaller respektløs.

– Alt viser til ein total mangelfull planlegging og utføring av ei viktig landsdelsutstilling, og ein total manglande respekt for deltakande kunstnarar, og kanskje særskilt dei som arbeidar med film og video. 

Rita Lekang, styreleder Bodø kunstforening
Rita Lekang, styreleder Bodø kunstforening

Riise forklarar at foreininga tidvis har vore utan ein dagleg leiar sidan juni i fjor. Ho visar til styreleiar Rita Lekang, som beklagar til kunstnarane på vegner av kunstforeninga.

­– Vi skulle sjølvsagt informert kunstnarane om problema med å vise verka på enkelte utstillingsstader med ein gong. Dette fekk vi gjort for seint, noko eg nok ein gong må beklage. Alle kunstnarane, også dei som dessverre ikkje fekk vist verka sine under delar av turneen, får visningshonorar.

    Stikkord