Eksplosivt personleg

Avgang UIB KMD 2024

this is personal — Masterutstillingen 2024. Installasjonsbilde fra Bergen Kunsthall. Foto: Clara Siliprandi de Azevedo Marques

Årets avgangskull på Kunstakademiet ved Fakultet for kunst, musikk og design i Bergen inviterar til utstillinga this is personal som oppleves som nyskapande, fargerik, variert, intimt og personleg. 

BERGEN
Bergen Kunsthall
this is personal – Masterstudentenes avgangsutstilling 2024, Kunstakademiet i Bergen
Kunstnarar: Ylva Teigen Aas, Anine Aasen, Souf Alon, Susanna Antonsson, Ali Reza Ashoori, Karl Bird, Trude Bredholt, Marius Eid, Jonas Erboe, Katinka Halland, River Hongjie He, alphie hubbard, Arild Horvei Instanes, Pooyan Jalilvand, Pouria Kazemi, Ebba Kruse, Per-Erik Larsen, Moana Le Meur, Miriam Levi, Madelen Isa Lindgren, Rui Liu, Chloé Malloggi, Sara Cecilie Miran, Sebastian Jensen Mølsted, Masja Katrina Modrow Nødtvedt, Claudia Olsen, Oda Skaathun, Nora Martine Hjelle Strand, Andreas Aicka Thomsen, Ingeborg Tysse, Morten Underbjerg, Frida Agerhus Vikström
Kunstnarisk tilretteleggjar: Michael Stumpf
Står til 5. mai

Masterutstillinga er eit årleg høgdepunkt for kunstscena i Bergen. Ein får sjå kva studentane har arbeidd med dei siste åra og kva dei ynskjer å presentere til resten av verda. Og forhåpentlegvis ta ein kikk ned i ei boblande gryte av kreativitet og energi. Men det er alltid ein risiko for at uttrykket vert sprikande når ein skal setje saman ei utstilling med 32 masterstudentar. Resultatet kan ofte verte rotete og kaotisk, og i verste fall kan verka konsumere kvarandre i eit slags kannibalsk gilde. 

I tillegg har dei i år valt å ikkje ha med ein eigen kurator, men i staden har kunstnaren Michael Stumpf blitt hyra inn som «kunstnarisk tilretteleggjar». Stumpf har arbeidd for at studentane i fellesskap er direkte involvert i produksjonen. Og resultatet er tilnærma perfeksjon, dei har verkeleg brukt kunsthallen sin langstrakte form til sin fordel, slik at verka snakkar med kvarandre på tvers av romma. 

Avgang UIB KMD 2024

this is personal — Masterutstillingen 2024. Installasjonsbilde fra Bergen Kunsthall. Foto: Clara Siliprandi de Azevedo Marques

Eit teppe har klatra opp frå golvet og festa seg til veggen og opninga mellom salane. Overflata liknar eit loddent skjermbrett der eit uryddig og utydeleg landskap brer seg. Utover golvet står det ujamne krukker fordelt i sirlege rekker. Alle med ulike fargar og motiv, det er greske gudinner, olympiske ringar og NIKE sin svosjande logo. Men det er og ein referanse til Barbie, blant nakne, sprintande grekarar og ein hoppande Puma. Alt mala i ein ujamn stil på klumpete vasar, nesten som kunstnaren poengtera den hurtige inspirasjonskjelda. 

På veggen bak heng maleria til Anine Aasen. Ho tek tilbake det dekorative maleriet og gir oss samstundes ein haug med referansar å tygge på. Det knitra som popkorn i hjernen, mens det poppar inn med referansar frå kunsthistoria: Henri Matisse sitt raude rom, der veggane renn nedover sida, og dekoren i tapetet vert levande. Skattekista hans med mønster og tekstil frå alle verdshjørne. Men og den aldrande Harriet Backer med sine vakre stilleben der ho blanda gamle tradisjonar med det nyaste innafor kunsthandverk. Og Aasen miksar og blandar, tekstil og tapet, blanke lotusbollar og lodne garnnøste, tomme vatn-glas og struttande grøne plantar. Alt i eit virvar av tid og rom, der det i midten endar i ein eksplosjon av sprutande og rennande maling, som eit handfast bevis på at det vi møter tross alt er fiksjon. 

Avgang UIB KMD 2024

this is personal — Masterutstillingen 2024. Jonas Erboe, Rest is History, 2024. Foto: Jacob Joshua Kajebe

Det er fleire som eksplodera av nyskaping, farger og energi. Verket Alle jentene mine <3 Kom tilbake til meg! av Nora Martine Hjelle Strand er eit enormt vatt-teppe som dekkar ein heil endevegg. På teppet er det brodert og sydd inn jenter i ulik alder og med ulike uttrykk. Men kven er alle desse jentene? Er dei eigentleg ulike utgåver av kunstnaren sjølv? Er det ei lengt tilbake i tid?

Souf Alon byggjer, gjennom ein langvarig performance som varer heile utstillingsperioden, seg sjølv meir og meir inne i ein sirkel av leire. Ho arbeidar metodisk og meditativt med gjentakande bevegelsar. Utover utstillingsperioden vil meir og meir av kroppen til kunstnaren bli dekka og skjult i kunstverket. Ho opnar opp for ei rekke spørsmål gjennom verket. Kor går grensa mellom kunstverk og kunstnar? Vert kunstnaren ein del av sitt eige verk og er arbeidsprosessen eller det ferdige resultatet det verkelege verket?

Ho arbeider i eit rom med fleire sterke verk, frå innramma pigmenterte lerret til ein enorm rosa tekstilinstallasjon. Den er elegant komponert, samstundes som det er noko kjønnsleg og rått ved den. Ved sidan av strekk ei kald søyle med stålblomar seg mot taket. Der møter ein også Ali Reza Ashoori sin tekstinstallasjon som knyt salane saman gjennom bruk av dei integrerte platene i taket. 

Avgang UIB KMD 2024

this is personal — Masterutstillingen 2024. Ingeborg Tysse, big move, 2024. Foto: Clara Siliprandi de Azevedo Marques

I ei verd av knottar, manualar og kunstig intelligens er det noko frigjerande med å sjå det nære og det menneskelege, som i den såre installasjonen av Frida Agerhus Vikström, med brukte klede «som inneholder spor av kroppslig materiale fra å ha blitt båret på en trans kropp (kunstnerens egen)» – som det står i utstillingsteksten. Men og at det taktile og det handverksmessig stadig er viktig for studentane. Kunst er å forklare og fortolke verda vi lev i på ein ny måte, og kvar og ein av kunststudentane har gjort det på sin måte. Utstillinga viser stor variasjon, frå Oda Skaathun sine surrealistiske verk som minnar om ein notidig Leonora Carrington med sine groteske og eventyrlege figurar, til Sara Cecilie Miran sine knitrande, klukkande og lokkande konkyliar. Mens Miriam Levi sitt videoverk er basert på svindlaren Mary Toft som på 1700-talet overtydde folk om at ho kunne føde levande kaninar. Heile masterutstillinga er ein slik situasjon, der studentane inviterer oss inn i utstillingsrommet for å overtyde oss om å bli ein del av deira univers. Dei delar sine personlege historier og opnar opp for sine erfaringar. Dei former og funderer, lagar narrativ som strekk seg tusenvis av år tilbake i tid, eller som kikar inn i framtida. Dei seier noko om vår eiga samtid, men dei lokkar oss samstundes inn i deira verd, der dei stiller med sine premiss, og eg vert overtydd om både surrealistiske kvinner, ur-blomar og umoglege perspektiv.  

Stikkord