Opp / ned: Eit liv i grafikk
Salen der dei grafiske verka av natur og tre er eit av dei eg likar best
Foto frå utstillinga A Life in Print. Foto: Thor Brødreskift
Utstillinga «Et liv i print» av den tyske kunstnaren George Baselitz er ei imponerande reise gjennom fleire tiår med grafikk. Men får meg også til å stille spørsmålet: Er det her utstillinga vi treng akkurat no?
BERGEN
Stenersen på KODE
George Baselitz
Et liv i print
Utstillingen står til 22. februar 2026
Fiktiv karakter
Når eg forbereda meg til å gå inn i ei ny utstilling har eg nesten utelukkande glede, forventning og spaning i kroppen. Eg gler meg over å få tid saman med kunsten, vandre omkring, tenke, sjå og fundere. Men i dag sit eg halvtimen før slurpande på ein matcha latte og slafsande på ein avokadosandwich som ein anna millenial-klisje, og kjenner aller mest på motvilje.
Kan hende er det verdssituasjonen som har vekka ein i buande motvilje mot kvite, eldre menn med makt og eit utdatert syn på halvparten av verdas befolkning. Kan hende er det hans provoserande kommentarar om kvinnelege kunstnarar. Eller kanskje er eg farga av Rachel Cusck sin roman «Parade» frå 2024 – der ein av dei fire fiktive kunstnarane berre namngitt med bokstaven G, minna om Georg Baselitz. Den fiktive tyske kunstnaren G har snudd opp ned på kunstverda, og provosera både gjennom kunsten og kommentarane sine. Det er fleire fellesnemnarar mellom dei to, men eit interessant aspekt er korleis både den kommersielle suksessen og kritikken som følger i kjølevatnet, stemmer overeins med både den fiktive G og den ekte Baselitz. Eit kompleks forhold han slett ikkje er aleine om i kunstverda, der kunstnarmyten vert ein evig spinnande karakter kring makt og kapital.
George Baselitz har mangfaldige referansar til Edvard Munch i verka sine. Georg Baselitz, 2004. © Georg Baselitz / Photo: Jochen Littkemann
Eit liv i print
Men i utstillinga «Eit liv i print» på KODE i Bergen får verkeleg Baselitz sin grafikk skinne. Stenersenbygget høver godt til Baselitz sin kunst, dei lange linjene mellom dei to store hovuddelane av bygget gjev dei 244 trykka og tre bronseskulpturane rom til å puste.
Her kan ein oppleve Baselitz frå 1964 og fram til i dag. Kuratorane har gjort eit lurt grep når dei har valt å mikse dei ulike årstala i staden for å vise verka i ei kronologisk rekkefølge. På den måten får dei særskilt fram korleis dei ulike motiva er gjentakande og stadig aktuelle gjennom 60 år. Det er nye format, men heile tida går dei same motiva att og vaknar i nye versjonar.
Ein einsam hjortekalv. Georg Baselitz: One Deer (Ein Reh), 1985. © Baselitz Archive.
Frå Nazi-Tyskland til opp / ned kunst
George Baselitz har ei interessant fortid full av kontrastar. Fødd i 1938 i eit Tyskland styrt av Adolf Hitler, som son av ein nazist. Deretter fylgde ein oppvekst i eit krigsherja, kommunistisk Aust-Tyskland der han etterkvart vart kasta ut av kunstskulen han gjekk på. Allereie då hadde han problem med å følge reglar og konvensjonar.
Ørna som eigentleg var ein tematikk som var for tynga av si fortid som nasjonalsosialistisk symbol; Baselitz reiv på eit vis av dei utslåtte nazistiske vengene ved å snu ørna opp ned. For i 1969 snudde Baselitz bokstaveleg talt kunsten på hovudet. Slik kunne vi betrakte linjer og former utan å henge oss opp i motivet. Som Bertolt Brecht si frigjering gjennom sitt episke teater, ville også George Baselitz vise fram kunsten for det den verkeleg var. Han ville vise at kunsten ikkje var verkeleg, men ei avbilding av realiteten, eit objekt og eit verk.
Ein vegg er tildelt ein serie av verk av mor og born snudd på hovudet. Eg synest dei er groteske, ungane som heng dinglande i mora sine armar, ingen nærleik eller kjærleik. Ansiktet til mora liknar ei maske, alvorstynga eller uttrykkslaus.
Baselitz reiv vengene av det tidlegare nazistiske symbolet ved å snu ørna opp ned. Georg Baselitz: Hanoverian Loyalty (Hannoversche Treue), 2010. Foto: Jochen Littkemann © Baselitz Archive.
Eldgamle helleristningar eller ein blødande hjort
Serien med hjorteportrett frå 2021 er spanande og gjev fleirfaldige assosiasjonar. Linjene etsar seg inn i det blanke papiret, som i eit kart eller i eldgamle helleristningar. I dei raude versjonane er det som om hjorten blør, at blodet renn frå kroppen og dei tomme augehola. På motsett side møter blikket to svære verk frå 1985 begge med hjorten som motiv. I det eine ein einsam kalv, i det andre ei mor med mulen tett mot kalven sin. Det same dyret, men over 30 år seinare har dei heilt ulik karakter. Ved å vise den same motivkretsen opp mot kvarandre, viser også kuratorane Baselitz sin ibuande evne til å endre seg tross motivet sin stillstand.
Eit av dei finaste romma er dekka av landskap og tre – det svære og mørke, men innbydande som invitera oss innover eit smalt trakk i skogen som i «Stien» 2008. På motsett side møter vi små, intime landskap som er snudd på hovudet. Det er noko vart og sensitivt i dei. Eg kjenner på den barnlege kjensla av å ligge på ryggen i graset og sjå verda opp ned.
Inspirert av Edvard Munch
Det er også morosamt å spore inspirasjonen frå og til. Som i verket Delt ku med klubber frå 1969, som må vere ein tydeleg inspirasjon for Damien Hirst sitt ikoniske 90-tals verk Mother and Child (Divided) med ei ku og ein kalv delt i to plassert i eit monter fylt med formalin. Men like spanande er det å sjå inspirasjonen som ligg bak Baselitz sin kunst, og då er det kanskje enklast for oss å sjå alle dei tydelege referansane til Edvard Munch. Dei møtast i sjølvportretta av sine aldrande fjes og kroppar. Og i dei manglande føtene til Edvard Munch, berre at det no er Baselitz sine sko som traskar gjennom alleen.
Ein skugge av feil?
I den andre hovudsalen er der dei verkeleg enorme verka er utstilt. Det største er 2.80 høgt og 1.80 bredt og er imponerande både i størrelse og korleis dei i det heile tatt fekk det inn i bygget. I ein mangefasettert serie møter vi kona Elke i profil, ein kvinneleg akt med heva armar, ei naken kvinne med ryggen til oss. I desse grafiske verka er det eit skjeringspunkt mellom det mjuke og det harde. Det er eit lag av noko utflytande og spøkelses-aktig som gjev grafikken liv, men som også mjuknar dei harde kontrastane eg har møtt elles i utstillinga. Men når eg står og ser lenge nok på dei enorme verka byrjar eg å lure... Er det i sjølve verket det utflytande grå som eg likte så godt finnes eller er det ei grå hinne som har festa seg mellom det grafiske verket og glasplata utanpå? For meg verkar det som om det faktisk er ein feil, at det ligg eit lag av kondens eller eit fuktslør mellom verket og glaset.
Foto av George Baselitz frå atelieret hans i 2007, foto: Elke Kern Baselitz
Kvar er Elke i historia?
Og kvar er eigentleg samarbeidspartnar og kona Elke i denne historia? Ho dukkar opp på fleirfaldige billedflater gjennom heile kunstnarskapen hans og gjennom heile utstillinga. Men i narrative som vert fortalt er ho Baselitz’ muse og ikkje noko anna. Sjølv om det er sagt at Elke arbeida med å trykke grafikken heilt fram til 80-talet.
Utstillinga er rikhaldig og viser eit spenn på 60 år med grafikk. Den er elegant kuratert, og det er fint å både sjå utviklinga Baselitz har hatt, men også korleis han til stadigheit vender tilbake til dei same motiva. Eg set også stor pris på at eldre kunstnarar vert heidra medan dei endå er i livet. Det er endelause dømer på kunstnarar som får sin store oppsving etter sin død, men Baselitz har aldri vore ein del av den gjengen.
Baselitz er ein kunstnar som vaks opp i eit krigsherja land, og det bekmørke finn ein att i grafikken hans. Ein kan argumentere for at ein slik bakgrunn kan gjere kunstnarskapen hans endå meir aktuell i dag. Likevel er det noko med historieforteljinga og den manglande viljen til å konfrontere kunstnaren med sine eigne fordommar, som gjer til at utstillinga kjennes i utakt med vår eiga tid.
Kjem eg frå ein anna tidsalder?
Og det får meg til å stille spørsmålet om det her er utstillinga vi treng akkurat no? Er KODE ute av si eiga samtid om det her er hovudsatsinga i 2025?
Eller kan hende er KODE plassert heilt sentralt og tidsriktig, og det heller er eg som kjem frå ein anna tidsalder. Når eg ser meg rundt i vår eiga samtid så kan det kanskje verke slik.