Intervju med direktør og leder for Bergen Assembly, Ingrid Haug Erstad. – Fellesskap kan oppstå sjølv når verda er vanskeleg!

Direktør og leder for Bergen Assembly, Ingrid Haug Erstad. Foto Max Paul

Bergen Assembly har både vorte hylla for sitt internasjonale preg og kritisert for å vere elitistisk og smal. I år famnar triennalen om store spørsmål når dei invitera inn ein arkitekthøgskule, ein palestinsk forfattar og ein indisk miljøaktivist som kunstnariske leiarar. Triennalen fordelar seg på totalt 16 ulike visningsstadar, som omfattar ein litteraturbåt, eit fattighus for kvinner og eit Fiskerimuseum. Og med eit program som rommar eit palestinsk museum, gruppe 66 og godnattsongar over radioen kvar kveld er det mykje å sjå fram til. Kunstavisen intervjuar direktør og dagleg leiar Ingrid Haug Erstad om Bergen Assembly.  

Bergen Assembly  
Triennale, Bergen 
Tittel: på tvers, med, nær 
Opningsdagar: 11.-14. september 2025 
Utstillingsperiode: 11. september – 9. november 2025 
Convenere: Ravi Agarwal Adania Shibli Bergen Arkitekthøgskole (BAS) 

Internasjonal kunsttriennale 
Bergen Assembly er ein internasjonal kunsttriennale som for fyrste gong vart arrangert i Bergen i 2013. I år er det Ravi Agarwal, Adania Shibli og Bergen Arkitekthøgskole (BAS) som er triennalen sine kunstnariske leiarar – eller «convenor» som dei vert kalla. På kvar sitt vis skal dei setje sitt preg på byen og på Bergen Assembly.  

Ravi Agarwal er ein indisk miljøaktivist, fotograf, kunstnar, kurator og forfattar som bur i New Delhi og er grunnleggar av Toxics Link som arbeidar for helse og miljø i India. Han har stilt ut internasjonalt, og er kjend for å arbeide med globalisering og tverrfaglege prosjekt. Adania Shibli er ein palestinsk forskar og forfattar som bur mellom Ramallah, Jerusalem og Berlin. Ho har mellom anna skrive den International Booker Prize-nominerte romanen En liten detalj (A Minor Detail) som handlar om ei palestinsk kvinne frå vår eiga samtid som prøver å finne sanninga om ei historisk hending frå 1949 der israelske soldatar valdtok og drap ei beduinjente. I 2023 vart ho tildelt LiBeraturprisen, men seremonien på bokmessa i Frankfurt vart avlyst grunna krigen mellom Israel og Palestina. Det førte til store protestar og kritikk om bruk av politisk sensur.  

Den tredje aktøren er Bergen Arkitekthøgskole (BAS), som er ein sjølvstendig, privat høgskule for utdanning i arkitektur. Skulen er kjend for sin eksperimentelle praksis, med fokus på berekraft og praksisnær undervisning. 

Kurator eller Convenor?  
De insistera på å kalle desse tre for «conveners». Kva er grunnen til det? Opererer dei på ein anna måte enn ein klassisk kurator?  
–  Eg synes også det er interessant korleis spørsmålet vert formulert. Det peikar på korleis enkelte omgrep og format ofte vert teke for gitt som «naturlege». Vi brukar ordet fordi det opnar for nye og generative måtar å arbeide på. Convenoren si rolle kan seiast å vere å utforme ein invitasjon som bringe menneske, praksisar og perspektiv saman, og samtidig gjev plass til at dei som deltar sjølve kan definere si rolle og sin medverknad seier Ingrid Haug Erstad.

P1 Tenthaus i gang med å klargjerast ved Bergen Katedral skole (Katten), som huser The Communist Museum of Palestine. Foto: Stefan Schröder fra Tenthaus. 

Tidlegare kritikk 
Dei tidlegaste utgåvene av Bergen Assembly vart kritisert for å vere for forskingsbasert og smal. Kritikken har også gått ut på at triennalen har vore for lite forankra i lokalpublikummet. Siri Meyer skreiv derimot i sin kritikk i Kunstavisen i 2022 «I år har man erklært festivalen som en teorifri sone som henvender seg til mennesker fra ulike miljøer. Det er bare å glede seg til neste gang». 2022 var også året Bergen Assembly nådde ut til 40.000 besøkande. Kva har årets triennale gjort for å nå ut til endå fleire og då særskilt til byens eige publikum? 

– I år har vi fleire inngangar, både i byen og i programmet. Vi tar kunsten ut i byrommet og møter menneske der dei er. Vi brukar bibliotek, historiske bygningar, kaier og ein litteraturbåt – så vel som gode kunstrom og institusjonar som Entrée og Bergen Kunsthall. Vi gjer ting som folk kan gå inn i på ulike nivå: vere med på ein samtale, lytte på radio heimanfrå, delta i eit verkstad, eller berre kome for å kjenne på stemninga. Alle må ikkje delta på same måte – men alle som ynskjer skal kunne finne ein veg inn. 

på tvers, med, nær  
Årets utgåva av Bergen Assembly har fått tittelen på tvers, med, nær. De seier at de ynskjer at det kunstnariske uttrykket og kunnskapen vert delt framfor å bli vist fram. Korleis løyser de det i praksis? 

– Det her spørsmålet har følgt arbeidet heile vegen inn i årets utgåve. På tvers, med, nær er nettopp ein invitasjon: du treng ikkje å forstå alt fyrst; du kan kome nær gjennom erfaring – dette er sjølvsagt vanskeleg å få til, men også utruleg viktig å forsøke på – vi lever i ei tid der nye måtar å leve og lære saman på er nødvendige. 
 

Gruppe 66. Fotosession Grønnestølen Social Satire Hats & Suits. Konkret Analyse Bergens Kunstforening 1970.  Foto: Arkiv E.Rahlff

– I Bergen Kunsthall går vi i dialog med Gruppe 66. Vi hentar ikkje opp historia for å mimre, men fordi arbeidsmåtane deira fortsett er fruktbare, banebrytande praksisar som hadde fokus på samhandling. Vi viser arbeid og dokumentasjon frå dei legendariske utstillingane dei hadde på Kunsthallen på 60- og 70-talet, og vi lar oss inspirere av metodane deira.  

–  Eit anna døme er Karen Werners Night Air. Kvar kveld kl. 22 forvandlast Kunsthallen til ein radiostasjon. Ein gjest syng ein voggesong på sitt språk, ofte songar som går i arv gjennom generasjonar. Publikum kan låne radioar og lytte frå stova heime. Å skru på heimanfrå og finne frekvensen for å lytte er å vere med; det oppstår nærleik på avstand, gjennom stemma i natta.

En av plakatene til «The Communist Museum of Palestine». 

Eit palestinsk museum i Bergen 
I prosjektet til Tenthaus «Communist Museum of Palestine» vert eit mobilt studio omgjort til eit midlertidig museum og ein stad for samtalar og diskusjonar. Kva rolle håpar de at Bergen Assembly og kunsten spele opp mot vald og folkemord?  

– Communist Museum of Palestine er i seg sjølv ein arbeidsmåte: eit distribuert, omsorgsbasert «museum» som bæres av folk. I Bergen inneber det at heimar, fellesrom og miljø vert vertskap for donerte verk; og at Tenthaus sitt mobile studio står ved Bergen Katedralskole og huser møte, seminar og samlingar om kva kunst kan gjere – og gjere ugjort – i møte med vald i folkemordsskala.  

–  Kunst stoppar ikkje vald, men kan nekte vald det siste ordet: halde erfaringar samla, gje språk til sårbarheit, og gjere solidaritet handgripeleg – i eit klasserom, i ein heim, på ein skule. Bergen Assembly kan bidra ved å sørge for at slike rom faktisk finst, og at dei er opne og trygge. 

Karen Werner: Seijo & Her Soul, 2024. Foto: Siavash Kheirkhah. 

Essensen av årets triennale 
De verkar som de går rett inn i kjerna av uroa mange kjenner på kring den pågåande urolege verdssituasjonen, med krigen i Ukraina og det pågåande folkemordet i Gaza. Stemmer det at det her er essensen av årets triennale? 

–  Assembly er ei samling, ikkje ein tese – så eg vil ikkje nødvendigvis snakke om éin essens. Men ja, vi står i ei uroleg tid prega av brutalitet og det merkast. Det vi prøver på, er å opne for handling og erfaring midt i uroa: å forsøke. Kjernen - om vi må bruke det ordet – er at du kan kome nær, å lære og opne opp gjennom erfaring, og at fellesskap kan oppstå sjølv når verda er vanskeleg avsluttar direktøren for Bergen Assembly Ingrid Haug Erstad.  

FAKTA

Med: Ken Are Bongo og Joar Nango, Susan Philipsz, Koki Tanaka, Jana Winderen ved Bergen Arkitekthøgskole.  
Vikrant Bhise, Marcus Coates, AgriForum: Acts of Re/Collection (tilrettelagt av FICA, med bidrag fra Anga Art Collective, Malavika Bhatia, Ankan Dutta, Sanchayan Ghosh, Gram Art Project, Blaise Joseph, Rashmi Kaleka, Shubham Kumar, Maksud Ali Mondal, Ashis Palei, Bhikari Pradhan, Gopa Roy, Sheshadev Sagria, Niroj Satpathy, Umesh S, og Gyanwant Yadav), Kåre Aleksander Grundvåg, Gram Art Project og Matskogen, Clara Hastrup, Iver Jåks, Sajan Mani, Gruppe 66, Karen Werner, Singing Wells og Karan Shrestha ved Bergen Kunsthall.  
Tomas Espedal, Tora Sanden Døskeland, Leander Djønne, Shahram Khosravi, Lars Korff Lofthus, Maaza Mengiste, Einar Økland, Christine Otten, Elsebet Rahlff, Agnes Ravatn, Philip Rizk, Mohamedou Ould Slahi, Layli Long Soldier, Elin Már Øyen Vister og Hardangerfjord-miljøet på Litteraturbåten Epos.  
Nepal Picture Library: Dalit Archive, Feminist Memory Project, PARI Archive (Grindmill Songs Project) og Skeivt arkiv Bergen på Stranges Stiftelse.  
CLIMATE RIGHTS/INTRPRT på Bergen offentlige bibliotek og MLAG.  
Monica Ursina Jäger på Grand Hotel Terminus, Amundsen Bar.  
Maasai Mbili Artist Collective på Entrée. Floating University på Kristiansholm. Builders’ Hut på Rommet, USF.  
Communist Museum of Palestine og Tenthaus Art Collective på Bergen Katedralskole. Lapdiang Artimai Syiem og, Monica Ursina Jäger på Nonneseter.  
Al Borde på Bergen Assembly Åpent Kontor.  
Jakkai Siributr på Tekstilindustrimuseet.  
Sarah Kazmi og Prabhakar Pachpute på ulike steder i byen  

    Stikkord