Knute i rørsle på KHiO

Installasjonsfoto frå Seilduken II. 
Frå venstre: Alice Davies, Silje Kjørholt, Linda Flø, Sara Skorgan Teigen, Théotime Ritzenhaler.
Foto: Julie Hrnčířová/Kunsthøgskolen i Oslo

Magnetisk leire, VR-briller, tennisballar, tarotkort og ei monumental livmor i keramikk. Det er eit mangfald av materialbruk og innovative kunstuttrykk å bli gripen av på Kunsthøgskolen i desse dagar. Utstillinga AVGANG: The World Is A Knot In Motion står ut veka og er vel verd å vitje.

OSLO
Kunsthøgskolen i Oslo
AVGANG: The World Is A Knot In Motion
Master i medium- og materialbasert kunst, og i kunst og offentleg rom
Kunstnarar: Alice Davies, Almendra Baus Rusiñol, Anastasya Kizilova, Anders Hald, Belén Santillán, Carolina Vasquéz Gonzaléz, Dariusz Stefan Wojdyga, Kaia Weiss, Linda Flø, Magnus Håland Sunde, Nanna Amstrup, Rajat Mondal, Sara Skorgan Teigen, Sayo Ota, Silje Kjørholt, Sofia Nömm, Tamara Marbl Joka, Théotime Ritzenthaler, Victor Kojo Aubyn, Zeke Isendahl

Sted: Indre og Ytre Hage, Katedralen, Biblioteket, Black Box, Seilduken I, Seilduken II, Skylight 
Kurator: Håkon Lillegraven
Står til 9. juni.

Det vi retter merksemd mot, endrar karakter 
Kva er ei avgangsutstilling? Eg spaserer inn på Kunsthøgskolen i Oslo og reflekterer over kva som vil møte meg: Ein kulminasjon av fleire år med hardt arbeid og studiar, intensiv læring og eksperimentering, tvil og pågangsmot. Eit steg fram og kanskje tre attende. Opp att på hesten! Ei feiring av prestasjonar, og ei markering av overgang frå student til profesjonell. Det er ikkje småtteri kurator Håkon Lillegraven har i hendene når han skal setje saman ei utstilling med 20 masterstudentar i medium- og materialbasert kunst, og i kunst i offentleg rom.

AVGANG: The World Is A Knot In Motion, er lokalisert på åtte ulike stadar på Kunsthøgskolen, og eg vel å byrje ute i Ytre og Indre hage. Akkompagnert av lyden frå Akerselva vert eg ståande og betrakte eit verk i serien Skjelettet er ikke alltid inne i kroppene våre, av Kaia Weiss. Med utgangspunkt i ulike typar av infrastruktur oppmodar ho oss med sine kvite vakre røyrskulpturar til å sjå verda med friske auge. Ventilasjonsrøyr er synlege, og vi ser dei overalt, difor ser vi dei ingen stad. Og med bruk av gips, bomullslerret, sekkelerret og armeringsjern, peikar Weiss på at det kan være mykje poesi i det kvardagslege. Det vi retter merksemda vår mot, endrar karakter, tenkjer eg, og går inn. 

Det er god flyt og samanheng i utstillinga sjølv om man må bevege seg mellom rom, bygningar og etasjar. Og det er imponerande korleis kurator Lillegraven har tatt Kunsthøgskulens arkitektoniske og romlege moglegheiter i bruk. Frå venstre: Dariusz Wojdyga, Kaia Weiss. 
Foto: Julie Hrnčířová/Kunsthøgskolen i Oslo

Knyttnevekjensler i Katedralen
Med lyden av den vatntunge Akerselva friskt i øyra, vert Section 333 av Dariusz Wojdyga i Katedralen eit sterkt treff. For her har elva nærast vrengt seg, og alt det menneskeskapte innhaldet, skrotet vårt, har Wojdyga henta opp, sortert og installert på ein visuelt vakker og gripande måte. Systematisert og organisert etter form, farge, fasong, storleik og materiale, ligg spora etter menneskeleg aktivitet arkivert i dialog med arkitekturen i bygget, i nedoverbakke, som elva sjølv. Leverposteiboksar, briller, sko, tennisballar, sykkellåsar, lysestake. Som eit fascinerande vakkert, men samstundes deprimerande trist kuriositetskabinett. På veggen heng kunstsmykke på rekkje og rad, laga av skattar frå elva, og det er naturkrise og håp på same tid. Section 333 traff magen, og eg vandrar vidare: 

I Black Box står Nanna Amstrup sin tankevekkjande installasjon Lacking A Grand Narrative, We Carry Tiny Mythologies, som omhandlar retten til å leve på eigne premiss. Amstrup tek oss med inn i ei parallellverd, inspirert av heimen til den greske gudinna Artemis. Og gjennom utstillingsperioden vil Amstrup spikke piler av tre til Artemis, og inviterer publikum til å bli med. 
Foto: Julie Hrnčířová/Kunsthøgskolen i Oslo

Eit fugleperspektiv
Etter å ha blitt begeistra i Black Box befinn eg meg i biblioteket, klar for mitt fyrste møte med VR-briller. I multimedia-installasjonen The Flight’s Echo kombinerar Carolina Vásquez González keramikk med VR, og eg fekk være fugl i eit brutalt liv-død møte med eit fly. Som VR-nybyrjar tykte eg det var noko vanskeleg å manøvrere kroppen med desse brillene på. Men den kunstneriske intensjonen er sterk og tydeleg.

Utstillingstittelen The World Is A Knot In Motion er henta frå forfattaren Donna Haraway, kjend for å nytte science-fiction til å fabulere over framtidige materielle verkelegheiter. Og det er nett dette González grip tak i der ho bruker teknologi for å tilby ikkje-menneskelege perspektiv. 

I Seilduken I står gallerirommet fram som særs reint, fargekoordinert og tiltalande.
Frå venstre: Sofia Nömm, Rajat Mondal, Anders Hald og Kaia Weiss.
Foto: Julie Hrnčířová/Kunsthøgskolen i Oslo

 

Djup vokal og keramiske relieff
Seilduken I er eit forbløffande stramt og visuelt behageleg rom å gå inn i. Her er det store monumentale arbeid, men plass til alle, og utan skrik etter merksemd. Eit av høgdepunkta er dei to store keramiske relieffa av Anders Hald. Tittelen på det eine, And what doesn’t kill you just makes you crazier er henta frå Nick Cave sin låt Balcony Man, ein song som Hald har spelt på repeat medan verket har blitt til. Det får meg til å tenkje på Gustav Klimt som måla sin Beethoven Frieze basert på Beethovens 9. symfoni. Og nyleg har forskarar undersøkt om kunstverk som er inspirert av eit bestemt musikkstykke innehar noko ekstra som forsterkar den estetiske opplevinga. Og eg vart difor freista til å la Cave sin djupe vokal klinge gjennom AirPodsene. Tilførte det ein ekstra dimensjon? Cave til side, det var dei glatte og røffe flatene til Hald som fanga meg. 

Og på veg ut av rommet skvett eg litt av Kaia Weiss sine ventilasjonsrøyr igjen. Synlege men usynlege. 

Med generelt lite fargar i avgangsutstillinga, så stikk perlene i verket Wrest av Sayo Ota seg fram i Seilduken II. Og små objekt kan verkeleg fortelje store historier! Perlearbeidet inngår i ei forteljing om gåveborn og spiralkampanje, ein tematikk som treff magen. Knyttnevekjensle atter ein gong.
Foto: Julie Hrnčířová/Kunsthøgskolen i Oslo

Kun kort tid att
I det eg forlèt Kunsthøgskulen tek eg hatten av for kurator Lillegraven som har gjort ein makalaus jobb med å setje saman ei saumlaus og harmonisk avgangsutstilling. Og det blir spanande å fylgje alle desse kunstnarane i framtida, der dei på ulikt vis vil bidra på det nasjonale og internasjonale kunstfeltet. 

Ei utstilling, som sagt, verd å vitje, men vær rask, den står berre til 9.juni.

Og plutseleg ser eg vakre ventilasjonsrøyr over alt.

I det øverste utstillingsrommet, Skylight, heng er rekkje sjal stille og roleg på veggen. Brunt, gult, rosa, lilla, beige. Aleine, sydd saman, eller knytt med kjærlege knutar. Strikka av opprekksgarn på heimelaga strikkepinnar. Art and Witchcraft Department: Shawl Meditation  av Anastasya Kizilova imponerer både med konsept og visuell presentasjon. Ein kunstnar å fylgje med på videre! 
Foto: Julie Hrnčířová/Kunsthøgskolen i Oslo

Denne anmeldelsen er en del av Kunstavisens prosjekt: Kunst og unge stemmer. Prosjektet støttes av Sparebankstiftelsen DNB.

    Stikkord