Løyndomar i porselen og tre

Porsgrund Porselænsfabrik vart grunnlagt i 1885, og porselenet er framleis ein svært viktig identitetsmarkør for Porsgrunn by. Fleire av arbeida til utstillinga ARKANUM har Irene Nordli laga på Porsgrunn porselensverksted 1400 grader. Foto: Håvard Johansen

 

Kvitt gull, tre og innvollar. Både noko kjent og noko ukjent. Keramikar Irene Nordli har med utstillinga ARKANUM skapt ein vakker installasjon i Kunsthall Grenland. Eit rom som er godt å være i, - og eit rom man kan bli værande i.

PORSGRUNN
Kunsthall Grenland
Irene Nordli
ARKANUM
Utstillingen står til 17. mars

Selfie med Venus  
Irene Nordli (1967) vert rekna som ein av dei mest sentrale kunstnarane på den nordiske keramikkscena, og laurdag 20. januar opna ho ei omfattande separatutstilling i Kunsthall Grenland. Nordli har tilknytning til både Porsgrunds Porselænsfabrik og Kunsthall Grenland gjennom masterprosjekt, arbeidsopphald, utstillingar og workshops.

Mitt fyrste møte med Nordli sitt kunstnerskap var utstillinga Keramiske oppløsninger på Kunstnerforbundet i 2019. Og blant bilete lagra på telefonen fann eg att fleire bilete av meg sjølv saman med ein vegghengt liten figur med oppflerra mage, Hengende Venus 3. Eg har ikkje for vane å ta selfie med kunstverka, men Nordli sine arbeid gjorde sterkt inntrykk på meg den gong, og eg var difor ekstra spent på kva som no ville møte meg i Kunsthall Grenland.

I Kunsthall Grenland kan man i desse dagar oppleve Irene Nordli sitt univers av porselen, trestubbar og røter. Foto: Håvard Johansen

Nitti raude røter av tre
På golvet i det store gallerirommet står tolv abstrakte og fargerike keramiske verk. Nokre ligg rett på golvet, og andre kviler på stødige stubbar. Store porselensplater har fått plass på veggane, som i flat form og farge speglar kunstverka på golvet.

Eg vert trekt mot midten av lokalet, der ei mengd krokete objekt heng frå taket, røter av tre. Og det er som om kroppen vil søkje ly under desse hengande røtene. Eg får lyst til å leggje meg ned for å betrakte røtene frå ein horisontal posisjon, og eg legg meg på ryggen. Det er som eit krypinn, eit rom i rommet, og eg kikkar opp på ein stjernehimmel som minner om knoklar, senete kroppsdelar, deformerte hovudskallar, krokete hender og eldgamle rester av levd liv. Raudfargen på dei nitti røtene ser ut som blod. Blodige knoklar. Stjernehimmelen får brått eit anna uttrykk. Eg reiser meg opp att.

Dei mange trerøtene som heng frå taket kastar skuggar på golvet, og gir ei kjensle av eit rom i rommet. Foto: Håvard Johansen

Kvitt gull  
Historia om porselenet byrja i Kina rundt 600-talet, men først på 1800-talet kom porselenet til Europa. Porselenet vart sett på som det finaste materiale innan keramikk, og vart difor kalla det kvite gull. Nordli tek dette historiske materialet, som er både hardt og skjørt på same tid, og utfordrar forventningane om skjønnheit og eleganse.

Arbeidet med skulpturane til ARKANUM beskriv Nordli som ei eksperimenterande undersøking av innside og utside, og av leire og kropp.

Under huda og inn i kroppen
Innvollar, organ, hjarte, lunge, livmor, leire. Nett som om kroppen er vrengt, og eit organisk innhald har falda seg ut i form og fargar. Kanskje det slik Venus ser ut på innsida? Nordli kallar dei keramiske arbeida behaldarar, som hole objekt til oppbevaring av væske, gjenstandar eller massar. Eller kanskje dei inneheld minner og forteljingar? Som tredimensjonale collagar av kroppslege fragment byggjer Nordli opp skulpturane sine lag for lag. Og i møte med behaldarane, på storleik med menneskets torso, er det nettopp dette kroppslege som gir gjenklang hos meg. Assosiasjonane går til Silje Kjørholt sin performance KJ KN KA på Nasjonalmuseet under «Norske Kunsthåndverkeres Årsutstilling 2023». Og til korleis kropp og leire, leire og kropp, kjemper og knar, og saman leitar etter vegen til noko fullført og ferdig.

Nokre av behaldarane ser ut til å ville lage lyd, spele noko, synge noko. Med sjallstykke som veks ut av dei abstrakte skulpturane, kan det likne ein fysisk manifestasjon av sjølve urlyden til porselenet.
Foto: Håvard Johansen

Hemmeleg men heimeleg
Utstillingstittelen ARKANUM kan forklarast med noko som er skjult, ukjend og hemmeleg.

Tenk alle historiene som ligg i det tradisjonsrike materialet porselen! Og Nordli omarbeider det kjende og gjer det ukjend. Eg likar denne dualismen. I eit kvardagsleg materiale står behaldarane forkledde og gåtefulle, med ørsmå spor av den historiske porselensfiguren, og kvar og ein med sin ibuande og skjulte trolldomsliknande forteljing.

Og sjølv om kunstverka stundom gir eit blaff av vår urolege verd, går eg ut av Kunsthall Grenland med ei god kjensle av å ha opplevd eit heilt nytt lite univers av glatte og glinsande flater, og jordbundne stubbar av tre.

Denne anmeldelsen er en del av Kunstavisens prosjekt: Kunst og unge stemmer. Prosjektet støttes av Sparebankstiftelsen DNB.

Stikkord