Spiss øyra – sjå til Skien
Ny lyd på Klosterøya. Med lydskulpturen 1110 tek Skien eit innovativt skritt fram for lydkunst, musikk og komponerte verk i offentleg rom. Foto: Eirin Støen
I Skien har samtidsmusikk og lydkunst fått ein permanent scene under open himmel. Eit akustisk varsko til alle som framleis trur dette feltet høyrer heime i lukka rom.
Klosterøya, Skien
1110
Kunstnar: Eirin Støen
Arkitektur: Dagur Eggertsson, Rintala Eggertsson Architect
Kurator: Lars Mørch Finborud
Bestillingsverk: Anja Lauvdal & Lasse Marhaug, Det myke landskapet
Permanent lydskulptur
1110
Har du nokon gong opplevd ein programmerbar lydskulptur ute i det offentlege rom? Truleg ikkje, med mindre du har vore i Skien den siste veka. For der opna nyleg Nordens fyrste permanente utandørs arena for lydkunst, musikk og komponerte verk.
Eg kom fram til ein tåkelagt by i aggressivt regn og novembermørke. Lydskulpturen 1110 av kunstnar Eirin Støen stod opplyst som ein glødande blåraudlilla paviljong ute på Klosterøya, og lyden av dekk mot klissblaut asfalt smelta etter kvart saumlaust over i bestillingsverket Det myke landskapet.
Kringlyd på Klosterøya
Arkitekturen traff auga før lyden traff øyra. Kvardagsmennesket er visuelt orientert, og om 1110 pirrar publikums nysgjerrigheit på dagtid er eg usikker på. Men i kveldsmørket viser 1110 seg som både skulpturell og tøff – mykje takka vere lyssettinga. Lydskulpturen som er teikna av arkitekt Dagur Eggertsson, har form som ein open paviljong, og 24 høgtalarar er satt opp i eit sirkulært kringlydsystem.
Lyden omsluttar meg i det eg trer inn. Eg vandrar gjennom lyden, former den med steg i grusen, og kjem tett på tonane ved å leggje øyret inntil ein av søylane. Anja Lauvdal og Lasse Marhaug er to store namn i det norske samtidsmusikkfeltet, og i bestillingsverket Det myke landskapet kombinerer dei bakgrunnane sine frå jazz, improvisasjon, støymusikk, eksperimentell og elektronisk musikk. Komposisjonen går i loop på dagtid, sju dagar i veka. Og korleis det let? Det skal eg kome attende til.
1110 er utstyrt med 24 høgtalarar plassert i eit sirkulært kringlydsystem. Lyden når publikum frå alle kantar og skapar ei romleg lydoppleving. Foto: Eirin Støen
Frekvensar i friluft
Ideen om ein lydskulptur byrja som eit initiativ av kunstnar Eirin Støen i 2017, og har sidan vakse frå å vere eit lite temporært prosjekt, til å bli både omfattande og nyskapande. Prosjektet er realisert i samarbeid med Skien videregående skole og Spriten Kunsthall, og framstår solid lokalt forankra, samt klokt tilpassa omgjevnadene både fysisk og akustisk. Musikk og lydkunst i friluft har ein uforutsigbar og mangfaldig lyttarkontekst, prega av tid på døgnet, ver og årstid. Og vert påverka av ustabile lydkjelder med ulike frekvensar og styrke, som maskinstøy, bjeff eller barseltreff. Det får meg til å tenkje på John Cage. Han meinte at lyttaren bør møte lydar som «turistar», med eit ope og åndeleg «fattig» utgangspunkt. På den måten kan man oppleve både kjende og ukjende lydar på ny måte kvar einaste gong, meinte han. Eg er aleine på Klosterøya denne kvelden, og set meg ned og lyttar.
Regndråpeduettar i vått og mykt landskap
Dei akusmatiske lydane av Skien, dei lydane eg ikkje ser kjelda til, glir inn i verket til Lauvdal og Marhaug, og vert ein naturleg del av det. Synlege lydkjelder finn også sitt samspel, slik som duetten mellom kveldens regndropar og rytmeseksjon. Eller som det passerande toget, som først fann ein pitch å legge seg på, før det køyrde ut av synsfeltet, i ein diminuendo unisont med musikken. Eit surrealistisk visuelt og lydleg samantreff. Etter om lag ein halv time hadde eg lytta meg rundt, og var inne i ein ny loop. (Eit ynskje til infoplaketten: Oppgi gjerne varigheit.)
Det myke landskapet er eit verk med mange lag , og som vekker mange kjensler. Det er rytmisk fengjande element over mørk drone, leikne melodiske fraser, optimistisk kromatikk og dystopisk elektronikk. Det er klangar som minner om både hammondorgel og theremin, og om grashopper og sirissar. På eit tidspunkt sveivar ein nostalgisk speledåseklang meg inn i ein tivolikarusell, sitjande på ein hest, -til minner frå tusen tidlegare snurr. Rundt og rundt i suggererande driv, brått over i ei sakral stemning, avløyst av morsesignal og knitre-elektronika. Knalltøft, rett og slett. Og du, - Det myke landskapet finst ikkje på Spotify, men på ein plattform på Klosterøya.
1110 vil ikkje berre bringe samtidsmusikk ut til eit nytt publikum, men også vere musikkhistorieforteljar ved å spele verk av komponistar som Kåre Kolberg og Arne Nordheim. Og ikkje nok med det, samarbeidet med musikklinja ved Skien videregående vil gje studentane moglegheit til å få eigne komposisjonar framført. Ei verdifull og framoverlent studiegulerot. Foto: Eirin Støen
Spillerom Skien
Eg hadde fått ei heilt anna oppleving av 1110 i dagslys med stille himmel. Og nett dette gjer lydskulpturen unik: Verket er alltid i endring, og tilbyr til kvar tid noko nytt.
Med 1110 tek Skien eit innovativt skritt fram for lydkunst, musikk og komponerte verk i offentleg rom. Timinga er samstundes snodig presis: Etter åtte års arbeid opnar 1110 på same tid som NRK legg ned Spillerom, statskanalen sitt einaste nisjeprogram for samtidsmusikk. Sjå til Skien, og la dykk inspirere av deira daglege samtidslyd i loop!
Fakta om kunstprosjektet
1110 er ei permanent lydskulptur på Klosterøya i Skien, initiert av kunstnar Eirin Støen i 2017, og utvikla i samarbeid med Spriten Kunsthall og musikklinja ved Skien videregående skole. Tittelen 1110 viser både til etableringa av nonneklosteret på øya rundt år 1110 og til det binære talsystemet som ligg til grunn for den digitale teknologien skulpturen nyttar. Lydskulpturen skal presentere eit vidt spenn av lydkunst, frå nye bestillingsverk og eksperimentelle uttrykk, til eldre komposisjonar av norske pionerar innan elektronisk musikk. I samarbeid med Notam er historiske verk av mellom andre Arne Nordheim, Knut Wiggen og Kåre Kolberg klargjorde for avspeling. 1110 skal og fungere som visningsarena for musikklinja ved Skien vidaregåande skule, der elevar skal få høve til å få teste eigne komposisjonar. Kvar komposisjon vert ståande i to til seks veker før eit nytt program tek over, og endrar lydbiletet i både 1110 og på Klosterøya.