Normbrot i 8 etasjar betong

Vanna Bowles, Spriten Kunsthall 2025

Ein «deviant» er nokon som avvik frå sosiale normer, og ter seg på ein måte som ikkje blir sett på som normalt eller moralsk korrekt. © Vanna Bowles / BONO Foto: Istan Virag 

Det er skjørt, spanande og røft. Utstillinga DEVIANT høver til Spriten som hand i hanske, ton-i-ton. Og Vanna Bowles viser på ein formidabel måte kva stadsspesifikk kunst kan være. 

SKIEN 
Spriten Kunsthall 
Vanna Bowles 
DEVIANT 
Utstillinga står til 18. mai 

Normbrot og moral 
Ein liten kropp med fuglehovud ligg på magen, omringa av fem abstrakte skulpturar hengande frå taket. Eg er deltakar i noko som liknar eit ritual, og skulpturane minner om innvollar, eller noko organisk og levande. Er det feiring eller sorg? Søvn eller død?  

I utstillinga DEVIANT ved Spriten Kunsthall har Vanna Bowles 400 varierte kvadratmeter til rådigheit, og fleire av verka er skapt spesielt for anledninga. Gjennom omgrepet «deviant» utforskar Bowles det som er på grensa av kva vi tykkjer er ekkelt og ubehageleg, og kjensler knytta til normbrot og moral.

Vanna Bowles, Spriten Kunsthall 2025

I sentrum av «hjarteveggen» er ei hand som held ei stor hjortebille. Vi har gjerne motstridande kjensler overfor insekt; vi er nysgjerrige observatørar, men samstundes redde for broddar og bitt. Med forstørra overkjevar og tannliknande utvekstar er denne hjortebilla klar til kamp mot andre hannar for å sikre seg paringsmoglegheiter og territorium. © Vanna Bowles / BONO Foto: Istan Virag 

Hjartevegg  
Ein vegg med 18 teikningar og 9 små skulpturar er ramma inn av ei skugge i hjarteform. Teikningane er nærast fotorealistiske, og det er delvis kjende, men vrengde motiv; Thomas tvileren, og Medusa. Er det ein hjartevegg til kunsthistoria sine avvikarar? Eg smiler stort av å sjå teikningar som dette. Bowles briljerer teknisk, der hud liknar hud, og hand liknar hand. Eg studerer teikningane lenge. Dei aller fleste har eit forhold til blyanten, og til det å teikne. Smått mutt av tanken på at blyanten i enkelte tilfelle står i fare for å bli ein raudlista art, mumlar eg: Faen, vi må skrive meir, teikne meir, meir blyant. Bowles sin blyantstrek begeistrar videre gjennom etasjane, og eg likar spesielt godt måten ho teiknar sine teksturerte fjør på skulpturar og masker. Om du vitjar den aktuelle utstillinga, gå tett inntil og studer. 

Vanna Bowles, Spriten Kunsthall 2025

I Tårnrommet treff eg denne skapningen, ein enorm figur, halvt menneske, halvt fugl. Truande i sin storleik, men likevel beskyttande på eit vis, utan at eg heilt klarer å setje fingeren på kvifor. Kanskje er det fordi det er plass til meg under dei svære fuglekløra? © Vanna Bowles / BONO Foto: Istan Virag 

Stadsspesifikt i Spriten  
Spriten Kunsthall sto ekstra høgreist og rak i ryggen denne dagen. I haust fekk nemleg Spriten kniven på strupen av ein rådmann som sette strek over framtida. Men for kort tid sidan vedtok Skien kommune at Spriten får leve vidare i 10 nye år, og jubelen brusa frå betongveggane. Og kva høva vel betre enn ei utstilling som denne, som verkeleg får vist fram dei unike kvalitetane Spriten innehar som visningsstad? Eg går frå det eine fascinerande rommet til det andre og bilstøyen utanfor er der berre om eg opnar øyra. Dei utstilte kunstverka er laga av fragile materiale som papir, pappmasjé og gips, og formspråket er surrealistisk. Halve og heile masker og «drakter» freistar til å både mentalt og fysisk tre inn i Bowles scenografi eller teater. I toppen av tårnet sit fuglemor på kanten av eit stort kar av jern. Ho held vakt over egga sine med eit nærvær som gjer at ein er i tvil om det er ok å ta steget inn.  

Ute lauvast det i li, og fargane er mange. Her inne er alt grått, kvitt, lysegrått, svart, mørkegrått. Trapper, teikningar, trapperom, fuglemasker, torso. Men opplevinga er alt anna enn grå. Utstillinga DEVIANT høver til Spriten som hand i hanske, ton-i-ton.  

Vanna Bowles, Spriten Kunsthall 2025

I toppen av tårnet sit fuglemor på kanten av eit stort kar av jern. Ho held vakt over egga sine med eit nærvær som gjer at man er i tvil om det er ok å ta steget inn. © Vanna Bowles / BONO Foto: Istan Virag 

Avvik og assosiasjonar 
Utstillinga er utan veggtekstar og titlar på verk, og publikum må lage sine eigne narrativ. Bowles ynskjer å gi rom for både lyst, skrekk, sinne, humor og sårbarheit, og koplar gjerne desse kjenslene opp mot seksualitet og kropp. Det store kjensleregisteret kring seksualitet, kropp og lyst dukkar rett nok ikkje opp hjå meg, men utstillinga er derimot ein katalysator for andre kjensler og assosiasjonar. Og eg tenkjer på komponisten Olivier Messiaen, fuglesong og hans Kvartett til tidens ende. På villvettene som jagar Ronja Røverdatter og skrik så skingrande: «Lilla människan....var är hon? Var är hon? Det goda lilla människobarnet». Eg tenkjer på Vanitas, Memento Mori, og på mareritt. På alle accessoirane vi gøymer oss bak, airpods med støydemping, solbriller og SoMe. Og på relasjonsrustninga og skjoldet vi tek på oss. Kvardagsmaska, jobbmaska. Eg tenkjer på Carolee Schneeman, morsrolla, Maman, og om det å ha venger. Bowles sin absurde verd er springbrett for refleksjonar rundt eigne avvik, norm og konformitet.  

Fugl Fønix av daude gror  
Nede på grunnplan att, og noko utmatta. Ikkje av trappetrinn, men av tankerekkjer. Og no ser den vesle kroppen med fuglehovudet annleis ut. Til samanlikning med dei øvrige skulpturane i utstillinga, som er fragmenterte og skjøre, med hule og halve kroppar, ligg denne heil og tung på flat mark. Er det Fugl Fønix, tru? Den mytiske fuglen frå gresk mytologi som døyr i flammane for å deretter gjenoppstå frå oska, som symbol på udødelegheit og fornying? Noko å ta med seg ut til livnande lunder i ei skremmande verd. Nytt liv av daude gror.  

    Stikkord