Bondevakkert og homoerotisk

Oversiktsbilde fra utstillingen Jeg bæres frem til törstig Mand, av Lars Korff Lofthus på Kristiansand Kunsthall. Foto: Bent René Synnevåg

I staden for å subtilt illustrere homofil erotikk forkledd i mytologiske eller tidlause motiv, målar Lofthus historia på ny. I Kristiansand Kunsthall kan man i sommar oppleve fargar og formar frå før i tida, blanda saman med skarp neon og skeiv kjærleik. 

KRISTIANSAND KUNSTHALL 
Lars Korff Lofthus
Jeg bæres frem til törstig Mand
Utstillinga står til 1. september

Nasjonalromantisk og homoerotisk 
Om du forlét handlegata i Kristiansand, går inn dørene til Folkebiblioteket og tek heisen opp til fjerde etasje, finn du ei fengande fargerik utstilling, som eit slags moderne og leikent tablå av 1800-talet anno 2024. Kristiansand Kunsthall satsar på måleriet gjennom heile 2024, og sommarens utstilling Jeg bæres frem til törstig Mand av Lars Korff Lofthus er vel verdt eit besøk eller to. 

Fra utstillingen Jeg bæres frem til törstig Mand av Lars Korff Lofthus i Kristiansand Kunsthall. Foto: Bent René Synnevåg

Eg smilar då det fyrste som møter meg er ein sjokkrosa vegg. Dette er leikent tenkjer eg, der eg vandrar gjennom det store luftige rommet i Kunsthallen. På veggane heng maleri med bonderomantikk og begjær, rosemåling, nakne menn og moderne neon. Det er  nasjonalromantikk og erotikk, og Korff Lofthus let tema og motiv gå over i kvarandre og inn i kvarandre, i ei blanding av nytt og gamalt. 

Med akryl og pigment på store papir målar Korff Lofthus fargerike framskap dekorert med ornament og rosemåling. Bileta heng svevande på veggen festa med klips, og dei opplevast både skjøre og levande.
Foto: Bent René Synnevåg

Heimstad 
Korff Lofthus har atelier i heimbygda si i Hardanger, og det er her han hentar mange av motiva sine frå. Og med heimstadmålaren Nikolai Astrup som ei av inspirasjonskjeldene, går Korff Lofthus i dialog med det norske landskapsmaleriet. Med mjuke penselstrøk, feite linjer, og tynne blyantstrekar målar han same landskap fleire gongar, som i bileta Mot Sørfjorden.  Og eg må peike på eit gjennomgåande meisterleg fargespel, der fargane vi kjenner att frå bondekulturen flyt i hop med duse romantiske fargetonar og utbrot av sjokkmoderne neon. 

Landskapsmåleria vekkjer sterke heimlege kjensler i meg, for sjølv vaks eg nemleg opp i Jølster, midt i Astrup sitt rike. Og både kropp og auge kjenner att Astrup-referansane i Korff Lofthus sine skildringar av naturens ulike stemningar. Akutt vestlandslengt! Vi har kanskje alle ei trong til å knytte identitet til ein bestemt stad?

Ei rotvelte, eit vitnesbyrd om både naturkrefter og sårbarheit. I det treet fell i bakken, ser vi ikkje berre ei ende, men også byrjinga på noko nytt. Som livets syklus av død og atterføding. Rotvelter i Huseskogen (2024). Akryl og pigment på lerret,190 x 320 cm. © Lars Korff Lofthus / BONO 2024
Foto: Bent René Synnevåg.

Karar, kjenger og staup
Utstillingstittelen Jeg bæres frem til törstig Mand har Lofthus henta frå boka «Ølbollerim frå Nordfjord». Ølbollerima vitnar om ein fleire hundre år lang tradisjon knytt til ølbollar, rim og drikkeskikkar. Inskripsjonen finn man kring ytterkanten av ei ølbolle, eller staup og kjenge, som dei også vert kalla, og fortel om både måtehald og fyll, mannsrolla, ritual og samhald. Eg vert fascinert over desse ølbolleskulpturane på kvite soklar. Dei er både folkelege og lyriske, og eg tykkjer det er tøft korleis Korff Lofthus tek folkekunsten inn i Kunsthallen slik, med ein leiken tilnærming til tradisjonen. 

Og ved å setje saman kjenge og kar, peikar Korff Lofthus på både notidas mangfald og fortidas kroppspolitikk. På 1800- talet kunne kunstneriske representasjonar av skeiv kjærleik til dømes være ei framstilling av to tette menn med ryggen til. Men i staden for å subtilt illustrere homofil erotikk forkledd i mytologiske eller tidlause motiv, målar Lofthus historia på ny. Med eit nasjonalromantisk slør over bileta, kler han av karane, vender dei mot oss, framhevar begjæret, og let betraktaren ta del i noko intimt og erotisk. Det er maskulint, mykje hud og mykje hårete bryst. Er det i overkant mange karar utan klede i Kunsthallen? Nei, faktisk ikkje, galleriveggane kler desse kroppane, både visuelt og tematisk. 

Galleriveggane kler desse nakne karane med korpulente kroppar og ølbollar. Kar og kjenge VII. (2024) Akryl og pigment på lerret. 190x160cm © Lars Korff Lofthus / BONO 2024
Foto: Bent René Synnevåg.

Saa danser vi paa Bord & Benk
Den aktuelle utstillinga, Korff Lofthus si mest omfattande separatutstilling til no, viser eit kunstnerskap med ein tydeleg personleg retning, forankra i heimstad og identitet, og rotfesta i folketradisjonen. Samanstillinga av natur, folkekultur og erotikk fungerer knakande godt, og utstillinga er gjennomkuratert og med fin flyt og halebiting. Eg tek heisen ned att til handlegatas folkemengd. På veg ut tenkjer eg det må være gøy å drikke øl frå ei rosa kjenge med gotisk skrift i gull. 

Lars Korff Lofthus, Min runde Væn (2024). Treskjæring, akryl, bladgull og lakk. 50x50x25 cm © Lars Korff Lofthus / BONO 2024.
Foto: Bent René Synnevåg.

 

Denne anmeldelsen er en del av Kunstavisens prosjekt: Kunst og unge stemmer. Prosjektet støttes av Sparebankstiftelsen DNB.

    Stikkord