Av sinne og kjærleik

Frå spritproduksjon til kunstproduksjon: Den gamle spritfabrikken i Skien husar i dag Spriten Kunsthall som med sine mange spesielle rom har ein unik moglegheit til å presentere eit mangfald av ulike kunstuttrykk på tvers av sjangrar. Foto: Stine Gonsholt

Bursdagsselskap, samværssabotasje, mannskor og barnefordeling. Hanne Ramsdal fyller Spriten Kunsthall med lydbølger av både sinne og kjærleik i utstillinga FA(R)EN.

SKIEN
Spriten Kunsthall
Hanne Ramsdal
FA(R)EN
Utstillinga står til 24.mars

Lyden av skilsmisse
Hanne Ramsdal (1974) er utdanna litteraturvitar, og har ein mastergrad i teater frå Kunsthøgskolen i Oslo. Laurdag 2. mars opna Ramsdal sin fyrste separatutstilling i Spriten Kunsthall i Skien, ei utstilling med tre lydinstallasjonar og ein leselounge. I arbeid med auditive uttrykk i rom blir også rommet i seg sjølv ein del av verket, og med sitt industrielle preg og ti meter under taket er Spriten Kunsthall eit spanande lokale for ei utstilling som denne.

Det er fyrste gong eg vitjar Spriten, og mitt fyrste møte med kunstnerskapet til Hanne Ramsdal. Men, ikkje fyrste møte med ein tematikk mange har ei eller anna form for kjennskap til: Skilsmisse.

Foreldra til Ramsdal skilde seg på 80-talet, ei hending som har satt djupe spor og som tematiseres i Ramsdal sitt kunstnerskap. FA(R)EN er ei utstilling om fedre, born og skilsmisser, om sterk lengsel etter far, og om stemma til «den marginaliserte mann». Foto: Stine Gonsholt

Far sin etasje
I Kunsthallens fyrste etasje finn vi to lydverk som begge representerer stemma til mannen.

Lydinstallasjonen FA(R)EN fyller heile rommet med mannskorklang gjennom høgtalarar plassert i både sko og på stativ, og i eit hjørne av lokalet kan man lytte til lydinstallasjonen HVORDAN GÅR DET?/ETTERPÅ med høyretelefonar.

FA(R)EN har eit visuelt oppsett lik ein konsert, med sitjeplassar for publikum, podium til koret, og notestativ til dirigenten. Men til skilnad frå ein konsert kan man i møte med lydkunst sjølv avgjere kor lenge man vil lytte, og korleis man beveger seg i rommet. FA(R)EN byggjer vidare på eit scenekunstprosjektet/korverk med same namn, og Ramsdal har bearbeidet lydopptaket av Birkelunden mannskor si framføring på Høstutstillingen 2018, og gjort dette om til ein lydinstallasjon. Verket er basert på intervju med fedre i etterkant av barnefordelingssaker, og handlar om vanskelege samlivsbrot og samværssabotasje.

«Har barnet det bra, barnet det bra, barne bra, barnebidrag, barnebedrag, bedrag, gedrag, drage, klage, klage, kan ikke klage». Det er ordleik, rytmisk driv og snakkesong, og vi høyrer Trollmors voggesong, karikerte «kvinnestemmer» og fortvila menn. Verket fortel om kvar vi er i dag, og proklamerer høgt om kva som er den rette vegen vidare. Og til trass for ein overtydeleg agenda tykkjer eg verket kommuniserer utan å bli for banalt. Men, eg undrar meg likevel over om lydinstallasjonen av FA(R)EN mister noko i overgangen frå live til lytting?

Lydkunsten er skjør og romkrevjande, og samtaler eller bevegelsesstøy frå publikum kan få kunsten til å både endre seg og forsvinne. Ordet er i sentrum i Ramsdal sine verk, og nokre gongar er det vanskeleg å få med innhaldet sjølv med konsentrert lytting i både rom og høyretelefonar.

Mister korverket FA(R)EN noko i overgangen frå live til lytting? Dette kan man undersøke nærare under finissagen 24. mars, for då entrar det lokale mannskoret GROMS podiet for å framføre det dokumentariske korverket live. Foto: Stine Gonsholt

Høgdemeter til høgdepunktet
Eg går opp trappene frå hovudsalen i fyrste etasje, forbi Mezzaninen med tema-og leselounge, og vidare opp. Raude ballongar på klossar av betong viser veg gjennom dei gamle trappegongane mot Tårnrommet, og til lydinstallasjonen Gratulerer med dagen. Også her er det høgt under taket, og det er overraskande kjøleg i rommet som tidlegare husa dei store tankane med sprit. Ein einsleg klarinett spelar bursdagssongen med rund og mjuk klang, og det kalde Tårnrommet vert varmt. Brått vert lokalet fylt av song, både unge og eldre stemmer, i ein rufsete, rotete og rørande «Hurra for deg som fyller ditt år». På veggteksten les eg at songen er satt saman av opptak frå mange ulike familieselskap Ramsdal har vore i det siste året. Og det man høyrer er lyden av eit «umogleg» og fiktivt bursdagsselskap, der heile den brokete storfamilien hennar er samla på same stad til same tid. Eit verk som treff både hjarte og mage.

Høgdemeter og trappetrinn ga god gevinst, og Gratulerer med dagen står for meg att som det sterkaste verket i utstillinga.

Gå, sjå, lytt og reflekter
Kan man møte skilsmissetemaet utan å la seg påverke av eige levd liv? På kva måte utstillinga vil treffe den enkelte av oss vil sjølvsagt være ulik, anten man er skilsmisseborn, ikkje har personleg erfaring rundt skilsmisser, eller om man sjølv står midt oppi den. Uansett blir man berørt. FA(R)EN er ei relativt lita og naken utstilling med få verk, men med eit stort, sårt og viktig tema. Gå, sjå, lytt og reflekter. Sjølv sit eg tankefull att, grublande over både vakre og vaklevorne familiekonstellasjonar, inkludert mine eigne. Og «det beste for borna» blir med heim frå Spriten Kunsthall, gjennom lyden av herrestemmer, bursdagssong – og ein einsleg klarinett.

Denne anmeldelsen er en del av Kunstavisens prosjekt: Kunst og unge stemmer. Prosjektet støttes av Sparebankstiftelsen DNB.

Stikkord