Er dei gamle alltid eldst?

Oversiktsbilete frå sal 2: Frå venstre: Kåre Henriksson, Nerthus (2000) Olje på lerret 197x146cm, Kåre Henriksson, Utan titel (ca. 2015) Olje på lerret 195x300 cm
Foto: Tor Simen Ulstein 

Kraftfull energi og unge poetiske gråtonar. Måleriet kan uttrykkje det usagte og fange augneblinka som ligg utanfor det talte. I Kristiansand Kunsthall har svenskane siste ord i denne saka for i år.  

KRISTIANSAND KUNSTHALL 
Att fästa bilden i minnet​ 
Kåre Henriksson, Marcus Matt & Nicklas Randau 
Utstillinga står til 24.november.   

Er dei gamle alltid eldst? 
Att fästa bilden i minnet, ein lyrisk og velklingande utstillingstittel! Korleis kan visuelle inntrykk bli fanga og foreviga gjennom måleriet? Dette viser Kåre Henriksson (1957-2021), Marcus Matt (f. 1992) og Nicklas Randau (f. 1989) oss med sølvstift på papir, tempera på plate, akvarell, tusj, blyantleire, og olje på lerret. Dei tre svenske kunstnarane spelar alle på modernismens tradisjonar, men dreg oss samstundes ut av den same båsen og utfordrar kategoriseringa. Modernismen som «merkelapp» vert tydeleggjort ved at utstillinga også er ein del av den nyoppstarta festivalen FRAGMENT, eit samarbeid mellom kunst- og kulturaktørar i byen, forankra i det modernistiske tankesettet. Og i Kristiansand Kunsthall kan vi dei neste månadane sjå korleis personlege minner ordlaust kan bli levande gjennom måleriet. 

Kvite veggar, open horisont
Eg var spent på om eg ville bli møtt av fargar på veggane i Kunsthallen, men var førebudd på at dei truleg ville vere kvite, noko som viste seg å stemme. Men, med sine gigantiske vindaugsflater og svære søyler, er Kunsthallen langt i frå nokon tradisjonell kvit kube. Kvite veggar ja, men med open horisont. Og nettopp denne romlege kvaliteten gjorde at eg tidleg vart trekt imot eit stort grått måleri, «ramma inn» av to grå betongsøyler. Ein wow-plassering. Eg les at kunstnaren bak er Nicklas Randau, og teksten fortel at han skapar verk som er poetiske og dempa. Eg går nærare. Tittelen er The orchestra pit (universe), og no står verket fram som alt anna enn stille. Dei mange nyansane av grått endrar seg til ein slags konvertering av dirigentpinnens bevegelsar til visuelle aktive linjer. Kanskje orkestergrava i sin relativt faste form speglar større universelle samanhengar? Eller er det mikrokosmos og makrokosmos? Tittel til side, eg sporar Randaus rytme og kroppslege nærleik i lerretet, og det er bevegelsar både i bilete og i meg. Men, eg merkar samstundes at det er rommets unike karakter som løftar opplevinga, og ikkje berre måleriet i seg sjølv.  

The orchestra pit (universe) har fått ein høveleg og heldig plassering Kunsthallen. Og du og du som eg elskar dagslys i gallerirom.   
Nicklas Randau, The orchestra pit (universe) (2021) Olje på lerret 184x243 cm
Foto: Tor Simen Ulstein 

Dansande blom 
Når utstillinga i stor grad inneheld abstrakte verk, får eit måleri av ein livleg dansande blom nærast ein monumental kraft med sin gjenkjennelege form, trass sitt vesle format. Biletet med tittelen Dawn, er montert på ein treplate, slik at det står ut frå veggen. Matt arbeider både figurativt og abstrakt, og han kjem ofte attende til dei same motiva. Han integrerer gjerne element frå kunsthistoria, slik som blomen, eit motiv med sterke røter i vår visuelle tradisjon. Blomen kan vere berar av ei rekkje ulike betydingar, frå det estetisk vakre, til det djupt symbolske. Og eg tenkjer på korleis Georgia O´Keeffes framheva blomane i store skala, og fylde dei med både kraft og intimitet. Dawn har også kraft, med sin barnlege glede og raudgrøne dansedrakt. 

Eit anna verk av Matt som gjer meg nyfiken, er Untitled (Letter) I-VI. Bruken av "Untitled" stammar frå modernismen, då kunstnaren ikkje ville påverke betraktaren si oppfatning av det enkelte verk. Men når Matt legg til «Letter», gir han meg ei peikepinn, men utan å diktere ei fullstendig forteljing. Brått finn eg att den dansande blomen, denne gongen teikna med tusj, og eg smilar. 
Marcus Matt, Untitled (Letter) I-VI (2023) 6 teikningar, Tusj på papir, 41x31cm
Foto: Tor Simen Ulstein 

Ballkjensle
Kåre Henriksson har fått heile sal 2 i Kunsthallen som sin eigen arena. Måleria er store og fargerike, og Henriksson vekslar mellom tjukke og tynne lag med måling, noko som skapar overflateeffekt lik ein tredimensjonal kvalitet. Dette er gøy! Penselstrøk og fargeklattar tek meg med på oppdagingsferd i kvar ein krik og krok av kunstverka. Og resultatet av denne lag-på-lag teknikken er altoppslukande interessant når ein går tett på, den gir ei kjensle av å bli dregen inn i ei roterande spiral av fargar og former ein aldri vil sleppe taket i. 

I kunstnerskapet sitt utforska Henriksson samanhengen mellom kunst og idrett, noko eg tykkjer viser seg som både energi og rørsle i måleria hans. Og han brukte ordet «ballkjensle» for å beskrive tilstanden av å finne flyten, være i flowen, og som ein forklaring på den intuitive skapingsprosessen. Dette er ikkje berre kunst til å sjå på, det er kunst å oppleve og dykke inn i, om att og om att.  

I kunstverka til Henriksson dukkar det stadig opp noko nytt. Det er kaos og orden, fargar og repetisjonar, abstrakte former og kjende figurar. 
Kåre Henriksson. Utan titel (ca. 2015) Olje på lerret 195x300 cm
Foto: Tor Simen Ulstein 

Er dei gamle alltid eldst? 
Gjennom heile 2024 har Kristiansand Kunsthall satsa målretta på det norske og nordiske måleriet. Eg likar denne type utstillingsprogrammering, med ein knagg å henge både kunst og kuratering på. Siste utstilling i denne rekkja, Att fästa bilden i minnet​, er altså å sjå i desse dagar: Tre svenskar, to generasjonar. Ein trio med ulik tyngde, og ulik evne til å gjere kunsten interessant. Vel heime og i hus surrar uttrykket dei gamle er alltid eldst rundt i hovudet. Det er noko å diskutere ved ein anna høve, men uansett, Kåre Henriksson står klårt att med det som festa seg i mitt minne.  

Denne anmeldelsen er en del av Kunstavisens prosjekt: Kunst og unge stemmer. Prosjektet støttes av Sparebankstiftelsen DNB.

    Stikkord