Fleirsanseleg og framifrå

Kunstsilo byr på ei fleirsanseleg oppleving med den omsluttande installasjonen VOX av Jónsi.
Foto: Tor Simen Ulstein

Lyd, lys, lukt og vibrasjon. VOX av Jónsi er ei oppleving som festar seg. 

Kristiansand
Kunstsilo 
VOX av Jónsi
Utstillinga står til 12. oktober

Med opne sansar inn i mørket
Kunstsilo bada i varmande vårsol frå klår himmel, medan eg var på veg inn i eit mørklagt rom – til Europapremiera på VOX av Jónsi. Eg hadde lese meg opp og var førebudd. Difor tok eg heisen direkte til fjerde etasje, forbi freistande utstillingar, for å møte den multisensoriske installasjonen med blankt hovud og svoltne sansar.

Jón Þór "Jónsi" Birgisson er ein islandsk kunstnar og musikar, og har dei siste tjue åra bygd opp eit solid kunstnarskap på tvers av disiplinar. Som visuell kunstnar arbeider han med installasjonar og skulpturar i samspel med lyd, lys og lukt.

Eit kunstmuseum luktar skjeldan
Ein skarp lukt treff nasen og viser vegen inn til VOX. Svart golv, svart sitjekasse, og skjermar med dansande lys på svarte veggar. Vrengd vokal omringar meg. Dufta av leire, jord og gras fyller rommet, det er intenst og uvant, for eit kunstmuseum luktar skjeldan. 
 Jónsi er for mange kjend som frontmann i post-rock bandet Sigur Rós, med sitt drøymande, minimalistiske og eksperimentelle lydlandskap. Ved sida av musikk og kunst, har Jónsi i ei årrekkje også arbeidd med duft og parfyme. I eit intervju same dag forklarte han korleis han byggjer duft slik han byggjer musikk - molekyl for molekyl, tone for tone, ein endelaus og einsam prosess. Pipettar med olje og molekyl som skal blandast er eit arbeid utan angreknapp, fortel han. Ein dråpe for mykje, og man må byrje på nytt.

Nyleg las eg at det ikkje står så godt til med luktesansen vår, då den i vår moderne verd har vorte nummen og avstumpa. Før i tida hadde kvart hus si eiga lukt, men i dagens luktfrie heimar og bygg har denne identiteten nærast forsvunne. Ingen sans er så tett knytt til hukommelse og kjensler som luktesansen, og i ein luktfri kvardag mister vi ikkje berre sanseerfaring, men òg tilgangen til dei minna som berre lukta kan vekkje: Eit sniff, og du er attende på kjøkenet til bestemor. VOX utfordrar det luktfrie og steriliserte, og minner meg på å også møte verda med nasen.

Kunstsilo som minnebank?
Dei fire tynne LED- skjermane viser blenkande, flytande lys i rørsle, ei visuell omsetjing av lydbilete til lysfrekvensar. Det er stundom litt i overkant heftig for ein som er lyssensitiv, og eg let blikket kvile i det perforerte taket, der innsida av Kunstsilo blottar seg med sine røyrsystem og lufteanlegg. Poetiske og filosofiske tankar får plass, og eg undrar meg: Kan lyd feste seg i arkitektur? Slik som i industribygg, der vibrasjonar og frekvensar frå maskiner i arbeid kan endre bygningsmateriala over tid, og dermed vere med på å forme bygget sin akustiske signatur. For VOX er kraftfull, lydsterk og sparkar hardt frå seg! Og kva med lukta av gras og eteriske oljer som finn vegen gjennom luftekanalar og sjakter, vil den bli sitjande fast i huset også lenge etter at utstillinga er teken ned? Kanskje blir VOX av Jónsi verande i Kunstsilo for all framtid, som ein del av huset sin duftande og akustiske signatur.

I multisensoriske installasjonar opplev eg ofte det visuelle i sentrum, medan lyd og rom fungerer som støttande og akkompagnerande element. VOX bryt med eit slikt sansehierarki – her er ikkje synet privilegert over høyrselen, eller høyrsel over lukt, men alle sanseinntrykka er likestilte.
Foto: Tor Simen Ulstein

Lyd, djup bass og groove
VOX er latin og betyr stemme, eit ord som kan romme både det konkrete og det symbolske: den menneskelege stemma som klangeleg materiale, men òg stemme som nærvær og identitet. All lyd ein høyrer i VOX har opphav i Jónsi si stemme i stadig nye variasjonar: frå einsam solo til polyfon korsong, frå naturleg vokal, til strekt, rytmisk, reversert og KI-transformert. Klangen av Jónsi ligg som ei drone i rommet, som om det var jordas grunntone.


VOX varer i 25 minuttar, går i loop, og held eit fast grep om publikum. Sitjekassa vibrerer av dei lågaste bassfrekvensane, ei overraskande sterk effekt, og som styrkjer kjensla av å verkeleg vere i verket. Dei rytmiske elementa som dukkar opp gjer det tidvis umogleg å sitje stille. Eg sit tett attåt framande menneske medan rytmen i rommet går frå kaos mot samklang. Sekvensar av identiske rytmemønster oppå kvarandre, men med ulik BPM, får kroppane til å gynge automatisk med. Rytmane nærmar seg kvarandre, og det kjennest som eit kollektivt lettingssukk i det alt landar i ein felles groove. Før dei flyt avgarde igjen.

VOX er fleirsanseleg framifrå. Gje deg tida, og du vil bli verande.

Eg trudde eg var førebudd
Volumet frå dei 52 høgtalarane aukar, lysa pulserer, rytmen strammar seg, pulsen stig, og crescendoen veks i takt med vibrasjonane på sitjekassa. Det er ragnarok, trøyst og urkraft, og eg smakar kunstmuseumstårer for aller fyrste gong.

«I am trying to moove people» fortalde Jónsi.

Etterklangen av VOX sit framleis i kroppen, minnet, nasen og øyra.

Eg trudde eg var førebudd. Det var eg ikkje.

FAKTA

Jón Þór "Jónsi" Birgisson vart fødd i Reykjavík på Island i 1975, og er for mange kjend som frontfigur i det eksperimentelle postrockbandet Sigur Rós, som for tida er på turné i Australia og Europa. Som visuell kunstnar tek Jónsi ofte utgangspunkt i lyd, og skapar omsluttande installasjonar med lyd, lys, lukt og berøring. I over tjue år har han samarbeidd med musikarar, biletkunstnarar og filmskaparar på tvers av disiplinar, mellom anna Doug Aitken, Cameron Crowe, Merce Cunningham, Olafur Eliasson og Carl Michael von Hausswolff, samarbeid som har gitt han både prestisjetunge prisar og stor fagleg anerkjenning. Jónsi har hatt separatutstillingar ved Museum of Old and New Art (MONA) i Tasmania, National Nordic Museum i Seattle og Art Gallery of Ontario i Toronto. I tillegg har han i over 15 år arbeidd med duft og parfyme, og saman med familien driv han parfymeverksemda Fischersund i Reykjavík. Jónsi bur og arbeider for tida i Los Angeles. 

VOX vart fyrste gong produsert for Tanya Bonakdar Gallery i Los Angeles i 2023

    Stikkord