Fleire meter Myren, takk!

Myren Grafikk er 50 år, og i samarbeid med lokale og nasjonale kunst- og kulturaktørar vert grafikk løfta fram som kunstform gjennom eit år fullt av aktivitetar og utstillingar. Kristiansand Kunsthall feirar dette med utstillinga Bravo – Grafikkens år 2025. Foto: Tor Simen Ulstein
Bravo – Grafikkens år 2025 vil fortelje lokal grafikkhistorie, peike på grafikkens mangfald, og i tillegg vere plattform for yngre kunstnarar. Bravo klarer alt dette, nesten utan å bli rotete.
Kristiansand
Kristiansand Kunsthall
Bravo – Grafikkens år 2025
Gruppeutstilling: Andreas Lian, Arild Fredriksen, Bengt Moberg, Hans Otto Minge, Håkon Grønlien, Håkon Henriksen, Idun Baltzersen, Jan Kolstad, Kjell Nupen, Nina Bjørkendal, Tom Lid, Trine Lindheim og Veronica Lund.
Utstillinga står til 23. november
Desentraliser kunsten!
«Ingen Sørlending bør tvinges til Oslo for å få trykket et grafisk blad.» Med desse orda samla ei gruppe unge kunstnarar seg i Kristiansand i 1975 og grunnla Myren Grafikk, ein fellesverkstad som vart banebrytande og nyskapande for grafikkmiljøet i regionen, både som arbeidsfellesskap og som kunstnarleg laboratorium. Her kunne ein finne alt frå litografi til silketrykk og etsing, og dørene stod opne for alle som ville nyttegjere seg av moglegheitene.
Kristiansand Kunsthall feirar jubileet med utstillinga Bravo – Grafikkens år 2025, med i alt tretten kunstnarar, ni med røter i Myren. Det er ei feiring av både den historiske arven og den vidare utviklinga av feltet.
Avtrykk
Det fyrste som dreg meg inn er koldnålsraderingane til Jan Kolstad, sju lillefingerstore portrett utforma med elegante og dansande strekar. Dei små strenge menneska har intense borande blikk, med eit ekspressivt og mørkt preg. Med titlar som Selvportrett er eg nysgjerrig på om det er Kolstad sitt eige sjølvbilete eg stirrar på, der fragment av eigen identitet kjem til syne som avtrykk av noko levande, uroleg og komplekst.
Tvers overfor Kolstad heng ein stein. Tom Lid komponerer sine overmalte litografiar gjennom ei undersøking av form og fargeklangar, med steinen som utgangspunkt for motivet. Det er både spanande repetitivt og intellektuelt engasjerande, og eg vert ståande ein god stund. Steinen stammar originalt frå Myren Grafikk, og er utlånt til Kunsthallen for anledninga. Eit leikent kuratorisk grep, og konkret visuell historieforteljing. Eg applauderer steinen som heng der i låg høgd.

Tittelen på utstillinga kjem frå ein plakat trykt på Myren i 1977, inspirert av den ukontrollerte utblåsinga på oljeplattforma «Bravo» i Nordsjøen. Hendinga vart eit symbol på både miljøkrise og politisk konflikt, og for kunstnarane eit uttrykk for grafikkens rolle som samfunnskommentar. Kristiansand Kunsthall peikar både tilbake til denne historia og ønsker å vise korleis grafikken framleis kan belyse og utfordre vår tid. Foto: Tor Simen Ulstein
50-åringen fortener å skine alene
I Prosjektrommet vert den tidlege historia til Myren Grafikk presentert i eit glasmonter med illustrasjonar, bøker og tekstar. Dette er interessant! Og eg skulle gjerne hatt fleire meter med Myrens viktige historie, både i form av arkivmateriale og som lyd/video. Kunne Myren Grafikk stått på eigne bein i Kunsthallen? Eg tenkjer ja. Det er noko med å la ein 50 åring skinne åleine. Når det er sagt, forstår eg tanken med å inkludere dei yngre regionale kunstnarane Veronica Lund, Andreas Lian og Nina Bjørkendal, men eg tykkjer det forstyrrar historia om Myren Grafikk, og koplinga til Idun Balzersen verkar lausriven og uklår.
Utstillinga har som mål å vere lokalhistorisk relevant, kunsthistorisk interessant og samtidsorientert på same tid. Det er eit ambisiøst prosjekt, og resultatet vipper mellom rot og retning. Slik eg ser det, inneheld Bravo eigentleg to gode utstillingskonsept som kunne vore presentert kvar for seg; Myren Grafikk, og Myren Grafikk anno 2025, – grafikken i dag.

Presentasjon av dei 5 grunnleggjarane av Myren Grafikk frå glasmonteren i Prosjektrommet: «Hvem er de så? Håkon Grønlien, samfunnskritisk og anti-autoritær. Tom Lid, akademi-elev og lovende kolorist. Kjell Nupen, hardtslående kunstnertillitsmann, men for øvrig antivoldskunstner. Håkon Henriksen, vagabond og billedmystiker. Jan Kolstad, romantiker med sans for det bisarre.» – Gunvald Opstad. Foto: Tor Simen Ulstein
Er dette grafikk?
Slektslinjer av Andreas Lian gjer meg grublande innerst i sal 2. Med treskjering på fleire meter høge furuplater peikar Lian på tradisjonar og kulturarv, og synleggjer både motstanden og medgangen kniven har hatt i møte med naturen sjølv. Utstillinga ynskjer å vise at grafikk kan være så mykje ymse, utan å setje den i bur. Dette greier Bravo, for med det same eg ser Slektslinjer undrar eg meg over kvifor dette er tresnitt og ikkje skulptur, relieff eller noko anna. Eg inspiserer Lians utskorne menneske. Det er vanlege arbeidsfolk, grove andlet og alvorlege blikk. Det er furet og værbitt. Assosiasjonar til «dei moderne heltane» til Gustave Courbet dukkar opp: ekte folk, ekte materiale, ekte slit. Eg går nærare og tett inntil. Det luktar sløyd, tjære og barndommens folkemuseum.

Frå venstre: Andreas Lian, Slektslinjer, 2025. Idun Baltzersen, Demonstrantene I, 2025. Foto: Tor Simen Ulstein
Halvvegs historieforteljing, gode enkeltverk
Trass noko uklår heilheit synleggjer Bravo grafikken som svært spanande felt. Utstillinga inneheld fleire verk som gjorde sekund til minutt, og som fanga meg i sine tildelte kvadratmeter. Slik som dei finurlege settekasse-idrettsfigurane til Hans Otto Minge, og veggen med Kjell Nupens politiske verk, - ropande som ein samfunnskommenterande megafon. Eller Nina Bjørkendal sine fabelaktige fletta puslespel-liknande tresnitt.
Og for å ikkje gløyme Idun Baltzersens to store tresnitt på lin, Demonstrantene I og II, som byggjer på inntrykk frå ulike demonstrasjonar på Stortingsplassen. Sterke verk i venleg materiale, opphavleg dukar frå eit omsorgssenter. Eg forlèt Kunsthallen. Og i det eg set føtene ut att på gata passerer eit stille og roleg solidaritetstog for Palestina.