Ei samling ord om det å bruke ord om kunst, og om asperger og ulike forståingsmåtar
Etter mi respons på Subjekt sin omtale av «The Echo Chamber» av Erik Johansson på Nobels fredssenter har eg lurt på kor vidt aspergeren spela inn på måten eg forstod teksten.
Dei siste åra har eg fått litt meir innblikk i den nevrotypiske (personar utan ASD) måten å kommunisere, og lærer stadig meir om skilnadar mellom aspergere og andre når det gjeld ord.
Ofte har eg lurt på kva ein skal ta bokstaveleg om ein ikkje kan ta bokstavar bokstaveleg. I samtale med psykolog lærte eg om måtar nevrotypikere kan bruke ord for å oppnå noko. Då er det hensikta som er viktig. Enno har eg ikkje klart å finne ut korleis ein kan vite kor vidt det ein person faktisk seier eller skriv er vesentleg, eller om det handlar om noko bak orda. Andre gonge opplever eg at folk forventar at ein skal gjette seg fram til ting som ikkje har blitt sagt.
Kanskje var det skilnadar i å forstå ord som gjorde at eg reagerte då eg las Johansson sitt utsagn «Jeg håper folk reflekterer over den verdenen de selv lever i, og føler seg inspirert til å bryte ned ulikhetene vi har mellom oss.» (https://kunstavisen.no/artikkel/2024/eit-polarisert-samfunn-har-i-det-minste-sider) Kanskje meinte han noko eg ikkje klarte å gjette meg fram til sidan eg berre såg orda som stod der.
Sidan 2018 har eg skrevet kritikk for Billedkunst samt litt sporadisk for andre. Eg les aldri om ei utstilling før eg skriv, men let kunsten snakke på eigne vegne. Det betyr at eg kan «ta feil» av kunstnaren sine intensjonar. Det gjer ingenting for kunst må på same måte som musikk og litteratur ha rom for betraktaren sine tankar. I tillegg kan det å skrive om kunst utfrå eige perspektiv, kanskje bidra til at fleire vågar å gjere det same. Det fins nemleg folk som er redd for å ikkje forstå kunst. Redd for å stole på eigne auge.
Ord i utstillingsrommet bør vere nøklar som kan opne verket. Dessverre inneheld ofte utstillingtekstar ord som blir ein mur for tankane og i tillegg kan få betraktaren til å kjenne seg dum. Kanskje er det i språket at avstanden mellom kunsten og samfunnet oppstår? Kanskje er det ord brukt om kunst som gjer at somme opplever kunst som lite relevant?
Skilnadane når det gjeld måtar å bruke ord, kan gjere det litt skummelt å snakke med folk. Då kjennes det for min del, enklare å kommunisere via kunsten.
Teikning er mitt hovudspråk, og eg brukar teikning som ein måte å tenke høgt med hendene kring tema eg er oppteken av. Eg tenker i tredimensjonale bilete, men ofte opplever eg at det å teikne bidreg til å omdanne tankar til ord. At teikneprosessen får setningar til å løsne frå sentralnervesystemet og ramle ut av kroppen i form av små tekstar på teikningane. Men om ein freistar å omsetje kunst til ord, vil mesteparten bli borte. For i tankane og i kunsten kan alt eksistere på same tid.
Eg tenker at kunsten som språk i større grad enn bokstavar har eit ibuande potensiale for å opne opp for nye sameksisterande perspektiv. Kan ein øydelegge dette potensialet ved å bruke ord om kunst?
Hensikta med ord, skulle kanskje vere å skape meir forståing. Noko ein ikkje oppnår ved å berre høyre ekko av sine eigne konklusjonar eller meiningar. For tida kuttar det offentlege i støtte til kunst og kultur i fleire kommunar i heile landet. Noko som har fått meg til å tenke at ord om kunst kanskje er viktigare enn nokon sinne. Me kan ikkje forvente at samfunnet forstår verdien av kunst om me ikkje evner å formidle det.