Eit polarisert samfunn har i det minste to sider

Foto: The Echo Chamber, 2023 © Erik Johansson

Debattant Brynhild Grødeland Winther reagerer på den svenske fotografen Erik Johanssons utsegn om utstillinga «The Echo Chamber» ved Nobels fredssenter. Foto: «The Echo Chamber», 2023 © Erik Johansson

Litt for ofte har eg lurt på om oss kunstnere skal ha som oppgåve å eliminere skillnadar, eller om me kan bidra til meir toleranse og aksept for at folk faktisk er ulike. Og kanskje har nokon feiltolka likeverd og trur det betyr at alle må vere heilt like?

Søndag 22. september las eg i Subjekt om utstillinga «The Echo Chamber» av Erik Johansson på Nobels fredssenter. Eg las at utstillinga «utforsker hvordan vi oppfatter verden rundt oss». Johansson problematiserer ekkokammer som byggjer veggar mellom folk og han ønskjer å sprekke desse boblene. Så langt er eg samd med innhaldet, og det oppleves som eit viktig tema å ta tak i. Men hjernen min rakk ikkje å fortære så mange fleire centimeter med ord før det oppstod ei slags ubehageleg gåsehud på sjela.  

Setninga som gav meg gåsehud, var det første sitatet frå kunstnaren. Dette: 

Jeg håper folk reflekterer over den verdenen de selv lever i, og føler seg inspirert til å bryte ned ulikhetene vi har mellom oss.

Kvifor i alle dagar skal ein bryte ned skillnadar? Idéen om at skillnadar skal vere eit problem er kanskje årsaka til at somme i utgangspunktet ønsker å mure seg inne i ekkokammere. Er ikkje skillnadane samfunnet sine viktigaste ressursar? Dei ulike individuelle eigenskapane som gjer at me passar inn i ulike jobbar, at me kan tilføre samfunnet noko basert på våre ulike individuelle evner og eigenskapar... Samt dei ulike erfaringane, synspunkta og meiningane som gjer at verda ikkje framstår som flat, men at me kan sjå ting frå fleire sider og slik kanskje oppnå ei litt større forståing.

Slik eg ser det, er ekkokammer og den manglande toleransen for meiningsmangfald ei av samfunnet sine største utfordringar i dag. Det fins menneske som definerer det som «utrygt» å bli konfrontert med meiningar, tankesett eller haldningar som ikkje samsvarar med sine eigne. Dette er eit hån mot alle i verda som lever faktisk utrygge liv. I tillegg er det ei hindring for å få forståing for kva som ligg bak andre sine meiningar, samt; om ein aldri utfordrar det ein står for, vil ein heller ikkje bli bevisst på kvifor ein sjølv meiner det ein gjer. 

Eg trur polarisering oppstår i mangelen på evne til å lytte, og at ein heller enn å forsøke å forstå, tillegger den ein er i dialog med ekstreme meiningar og haldningar.

I Subjekt kan eg vidare lese at Johannon tek utgangspunkt i eigne erfaringar frå «bobler på sosiale medier», og at han no ønskjer å knuse andre sine bobler. Og utan refleksjonar kring fenomenet, blir ordet polarisering nemnd. Eg trur polarisering oppstår i mangelen på evne til å lytte, og at ein heller enn å forsøke å forstå, tillegger den ein er i dialog med ekstreme meiningar og haldningar. Ved å forsøke å påtvinge folk ekstreme meiningar, blir ein blind for alle dei ulike perspektiva folk eigentleg har. Slik konstruerer ein eit stort krater der alle dei faktsike skillnadane og nyansane er. Men krateret eksisterer berre i eins eigen hjerne, som ei følgje av manglande evne til å oppfatte det reelle meiningsmangfaldet. Polarisering er med andre ord kanskje ein fiksjon konstruert av personar som ikkje lyttar.

Om ein skulle «bryte ned ulikhetene vi har mellom oss», trur eg ein ville enda opp med noko som blir langt meir destruktivt enn polarisering, nemleg eit påtvunge og undertrykkjande konsensus. Eit slags nikkedokketeater der «sanning» er det vakuumet som oppstår i fråværet av kritiske spørsmål og opne dialogar. Eg trur vegen å gå for meir toleranse og forståing, er det motsette; å heller forsøke å forstå kvifor somme har landa på andre konklusjonar enn det ein sjølv har gjort.

Eit polarisert samfunn har i det minste to sider, men om ein lyttar til kva folk faktisk har å seie, vil ein oppdage at det finst omtrent like mange sider som det finst menneske. Blant anna fordi me forstår informasjon og situasjonar ulikt med utgangspunkt i kognitive evner, våre ulike hjernar, tidlegare refleksjonar, kva ein har lest om temaet før, kor mange ulike perspektiv ein har oppsøkt, fordommar, erfaringar, og så vidare. Det næraste «sanning» me kan kome, er kanskje det som oppstår der to eller fleire kontradiksjonar får sameksistere utan å bryte kvarandre ned.

Internett inneheld eit enormt potensial til å få innblikk i, og forståing for, meiningar, logikkar, tankesett og påstandar ein elles ikkje ville ha visst eksisterte. Kanskje me burde forsøke å utnytte det potensialet til å lære å forstå kvarandre betre, heller enn å forsøke å bryte ned skillnadar, slik Johansson har sett seg som mål. Ting som berre har ei side, er for flat til å kunne eksistere, og om ein søker kunnskap burde ein vere mindre oppteken av «fasitane» og heller utforske ulike tankerekker som har ført folk i ulike retningar.  

Replikk fra Ingvill Bryn Rambøl, avdelingsdirektør kommunikasjon og marked ved Nobels fredssenter, kan leses her.

    Stikkord