Intervju med Linda S. Olsen Frå krigsmonument til performance i Tøyenparken

Produsent i Norsk Billedhoggerforening, Linda S. Olsen. Foto: Norsk Billedhoggerforening 

I samanheng med Skulpturtriennalen som hadde opning laurdag 28. august, ville me i Kunstavisen bli betre kjent med Norsk Billedhoggerforening som arrangerer Skulpturtriennalen 2021. Triennalen er ein kunstvandring som er aktuell fram til 17. oktober.

Inngangspartiet til Norsk Billedhoggerforening. Foto: Siripon Gref.

Kva er Norsk Billedhoggerforeining? 
Billedhoggerforeininga er ein fagforeining for dei som jobbar med tredimensjonal kunst i Noreg. Den har vore det i 75 år, så det er 75 års jubileum i år. Me har fagpolitikk, men også ein formidlingsdel kor me jobbar med å fremme skulpturar i Noreg. Da har me mange prosjekter rundt om kring i det offentlege rom, som skulpturar og utstillingar.

Men me har også nyleg starta eit profesjonelt galleri, som før var formidlingskontor, her i Hekkveien 5. Vi er no eit nasjonalt senter for tredimensjonal kunst. Me har heldt til her i huset som formidlingskontor sidan 1972, med skulpturkontor, og endå tidlegare i 1966 som foreining. Så me har jobba med formidling av tredimensjonal kunst heile tida, ved sidan av foreiningsverksemd som er meir den politiske verksemda. 

Me er ein underorganisasjon av NBK, Norske Biletkunstnarar. Så det er på ein måte litt todelt sjølv om det er ein foreining. Me har både ansvar for det meir politiske og for formidlinga av kunsten. 

Erlend Grytbakk Wold: Decliner (In Search of Leisure), 2021 Decliner (In Search of Pleasure), 2021. Aluminium, polyesterbånd, maljer, polyestertau / Aluminium, polyester cord, eyelets, polyester rope. © Erlend Grytbakk Wold / BONO 2021. Foto: Siripon Gref.

Kan du fortelja litt meir om historikken dykkar?  
Billedhoggerforeininga vart stifta rett etter krigen i 1946, blant anna for å ta seg av alle monumenta som skulle opp da, det vart laga veldig mange krigsmonument, og ein trengte ein profesjonalitet rundt det. Ein trengde både at dei vart formidla på ein profesjonell måte, og at det kom inn profesjonelle kunstnarar, på grunn av detta så starta da Norsk Billedhoggerforeining opp.

Kven gjer kva? Kva er for eksempel din oppgåva innanfor Norsk Billedhoggerforeining? 
Eg er produsent, vi har ein veldig stor variasjon av oppgåver, men me har i Billedhoggerforeininga eit styre som jobbar politisk, også har me senter for tredimensjonal kunst som me driver her, kor me har ein kurator, ein dagleg leiar og meg som produsent. Me jobbar da med alt frå å produsera utstillingar, til å jobba med å fremme sal av kunstnarar i Noreg og har mange prosjekter på kunst i det offentlege rom. Ellers informasjon og formidling av kunst. Og produksjon av kunst.

Meera Manjit Kaur: Ranglokk, 2021, mixed media / performance (dekorative spor med på et utvalg kumlokk i parken). Foto: Anna Maria Solum.

Årets skulpturtriennale opna på laurdag i Tøyenparken, der var eg og såg på blant anna Meera M. Kaur sin performance. Kvifor er det med performance i ein skulpturtriennale?
Me snakkar jo gjerne om ikkje berre skulptur men tredimensjonal kunst, det omgrepet er jo alltid under diskusjon og utvikling. Kva er tredimensjonal kunst? Og det er ikkje nytt at performance har vore med i den diskusjonen, men Kaur sitt verk er jo ikkje berre ein performance som forsvinner når den er ferdig. Kunstnaren har jo også eit avtrykk som blir lagt igjen etter at den er ferdig, ikkje sant, kor ho har farging av kumlokk. Så det er jo også ein performance som gir eit avtrykk i tredimensjonalt rom.

Vi har også kunstnarar som jobbar med video og foto installasjon. Så lenge det har ein tredimensjonal kvalitet i seg ut i rommet, eller at kunstnaren jobbar med rom på ein eller anna måte, eller har ein eller anna referanse eller eit bein innanfor det tredimensjonale.

Men ein rundskulptur, ein skulptur som står aleine og som er den meir tradisjonelle forma, er da berre ein del av det feltet som me representerer. Så omgrepet er mykje breiare i dag enn det var i 1946 når det starta opp. Da var det mykje meir tradisjonelle monumenta og skulpturar som medlemmane jobba med. Men utfordringa med definisjonen av det omgrepet starta ganske tidleg, så det er ikkje noko nytt det. Men det er jo heile tiden i utvikling.

Morten Jensen Vågen: Stealth Tower, 2021. Aluminiumsplater, aluminiumsrør, epoxygrunning, spraylakk og emaljelakk. Foto: Norsk Billedhoggerforening.

Kva slags formidlingsstrategiar har dykk i forbindelse med triennalen?
Det som er ein utfordring er jo at denne triennalen er ute i det offentlege rom. Så ein har jo den moglegheita å få den gammaldagse formidlinga med eit hefte i handa og snakka med oss, men i utgangspunktet så har me jo også dei siste årene på grunn av korona, jobba veldig mykje med digital formidling. Og heile formidlinga av denne utstillinga er også lagt opp digitalt så ein skal kunne gå rundt, og scanne ein QR-kode ved enkelte verk og skal kunne lesa vidare om verket der, komme inn på info og komma innpå kart. Kartet er da eit kart over alle verka på Google Maps som ein finner på nettsida. Så ein kan både finna kartet digitalt og få det fysisk, om ein vil det. Alt er linka opp til vår nettside, så det skal ikkje vera noko problem med å finna det. Det er også satt opp store skilt i Tøyenparken, tre kjempestore skilt der det er all info som du trenger.

Om du da scanner den QR-koden ved dei ulike verka, kan du lesa meir om dei. Her vert det også lagt ut bilete og video for verka som er meir performative som for eksempel performancen til Kaur, der har me eit bilete av verket som du også kan sjå som eit avtrykk, men performancen er jo ikkje nødvendigvis noko ein får med seg i med at den berre skal visast tre gonger. Så det blir jo lagt ut video av det, også av andre verk som er meir performative.

I tillegg er det lydverk som ikkje er visuelt synlege, kor du da må bruke telefonen din med eventuelt høyretelefonar og gå rundt i parken og høyra på. Den eine er for eksempel ein geolokativ vandring, der kunstnaren digitalt har lagt ut lyd i det nærområdet du er til stade, så da må du ha på GPS-funksjon. Det er veldig stadsspesifikke lydverk. Alt er tilgjengeleg digitalt, men me har også vore opptatt av å setja ut skilt, i og med at det ikkje er alle som nødvendigvis er så interesserte eller gode på det digitale, så da har ein moglegheita å få den tradisjonelle infoen også.

Stikkord