Intimitet i det offentlege rom

Installasjonsfoto fra Pedro Gómez-Eganas Inmeridiem. Skribent og BA-student ved OsloMet, Siripon Gref, opplever Pedro Gómez-Egãnas verk Inmeridiem på Deichman Bjørvika. Produsent: Oslo Kommunes Kunstsamling. Foto: Makda Embaie

Den columbiansk-fødte kunstnaren Pedro Gómez-Egaña, som bur og arbeidar i Oslo, står for Deichman Bjørvikas nyaste, temporære verk, Inmeridiem. Inmeridiem vart vist første gong 22. september 2021 og varar i 365 dagar.

Gómez-Egaña jobbar med skulptur og installasjonar med ein stadspesifikk karakter. Også slik med verket i Deichman Bjørvika, som knyter han til bibliotekets geografiske plassering ved Akerselva. For å produsere Inmeridiem har han jobba i lag med ein ingeniør og teknikar. Kunstverket vart valt ut etter ein konkurranse om eit midlertidig kunstprosjekt til Deichman Bjørvika.

Inmeridiem er namnet på det nøyaktige tidspunktet mellom soloppgang og solnedgang, det er da verket setjast i gang. Installasjonen kan berre opplevast ein gong om dagen av berre ein person. Eg var så heldig å få billett til den 27. september klokka 12.59.

Opplevinga starta med at eg satt meg på stolen plassert innanfor eit avmerkt område med eit headset på hovudet. Ein glaskula kom flytande ned frå taket i ein lina og landa opp i henda mine, som eg haldt frem framfor meg. Glaskula, som romma ein stein (frå Akerselva) som etter kvart opna seg, kjendest ut som ein slags månelanding; ein både mektig og intim oppleving. Eg satt der aleine, sondra frå omverda – og likevel midt i det offentlege rom – og lytta til kunstnarens rolege, mørke stemme. Gjennom filmatiske lyder og kunstnarens stemme vart eg tatt med på ein reise i tid. Eg følte å verta snakka til samstundes som eg opplevde at kunstnarens stemme gradvis vart min eigen indre stemme.

Lenke til påmelding: https://inmeridiem.com/

Det finnes både temporære og permanente kunstverk på Deichman biblioteket. Dei temporære finner ein oversikt over på Deichmans nettside og dei permanente har Oslo kommune kunstsamling ansvar for og du finner oversikt på Oslo kommunes nettside. Den permanente utstillinga er kuratert av utstillingsansvarleg Erik Kaspartu saman med utstillingsdesignar Tua Broms.

Stikkord