AdeYs «Multifaceted» (2017)

AdeYs verk Multifaceted (2017), foto, edition of 3. Utstilt av Fotogalleri Vasli Souza på Oslo Negativ 1. – 24. oktober. Foto: © AdeY / Fotogalleri Vasli Souza.

På Oslo Negativ fotofestival har Vasli Souza stilt ut verk av den internasjonalt anerkjente kunstneren AdeY, blant annet fotografiet Multifaceted (2017). 

AdeY er en svensk-britisk kunstnar som jobbar med fotostudiar om menneskekroppens balanse, styrke og fysikk. Kroppane fotograferast i sin reinaste form, nakne, men med humoristisk sans. Ein kan lesa meir om kunstnaren på heimesida hans. Kunstnarnamnet hans AdeY er det einaste namnet kunstnaren brukar. Han er heller ikkje glad i årstal og meiner at det ikkje er relevant for kunsten hans. Som han sjølv seier; «as an artist I explore the idea of being an anonymous queer artist» 

På grunn av nakenheit i verka, sensurerte Instagram kunstnaren i Finland i 2020. Fotografiet med tittelen Multifaced - mangefasettert - er gjort om til ein installasjon med ein lang lapp av instgram-kommentarar som hengar ved fotografiet – generelt positive kommentarar frå følgjarar som setjar pris på verket. Installasjonen viser til kjærleik for vår eigen kropp, og andre sin aksept, uansett kor stor makt sosiale medium har over oss.  

Verket er vakkert å sjå på - med dei fine nakne kroppane og kontrasten i hudfargene. Kunstnaren har lagt meir vekt på den estetisk fine norma enn mangfald i kroppsstørrelse. Verket roper ut om at ein må elska seg sjølv. Spegelbiletet kan minna om Narkissos frå den greske mytologien, som forelska seg i sitt eige spegelbilete. Sin eigne nydelege fasetterte flate, slik det ligger i tittelen.  

Partnarens hender som held rundt deg mens du kysser ditt eige spegelbilete minner ein på om å spare på kjærleik til seg sjølv og ikkje berre gi alt til sin partnar. Men kanskje har begge partar heller falt for seg sjølv? Fotografiet kan og tolkast i ein deprimerande setting, der begge står å kysser seg sjølv. Fysisk held dei rundt kvarande, men mentalt er dei ikkje der for kvarandre.  

Vasli Souza er eit fotogalleri, grunnlagt i 2012 av Marcio Souza frå Brasil og Rasmus Vasli frå Noreg. Dei promoterer multikulturelle fotografi frå kunstnarar over heile verda. Frå 2013 til 2019 stod galleriet i ein gamal hattefabrikk i sentrum av Malmö i Sverige. I desember 2019 flytta dei til eit nytt lokale på Damplassen i Oslo. Ein kan lesa meir om fotogalleriet her.

Stikkord