Tankeskred
Installasjonsfoto, Olav Ringdal, Hendelser under ras
Foto: Istan Virag / Kunstdok
Ras oppløyser, pressar og dreg strukturar ut av form. I ei retrospektiv utstilling på Bomuldsfabriken set Olav Ringdal dei saman att.
Arendal
BOMULDSFABRIKEN
Olav Ringdal
Hendelser under ras
Utstillinga står til 2. august
Utstillingstittelen Hendelser under ras ga følgande første assosiasjonar; steinspranget på Bjørsetfjellet, frikøyrar Nikolai Schirmer, og litt overraskande: 5-0 fotballkampen mellom Sporting CP og Bodø/Glimt i Lisboa. Dei mentale hoppa glei deretter over i refleksjonar kring livsomveltingar, verdskaos, og ukontrollerte tilstandar. Finst det gode ras? Sjølv dei mest valdelege og vonde vil ein gong også stogge.
Kunstnaren bak den mangetydige utstillingstittelen er Olav Ringdal, som gjennom sommaren er aktuell med ei omfattande retrospektiv utstilling i Bomuldsfabriken Kunsthall.
Det er alltid med ei viss spenning eg går inn i eit nytt kunstnarskap. Treff det, treff det ikkje?
Pink Balls er det første som møter publikum, og det rosaraude tekstilet kjem sidan attende i stadig nye former gjennom utstillinga.
Foto: Istan Virag / Kunstdok
Rosa ballar – stoff og stål
Kunnskapsnaken trer eg inn i Ringdals landskap og vert møtt av ei mengd rosa ballar. Dei ligg i klynger, nokre tett samla, andre som einslege utbrytarar. Som forvaksne squeeze-ballar slike dottera mi har dilla på, eller sekkar med ukjend innhald. Pink Balls er skapt over ein lengre periode på nær tretti år, og består av akrylmåla jute-, lin og bomullslerret. Kva freistingar til dult, løft og spark desse små «saccosekkane» vil vekkje i møte med barnleg nysgjerrigheit hadde vore interessant å sjå.
Ringdal har gjennom fleire tiår arbeidd på tvers av teikning, skulptur, tekstil og installasjon, og spesielt tekstilet og rosafargen skal vise seg å vende attende i stadig nye former og variantar gjennom utstillinga.
Stoff og stål, to materiale som artikulerer ein markant motsetnad i tekstur og taktilitet. I Egget (2023) er det lette stoffet surra rundt det tunge stålet og byggjer opp ei spenning i forma, som eit flettverk av krefter som held kvarandre oppe, eller hindrar det frå å kollapse. Skulpturen har noko kroppsleg og trongt ved seg, ei beltelegging, eller ei stram mumifisering. Samstundes peikar verkstittelen mot det fundamentalt sårbare; egget.
Olav Ringdal (f. 1961) er utdanna ved Trondheim kunstakademi (1982–87) og Rijksakademie van Beeldende Kunsten i Amsterdam (1987–89). Han debuterte med separatutstilling i Trondheim i 1990, og har sidan hatt ei rekkje separatutstillingar, mellom anna ved Henie Onstad Kunstsenter, Galleri F 15, Galleri Buer i Oslo og Trafo Kunsthall.
Ringdal er innkjøpt av mellom andre Trondheim kunstmuseum, Henie Onstad Kunstsenter, KUBE i Ålesund, Kulturrådet og Nasjonalmuseet.
Utstillinga Hendelser under ras i Bomuldsfabriken Kunsthall er ei av dei mest omfattande presentasjonane av kunstnarskapen hans til no, med verk frå 1980-talet og fram til nyproduksjonar frå 2026.
Instagram: @olavringdal
Favorittrommet
Dette rommet elskar eg. Leikne puslespelbrikker har teke over golv, veggar og søyle. Som ein protest mot skulpturen som lukka og avgrensa objekt, breier Rådvill i det grønne seg utover i rommetmed ein overtydande balanse mellom orden og uro. Her er ingen endebrikker eller trygge rammeverk, og saman med Forvirring og Selvets utstrekning står puslespelrommet fram som både grenselaust og presist organisert.
Kvar Ringdal sjølv passar inn i det kunsthistoriske puslespelet, er vanskeleg å plassere. Verka hans nektar å la seg lese som variantar av noko allereie kjent, og motset seg slik både bås og kategorisering.
Karakteranalyse er ei rekkje små teikningar som kan lesast som sjølvportrett, der krøllane på papiret speglar krøllane på Ringdals hovud. I Ut av fortielsen har blyantstreken forlate papiret og viser seg som ein vilter hårmanke av ståltråd og netting på fargerik sokkel. Bak: Karakteranalyse (2018–21), blyant på papir. I front: detalj frå Ut av fortielsen (2024), akryl og olje på lerret, stål, ståltråd, netting og polyuretanskum.
Foto: Istan Virag / Kunstdok
Spor av same hand
Eit ras er dramatisk knytt til enorme krefter. I Ringdals arbeid verkar ei tilsvarande kraft å tre fram gjennom ein kompromisslaus ekspressivitet.Og det fascinerer meg korleis formane synest å vere i rørsle, men utan å tippe over i kaos. Fleire av arbeida ber preg av ein panikk som har lagt seg: «Set meg saman att, vi er i ferd med å gli frå kvarandre.» Rotvelt har slått ring rundt søyla og måleriet veks ut av ramma.
Dei amøbeaktige figurane flyt frå vegg til vegg, medan slyngande lineføringar viser seg i både Pippi, Fjellside og Elger. Uansett kvar eg snur meg, oppdagar eg spor av det eg nettopp har sett. Og likevel kjennest utstillinga aldri repetitiv. Tvert imot gir ho stadig næring til nysgjerrigheita, og ikkje minst eit tankeskred av assosiasjonar. Egglegging og låst kolv, irriterer meg derimot, utan at eg heilt skjønar kvifor. Men hadde det ikkje gitt meg noko, hadde eg heller ikkje irritert meg.
Ringdals formspråk har ei gjenkjenneleg og særmerkt kjerne. Trass stor materialvariasjon og eit tidsspenn på over fire tiår er det aldri tvil om kva hender som står bak. Treff det, treff det ikkje? Det er særleg dei nyare arbeida som festar seg hjå meg, men eg sit att med kjensla av at Ringdal er ein kunstnar det burde snakkast langt meir om.
Vrengt skjul foldar seg ut i overgangen mellom nytt og gamalt, der fabrikken i det aller inste rommet trer fram med betong og grove overflater. Frå venstre: Egglegging og låst kolv, 1988, Gips, stålplater, trefiberplater og voks. Vrengt skjul, 2024, Olje på linlerret, stålplater. Spøkelset, 1999, Akryl på plexi, lerret.
Foto: Istan Virag / Kunstdok
Etterklang
Dei fem små verka som avsluttar den romlege reisa gjennom Ringdals kunstnarskap, møter meg med ei påfallande tvitydigheit. Eg trur eg ser inn i ein slags spegel, forma insisterer på det. Dei minnar om Ultrafragola, designspegelen som frå tid til anna sirkulerer på Instagram. Men både skrik og spøkelse ligg i overflata, badande i lys. Møtet er underleg, nesten urovekkjande.
Apropos Instagram: Utstillingsteksten fortel at ein kan følgje Ringdals arbeidsprosessar der, og eg tittar innom. Der har Ringdal laga Reels med lydspor til fleire av kunstverka: Nordheim, Penderecki og Messiaen. Som ei digital forlenging av utstillingsopplevinga grip den klangbaserte modernistiske musikken inn i erfaringa og fører tankane i nye retningar. Warszawa (1968) av Arne Nordheim skildrar ikkje sjølve katastrofen, men det som blir att etter henne.
Kva går gjennom hovudet når vi skjønar at raset går? Er vi trygge her vi står?
Detalj frå Rotvelt, 2023-24. Miks teknikk, akryl og oljemaling, lerret, jute, stål, blikk, vinylslangar, ståltråd etc. Foto: Istan Virag / Kunstdok
Gjer naturpolitisk frustrasjon om til ei kraftfull motrøyst
Nærværsmåleri
«Det bestandige» gjer våren nærare, trass alt
– I Skien har samtidsmusikk og lydkunst fått ein permanent scene under open himmel.