Nærværsmåleri
Frå venstre: Ann Edholm, Tungan på ordet / Station (2007), olje på lerret og Tungan på ordet / Kaddisch (2008), olje på lerret. Johan Widén, (Joh. 20:1) I-V (2025), Olje og grafitt på koparplate. Foto: Kristiansand Kunsthall
Krafta ligg ikkje berre i praesēns, men òg i det som held fram etterpå.
Kristiansand Kunsthall
Ann Edholm og Johan Widén
praesēns
Utstillinga står til 16. mai
Svensk duo, delt rom
Noko glitrar. Glinsande flater kastar lyset attende. Eg skundar meg dit, freista og fanga før eg fattar kvifor. Eg står midt i utstillinga praesēns og har late meg forføre av eit verk av Johan Widén. Saman med Ann Edholm fyller dei to svenske kunstnarane Kristiansand Kunsthall med måleri som aktiverer både hovud og kropp.
Frå venstre: Johan Widén, Så långt jag kan nå VI (2019), olje og grafitt på lin. Ann Edholm, Lichtwang (2017), diptyk, olje på lerret. Utstillingstittelen praesēns inviterer til nærvær, og ber oss setje den kvardagslege autopiloten på pause. Foto: Kristiansand Kunsthall
JOH 20:6
Fem små komposisjonar på blanke koparplater dreg meg inn, og eg blir ståande og betrakte både verka og mitt eige spegelbilete. Stødige rektangulære felt møter farge som flyt ut, og lik ein signatur med innhald, ikkje namn, les eg JOH 20:6 i eit av verka. Eg søkjer verset opp på verdsveven: Simon Peter kom nå etter, og han gikk inn. Han så linklærne som lå der. Simon Peter har akkurat fornekta Jesus tre gongar. Jesus er korsfesta. Att står forvirringa. Og no: ei tom grav. Valet av koparplate som materiale snikplasserer betraktaren sjølv inn i tematikken. Snur Widén spegelen mot oss og peiker på den allmenne uro og rådløyse? Lagførar, kva gjer vi?
Widén arbeider i både store og små format, og med ulike materiale som fotopapir, vokspapir og måling på skiferplater. Og gjennom utstillinga trer det fram ei nerve i arbeida hans som gjer meg både tankefull og nyfiken.
Johan Widén, Så långt jag kan nå I-V (2015-2020), olje og grafitt på lin. I serien Så långt jag kan nå er formatet bestemt av kor langt kroppen til Widén kan strekkje seg, både i høgd og i lengd. Formatet viser på den måten den konkrete yttergrensa for kvar Widén kjenner seg heime, både kulturelt og eksistensielt. Foto: Kristiansand Kunsthall
Mørk etterklang
Eg vender meg mot den andre stemma i duoen, og til Ann Edholms Tungan på ordet / Kaddisch. Formatet er stort og forma er stram. Edholms karakteristiske spisse kiler i oransje-raudt og svart deler flata med presisjon. Det grafiske mønsteret utløyser mentale flikkflakk, og liknar eit vridd backgammonspel, flammar og piggtråd, eller fragment frå ein teikneserie. Ingen assosiasjonar kjennest feil. I etterkant forstår eg at Kaddisch viser til den jødiske sorgbøna som blir lesen dagleg i tida etter eit dødsfall. Eit stykke unna eigne tankespinn.
Edholm høyrer til blant Sveriges fremste abstrakte målarar, kjend for geometrisk abstraksjon, repeterande strukturar og konsentrert fargebruk. Dei seinaste åra har ho også utforska eit meir organisk uttrykk, som begeistrar: For som ein protest mot kjapp lesing krev serien The Image as an Act 1-4 ei langsam fysisk orientering. Dei fire store verka held meg lenge på avstand, men eg set meg ned, gir dei tid og tolmod. Gjennom lag på lag kjempar lyset og mørket mot kvarandre, forgrunn mot bakgrunn. Og om referansane er usynleg for auge, er dei likevel til stades som ei udefinerbar kjensle av uhygge.
Hjå Edholm ligg nazistane si forfølging og deportasjon av jødane som eit underliggjande motiv i arbeida, tett vevd saman med hennar eigne personlege historie, med ei tysk mor som opplevde krigen på kroppen. Når eg tek med meg dette attende inn i måleria, vert dei akkompagnert av eit smertefullt historisk-politisk skrik.
Ann Edholm, The Image as an Act 1-4 (2022), akryl og vinyl på lerret. Foto: Kristiansand Kunsthall
Meir samklang enn samtale
Både hjå Edholm og Widén er form og innhald uløyseleg knytt til kvarandre, og arbeida deira er berarar av referansar frå kunst- og kulturhistorie, filosofiske refleksjonar, konkrete stader og traumatiske hendingar. Utstillingsteksten vektlegg visuell dialog mellom kunstverka, der form og fargar speglar kulturelle kartleggingar og rytmiske spenningar, og legg til rette for ei felles utforsking av kroppens møte med måleria. Men desse formuleringane verkar meir framandgjerande enn opplysande, og legg ei tung teoretisk føring på ei erfaring som i utgangspunktet er kroppsnær og open. Intensjonen om visuelle dialogar er god, men eg tykkjer det berre delvis fungerer då avstanden mellom verka ofte er for stor. Dialog til side, dette er ei utstilling med to framifrå målarar som på kvart sitt vis står fram med både kraft og sensibilitet, og som saman skapar ein overtydande samklang.
Her og no – og det som kjem etter
Fem fotografi i eit monter. Litt etter litt anar eg tematikken Widén refererer til i Nedstigning I-V, og eg ser samanhengar og raude trådar til koparplater og andre flater. Fragmenterte puslespelbitar set meg på sporet av noko eg ikkje får heilt grep om der og då. Arbeida til Widén verkar ikkje berre i eit presens, her og no, men held også fram i eit perfektum – der heime.
I fleire år har Kristiansand Kunsthall satsa på det nordiske samtidsmåleriet med både utropsteikn og kuratorisk insistering. praesēns viser at dette er ei satsing det er all grunn til å halde fram med.
«Det bestandige» gjer våren nærare, trass alt
– I Skien har samtidsmusikk og lydkunst fått ein permanent scene under open himmel.
– Myren Grafikk kunne stått på eigne bein i Kristiansand Kunsthall, ifølge vår anmelder Ingunn Lien Gundersen
Ingunn Lien Gundersen anmelder Jónsi VOX på Kunstsilo