4. februar 2026  22:29:00
Tips oss!
Annonse

Mektige motorsagblomar

Kan det vere kløver, tyrihjelm og bekkeblom? Utstillinga Det bestandige i Bomuldsfabriken Kunsthall gjer våren nærare, trass alt.

Publisert
4. februar 2026
Oppdatert
4. februar 2026
ARENDAL

BOMULDSFABRIKEN
Gunvor Nervold Antonsen
Det bestandige
Utstillinga står til 12. april

Utan sandpapir

På iPhonen min finn eg tjuefire bilete og ein videofilm frå den gong eg vitja utstillinga til Gunvor Nervold Antonsen på Trondheim Kunstmuseum i 2019: store tekstile verk, skulpturar forma som hender, og nærbilete av bark, flis og fingrar. Den gong var eg overvettes begeistra, og forventningane til Det bestandige på Bomuldsfabriken var difor store.

Høgreiste fargerike formar fangar meg først. Enorme emne av gran, bjørk, poppel og bøk er tilarbeidd med motorsag, måla med akrylpigment og olje, og står fram som sjølvsikre og skimrande blomar. Serien Villvekster er utan skjønnheitsfilter og sandpapir, og blomane nærast spirer ut av treet, som Michelangelo-skulpturar frigjord frå steinen. Uttrykket er både grovt og monumentalt, men vekkjer likevel assosiasjonar til dei meir fragile keramikkvasane av Rosamunde Dora Brüsch. Villvekster veks vilt, også i Bomuldsfabriken Kunsthall, til og med i taket i det store trapperommet svevar ein vakker variant.

Bomuldsfabriken Kunsthall viser Nervold Antonsen fem nye
verksseriar Fødselen, Villvekster, Det bestandige, Jeg gir deg min morgen og
I denne lysende mørknende tid. Til utstillinga fylgjer også eit essay; Det ukuelige av Erland Kiøsterud. Gunvor Nervold Antonsen, Villvekster, (2025-2026). Skulpturar i gran, bjørk, poppel og bøk. Akryl, pigment og olje. Utført i samarbeid med Erik Pettersen. Foto: Tor S. Ulstein / KUNSTDOK

Pollinering med Stihl

Nervold Antonsen sitt kunstnarskap er rotfesta i kjærleik til naturen, til arbeidet, og til heimstaden Rollag. I utstillinga Det bestandige hyller ho naturen si eiga evne til å overleve, til å reise seg om att og om att, trass menneskeleg påverknad og øydelegging. Motorsaga spelar ei sentral rolle i praksisen hennar, og det kan verke paradoksalt at ho nyttar denne hissige og bitande reiskapen, som er så tett knytt til nettopp menneskelege, støyande og irreversible inngrep. Men Nervold Antonsen arbeider konsekvent med tre som allereie er felt, anten av vind, alder, eller utbygging. Inngrepet har alt funne stad før kunsten tek til. Elegant viser ho oss korleis motorsaga si berøring med treet ikkje markerer slutten på liv, men opnar for noko nytt som kan kome til. Nett slik naturen sjølv viser oss gjennom sin gjentakande sirkularitet.

«Blåklokkene er like blå kvar sommar i graset», skriv Hans Børli.

Utstillinga er fyrste del av eit større prosjekt, der del to opnar på Telemark Kunstmuseum i april, og diktutgjevinga I meg finnes du kjem ut på forlaget H//O//F seinare i år. Gunvor Nervold Antonsen, Det bestandige, (2025-2026). Olje og pastell på papir. Installasjon. Foto: Tor S. Ulstein / Kunstdok

«Mottar alt til forgylling samt reparasjoner»

Gamle journalar, kvitteringar og boksider er utgangspunkt for to av dei nye verksseriane til Nervold Antonsen. Det som ein gong bar kunnskap, har mista sin opphavelege funksjon og endra form, men materialet held fram med ny verdi og meining. I serien Det bestandige, som også har gitt namn til utstillinga, er fire veggar dekt med grønmåla ark i ulike storleiker, montert frå golv til tak. Nokre heng opp ned, eitt og anna er rosa eller oransje. Tekstar, bilete og måling ligg lag på lag, fortid og notid. Arka blafrar når eg går forbi, og det heile peikar på noko skjørt og sårbart. Eg les brotstykke av tekst: "Lig Cirkelen jeg vender til Punktet om, hvor jeg mit Udspring kjender". Det er kort veg til tanken om bruk og kast, og lang veg attende til ei tid då det å eige éi bok var eit livslangt privilegium. Dei fire veggane er visuelt tiltrekkjande og eg gir meg tid. Men merksemda mi har ei påfallande dragning mot treet og blomane.

Gunvor Nervold Antonsen, Jeg gir deg min morgen, (2025-2026). Relieffer i bøk, poppel og lind. Pigment og olje. Foto: Tor S. Ulstein / Kunstdok

Hundekjeks og geitrams

Og kan det vere kløver, tyrihjelm og bekkeblom? Jeg gir deg min morgen består av trettisju relieff med blome- og plantemotiv som heng side om side, lik eit forstørra herbarium på vegg. Floraen er forma i bøk, poppel og lind, og begeistrar både gjennom fysisk autoritet og linjer eg kjenner att. Naturlege sprekkar og kvisthol vert somme stader ein aktiv del av motivet, andre gongar nesten som treet sin eigen kommentar til det nye tilværet. Assosiasjonar går både til Art Nouveau og tapetmønstra til William Morris, men også mot artsmangfald og raude lister: dette har vi no, og dette kan vi miste. Jeg gir deg min morgen flettar saman menneske, arbeid, maskiner, forfall og naturens vakre, ustoggelege kraft. Det er vanskeleg å fatte at alt dette er skapt av menneskehender og motorsag.

Det bestandige i Bomuldsfabriken Kunsthall ber med seg ei rekkje spenningspar: det solide og det skjøre, det varige og forgjengelege, feiring og fortviling, grøde og naturtap. Nervold Antonsen gir rom for at ein sjølv vel kva ein vil leggje vekt på, utan naturkrisa sin samvitspeikefinger. For trass den underliggjande mørke temadrona av flatehogst, naturøydeleggingar og overforbruk, sit eg att med ein form for varsam naturoptimistisme – og ein kamerarull full av motorsagblomar.

Gunvor Nervold Antonsen, Det bestandige, installasjonsfoto. Tor S. Ulstein / Kunstdok

FAKTA

Det bestandige er fyrste del av eit større prosjekt, der del to opnar på Telemark Kunstmuseum i april, og diktutgjevinga I meg finnes du kjem ut på forlaget H//O//F seinare i år.

Gunvor Nervold Antonsen (f. 1974) er utdanna ved Forsøksgymnaset i Oslo, Usko-Ayar Escuela de Pintura Amazónica i Peru, Kunsthøgskolen i Bergen (tekstil), Kunsthochschule Berlin Weissensee og Universitetet i Oslo. Ho har stilt ut ved mellom anna Kunstnernes Hus, Trondheim Kunstmuseum, Kunstnerforbundet, Kunsthall Stavanger, Lillehammer Kunstmuseum og Vigelandsmuseet, og er representert i samlingane til Nasjonalmuseet, KODE, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Regjeringskvartalet, Norges Bank, Utenriksdepartementet og KORO.

I 2024 mottok Nervold Antonsen Ingeborg og Per Palle Storms ærespris.

Annonse