3. mai 2026  06:18:00
Tips oss!

"Noen må tale naturens sak!"

Installasjonsfoto, Gunvor Nervold Antonsen, I meg finnes du
Foto: T. Wacko, NIA

I utstillinga I meg finnes du på Telemark Kunstmuseum gjer Gunvor Nervold Antonsen naturpolitisk frustrasjon om til ei kraftfull motrøyst.

Frå Arendal til Notodden

I vinter vitja eg Gunvor Nervold Antonsen sin utstilling Det bestandige på Bomuldsfabriken Kunsthall, der dei mektige motorsagblomane hennar sette djupe spor. Og eg seier det fyrst som sist: Sommarutstillinga ved Telemark Kunstmuseum, I meg finnes du, er ikkje berre ei forlenging av Det bestandige, men det er som om eg i Arendal høyrde den spenstige ouvertyren, og på Notodden fekk oppleve heile operaen.

Installasjonsfoto. I front: De fleksible, 2022–2023. Skulptur i ask, utført i samarbeid med Erik Pettersen. Foto: T. Wacko, NIA

FAKTA

Notodden
Telemark Kunstmuseum
Gunvor Nervold Antonsen
I meg finnes du
Utstillinga står til 23. august

Rituelt kuratert anslag

Det er sju meter under taket i den gamle industrihallen, og trass eit gråkaldt rom er det fyrste som møter meg ei kjensle av omsorg og varme. Skulpturen De fleksible ynskjer velkommen; eg møter blikket i den store tekstilmontasjen, og glir inn i forsamlinga av objekt i front. Det er som ein stillferdig rite, og eg trør varsamt og lydlaust. Den ruvande tekstilen eg står framfor viser seg å vere eit årstidsportrett av sommaren frå serien Ikonostas. Vidare inn i salen svevar Fruktifikasjoner frå taket, som noko mikroskopisk gjort monumentalt. Gå tett inntil, og du kjenner lukta av skog. Det er særleg påfallande korleis fleire verk samanlikna med førre møte står fram med ny attityde, slik som dei tolv landskapsrelieffa i Fødselen. Motorsagas grove snitt hentar fram milliardar av år i eit urlandskap av magma, jord, stein og is. Vi er ein forsvinnande liten del av ei langt større samanheng.
 

Rommet opplevast i sin heilheit som ein totalinstallasjon av tre, tekstil og papir, imponerande komponert til eit så vidstrakt lokale.

Installasjonsfoto.I meg finnes du er ei omfangsrik utstilling med store treskulpturar, monumentale tekstilarbeid, relieff, lydverk, måleri og ei diktutgjeving. På fondveggen ser vi dei tolv relieffa i Fødselen, 2025–2026. Relieff i bøk og poppel, pigment og olje. Foto: T. Wacko, NIA

Er det pollenallergien eller naturpanikken som klør?

Telemark Kunstmuseum er samlokalisert med Verdensarvsenteret på Notodden som formidlar framveksten av det tidlege industrisamfunnet. På staden der landet vart bygd opp ved hjelp av naturressursar, kritiserer Nervold Antonsen korleis vi i dag gjer det motsette med dei same naturressursane; byggjer natur og kultur ned. Med Theodor Kittelsens optimistiske skildring av bygginga av kraftverket Svælgfos på veggen, og med Nervold Antonsens høyringsuttale for "Nytt Nore kraftverk" på øyra, gjer lydverket Våkn opp! Vi blir rana på høylys dag! eit enormt inntrykk. Ho grip poetisk og presist inn i kunst- og kulturhistoria og kommenterer Kittelsens framtidstru: frå industrieventyr til naturmangfaldsdød. Og mi eiga samvitspirkande natursorg minner om at innspel til høyring, det kan vi alle skrive. "Vårt alles tap, går inn i grådighetens gap".[i]

Nervold Antonsen sitt kunstnarskap er rotfesta i kjærleik til naturen og til heimstaden Rollag. I Våkn opp! Vi blir rana på høylys dag! gir ho stemme til fortvilinga over utarming av Numedalslågen, der stadig meir brutale kraftuttak og effektkøyring i elva fører til tap av naturmangfald. Våkn opp! Vi blir rana på høylys dag! Høringsuttalelse for konsesjonssak. 202510083 O/U Noreverkene – Nytt Nore kraftverk 2025
Foto: T. Wacko, NIA

Delikat dialog

I den vesle utstillinga Blomsterstudier i sal 2,får eg eit gjensyn med I denne lysende mørknende tid. Serien med små oljemåleri, måla på gamle bokomslag, var også å sjå i Bomuldsfabriken, men der drukna verket blant fargerik furu og poppel. Her derimot!

I dialog med Terje Bergstad sine enkle blometeikningar trer I denne lysende mørknende tid fram med ny kraft og nærast ekspanderer i rommet. Bergstad utførte på 1980-talet tusenvis av skisser i små format, og ei rekkje av desse er no stilte ut framfor Nervold Antonsens bølgande blomevegg. Det oppstår eindelikat dialog mellom det intime, forenkla uttrykket i Bergstad sine feittstiftskisser i glasmonter, og Nervold Antonsen sine måleri på materiale som ein gong bar eit anna innhald. Å inkludere Telemark Kunstmuseum si eiga samling slik tykkjer eg er eit særs vellukka grep.

I denne lysende mørknende tid, 2025-2026. Olje og pastell på papir og papp. Foto: T. Wacko, NIA

Rødstrupa, sanglerka, steinskvetten og dompapen

Hvem skal tale fuglenes sak?
Rotnål, rabbeskjegg, huldrestry og bikkjenever.
Noen må tale naturens sak![ii]

Litterære tekstar er ein del av Nervold Antonsen sitt kunstneriske virke, og til utstillinga I meg finnes du følgjer ei diktbok med same tittel. Ho skriv rytmisk og friskt om insekt, myr, skog og knaus, – og om håplaust knotete kommunale plansaker. Eg humrar lett ved fleire høve, men eit alvor ligg til grunn: raude lister og tap av natur og kultur. Etter å ha lese langdiktet er det nett som eg har vandra gjennom heile Rollagsnaturen, der biotopiske tilstandar og politiske prosessar vert formidla gjennom eit aksjonistisk naturkampvokabular.

På veg sørover att dveler eg ved utstillingstittelen, og kjem til å tenkje på miljøhistorikaren William Cronon sitt essay The Trouble with Wilderness. Han problematiserer førestillinga om villmarka som noko fjernt og åtskilt frå oss sjølve, og eit slikt konstruert skilje gjer at vi overser naturen der vi faktisk lever. Eit essay å hente fram att.

Kjernev(r)ed

Intensjonen med I meg finnes du er å gjere motlause og naturpolitisk frustrasjon om til ei kraftfull motrøyst gjennom kunsten. Og kraftfull er både kunsten og kunstnaren, der Gunvor Nervold Antonsen står fram som beinhard, tolmodig, solid og sint, – og samstundes full av varm omsorg og kjærleik til naturen. Ved Telemark Kunstmuseum kjem dette slagkraftig til syne: "Jeg skal tale naturens sak!"

[i]Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), «Nytt Nore kraftverk», konsesjonssak 202510083. https://www.nve.no/konsesjon/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=9674&type=V&utm

https://webfileservice.nve.no/API/PublishedFiles/Download/d53ce8a0-3a0f-45cf-84cb-e0fc38c3b6e6/202510083/3447002

[ii]Gunvor Nervold Antonsen, I meg finnes du (Oslo: H//O//F, 2026), s. 12, 48, 38, 33

Gunvor Nervold Antonsen

Gunvor Nervold Antonsen (f. 1974) bur og arbeider i Rollag i Numedal. Ho er utdanna ved mellom anna Kunsthøgskolen i Bergen og Kunsthochschule Berlin Weissensee, og har stilt ut ved sentrale institusjonar som Kunstnernes Hus, Kunstnerforbundet, Kunsthall Stavanger og Bomuldsfabriken Kunsthall. Verka hennar er innkjøpte av mellom anna Nasjonalmuseet, KODE og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, og ho mottok Ingeborg og Per Palle Storms ærespris i 2024.

Terje Bergstad-samlinga vart i 2013 donert til Telemark Kunstmuseum, og består av om lag 1500 verk, hovudsakleg kunst på papir. Samlinga speglar det mangfaldige kunstnarskapet til Terje Bergstad (1938–2014), målar, grafikar og blyglassmakar, som arbeidde med forenkla former og strekteikningar.

Gunvor Nervold Antonsen hadde Bergstad sine skisseblokker med seg i arbeidet med utstillinga I meg finnes du.

Annonse