Ny vin – gamal urin
Bak: Signe Maria Friis, Her skulle de gå nu, tekstil, broderi, bomull, ull, silke. Framme: Sebastian Møller Jørgensen, Love, skumgummi, tre, klede og barnevogn. Foto: Tor Simen Ulstein.
Ni kunstnarskap – frå stille sting til dansedokker. Sprekt levert av nyutdanna kunstnarar frå skandinaviske kunstakademi.
Kristiansand
KRISTIANSAND KUNSTHALL
Marie Cole, Yana Deliyska, Jessica Ekström, Signe Maria Friis, Anne-Marte Før, Adam Gidlund, Sebastian Møller Jørgensen, Ida Raselli og Carol Stampone
Next Generation
Utstillinga står til 8. november
Best grandpa ever! Eg er åleine i Kristiansand Kunsthall, men likevel ikkje åleine. Dei hyperrealistiske dokkene i figurgruppene Love av Sebastian Møller Jørgensen vitjar også utstillinga. I naturleg storleik, med vanlege klede og tilbehøyr, står dei fastfrosne i sosialrealistiske tablå. Dokkene er plasserte ulike stader i kunsthallen, og eg skvett ved fleire høve når dei dukkar opp i sidesynet. Kven betraktar kven? Lita jente med rosa hårspenne, eldre mann i sko frå New Balance. Og ein rullator med klistremerket «Best grandpa ever». Samtidsassosiasjonen er ikkje til å unngå: «Ein farfar i livet skull' alle ha» …
Møller Jørgensen er ein av ni nyutdanna kunstnarar frå skandinaviske kunstakademi i vandreutstillinga Next Generation. Her er råull, bladgull og minibibliotek. Keramikk, fotografi og broderi. Breidda er stor i materialbruk og tematikk, og nokre verk sparkar meir frå seg enn andre.
Anne-Marte Før, Den beste harpespillersken, Dansedokka 1–3. Stereoskop montert på stålrammer. Verket tek utgangspunkt i historia om Berit Tørrisdotter (1812–1900), kalla Berit på Pynté, som var frå garden der Før sjølv vaks opp i Valdres. Berit var ein dyktig utøvar av lokale slåttar og lyarlåttar på langeleik. Både Edvard Grieg og Ludvig M. Lindeman besøkte henne og noterte ned folketonar som dei seinare brukte i eigne komposisjonar. Foto: Tor Simen Ulstein.
Frå dansedokke til diskodokke
Den beste harpespillersken, Dansedokka 1–3 av Anne-Marte Før lærer meg kva eit stereoskop er. Eg må tett inntil, bøye meg litt, kikke inn, og eit menneske kjem til syne i ulike positurar. Først etter at eg har lese utstillingsteksten, opnar verket seg. Det tek utgangspunkt i Berit på Pynté (1812–1900), som spelte langeleik med dansedokker festa til fingrane med hestetagl. Sjølv kalla ho seg verdskjend og «den beste harpespillersken», og ho spela mot betaling for turistar på jakt etter «den norske folkesjela». I verket opptrer Før som ei dansedokke, men kven spelar slik at ho dansar? Forma er minimalistisk, assosiasjonsrommet maksimalistisk. Likevel saknar eg noko, og eg forsøker å mane fram klangen av langeleik. Men i staden er det den pulserande lyden frå omta av Yana Deliyska som tek over kroppen. Den suggererande diskorytmen lèt seg ikkje utan vidare velje bort. Eg kan lukke auga, men ikkje øyra.
Lydverket omta høyrer til Going Home is Such a Ride, hekla i kvitt nylontau, med ein hestesal i midten. Deliyska arbeider med social performance der ho inviterer publikum opp på «scena» av blått fallunderlag og til å setje seg i salen. Men du kan ikkje ri åleine: Andre publikummarar må trekkje i taua og setje «hesten» i bevegelse. Slik vert samarbeid og relasjon mellom dei som deltek, ein del av sjølve verket. Dette får eg diverre ikkje prøvd, for her kan ikkje medpublikummarane mine frå Love hjelpe meg.
Yana Deliyska, Going Home is Such a Ride, hestesal på hekla nylontau. Foto: Tor Simen Ulstein.
Slapp tittel – sinna «kvinne»
Utstillingstittelen Next Generation viser til at kunstnarane er nyutdanna, men seier lite om kva som særmerkjer denne samansetjinga av kunstnarskap. Etter mitt syn er tittelen oppbrukt og reklameprega, på linje med merkelappar som «den nye vinen» og «morgondagens stjerner».
400 liter gamal urin møter meg i det midtarste rommet. Min første assosiasjon går til nalgeneflaske på vinterekspedisjon. Men urin er velkjent som kunstnarisk materiale, som til dømes Andres Serranos fotografi Piss Christ. Eit ferskare døme er Florentina Holzingers Seaworld Venice under årets Veneziabiennale, der ho kopla naken kropp, urin og reinsing.
Hjå Jessica Ekström får urinen funksjon som «heilagt vatn» som skal reinse kroppen frå «det mannlege blikket». I verket Pissed Women tek ho utgangspunkt i «kvinna» som ei sosialt konstruert rolle. Ho kler seg i lakk og lær, trer inn i ei overdriven framføring av «kvinna», tissar i ein 25-litersdunk og senker seg ned i eit akvarium fylt med eiga oppsamla urin. Det kompromisslause materialvalet og tolmodet bak prosjektet imponerer! Men eg opplev Pissed Women som visuelt overlessa, og er usikker på om gjentakingane av den stereotype kvinnerolla risikerer å berre reprodusere det same blikket Ekström ønskjer å frigjere seg frå. Urin i plastikkdunkar, lyd, bilete og video. Kvifor ikkje lukta òg? Eg saknar den nesten, men berre nesten.
Jessica Ekström, Pissed Women, installasjon med video, lyd og benk.
Det kan kome mykje ut av ei sinna kvinne. Ekström er både tøff og tolmodig: Gjennom eitt år samla ho 400 liter av sin eigen urin til verket Pissed Women, eit verk som kan opne for samtalar om både kropp, skam og kvinnerolle om skuleklassar vitjar kunsthallen, noko eg håpar dei gjer. Foto: Tor Simen Ulstein.
Stille sting
Eit lågmælt høgdepunkt i utstillinga er Signe Maria Friis sitt store tekstilverk Her skulle de gå nu. Med tråd og tolmod, sting for sting, har Friis forma ei mengd menneske i bevegelse. Tett på er det snirklar og kaos, men på avstand kjem både folkemengda og individa til syne. Arbeida til Friis kretsar rundt vandring, både som fellesskap og einsam ferd. Oppslukt betraktar eg både elegansen og stillheita i tekstilverket, men med klump i magen, for midt i flokken finst også den einsame.
Next Generation viser fleire kunstnarskap eg gler meg til å fylgje vidare. Tittelen er ikkje så sprek, men det som møter oss innanfor dørene er det.
Adam Gidlund, Areyoustillthere.exe, interaktiv videoinstallasjon.
Gidlund undersøker korleis den digitale kulturen formar både oss og identiteten vår i eit stadig meir algoritmestyrt og optimalisert medielandskap. Den kontaktsøkjande, dystopiske dataanimasjonen Areyoustillthere.exe er delvis absurd, men aller mest skikkeleg skremmande. Det er kort veg til både notidsangst og framtidsangst. Kven formar eigentleg kven? Foto: Tor Simen Ulstein.
Next Generation er initiert av Kunstbygningen i Vrå i Danmark og utvikla i samarbeid med Kristiansand Kunsthall og Skövde Konstmuseum i Sverige, i dialog med kunstakademia i København, Oslo og Göteborg.
Utstillinga blir vist ved dei tre institusjonane i 2026 og 2027, med ulik utforming på kvar stad. Prosjektet inngår i Kristiansand Kunsthalls langsiktige satsing på nordisk samtidskunst og samarbeid over landegrensene.
Nærværsmåleri
Less is more kunne vært Høstutstillingens motto
Ingunn Lien Gundersen anmelder utstillingen på "Att fästa bilden i minnet" på Kristiansand Kunsthall
Viggo Andersens «Forslag til ombygging av Vigelandsanlegget» (1978/2016)