Tevling utan taparar
Adin Mušić (f. 1995), Distant Broadcast, 2026. Mušić er ein av fire kunstnarar som er nominert til Sparebanken Norge Kunstnerpris 2026. Foto: Tor Simen Ulstein / Kunstsilo
Fire kunstnarar, fire rom – og pris i potten. Overvaking, innvollar, familiearkiv og FM-radio møtest på Kunstsilo.
Kristiansand
KUNSTSILO
Thyra Dragseth, Vilde Eskedal, Adin Mušić og Hallvard Nuland
SPAREBANKEN NORGE KUNSTNERPRIS 2026
Utstillinga står til 21. februar 2027
Du vert trekt inn i kunstverket og fanga av eit kamera. Eit liveopptak reproduserer deg om att og om att. Du vert mindre og mindre, til du smuldrar opp i forsvinningspunktet. Trekk du deg unna, ser auget på den rå betongveggen deg framleis.
I ei tid der kamera flyttar inn i brillene våre og algoritmiske system registrerer og analyserer stadig meir av omgjevnadene våre, stiller Adin Mušić høgaktuelle spørsmål i installasjonen Distant Broadcast i utstillinga Sparebanken Norge Kunstnerpris på Kunstsilo. Kva vinn vi og kva taper vi når overvaking blir ein stadig større del av det offentlege rommet? Kven ser, og kven vert sett?
Kunstnarpris på Kunstsilo
Kvart andre år vert kunstnarar frå Agder nominerte til Sparebanken Norge Kunstnerpris. I årets utstilling møter vi fire svært ulike kunstnarskap, både i kva dei undersøker og korleis dei arbeider. Kvartetten har fått kvart sitt rom på Kunstsilo og fridom til å forme sin eigen presentasjon.
I Distant Broadcast inngår også store, fargerike tekstilar der Mušić har manipulert fotografi frå den kinesiske teknologibyen Shenzhen og overført til vev. Ei mild uro oppstår i møte med det teknologiske argusauget som følgjer meg. Men Mušić har ingen ropert, og eg kan betrakte den vakre vevnaden i staden for å bekymre meg.
Vilde Eskedal (f. 1992), Habitat, 2026. Vilde Eskedal lagar skulpturar og installasjonar av utradisjonelle materiale som søppel, naturmateriale, byggjemateriale og leireblandingar. Foto: Tor Simen Ulstein / Kunstsilo
Frå smerte til fysisk form
I rommet til Vilde Eskedal står ei rekkje skinande skulpturar plasserte på eit underlag av småstein. Det heile liknar eit undervassmiljø, som om eg snorklar rundt blant anemonar, snodige marine vesen, tareskog og kråkebollar.
Men der mine assosiasjonar går under vatn, går Eskedal under huda. Arbeida hennar tek utgangspunkt i det som finst inni kroppen og i hennar eiga smertelege erfaring med endometriose. Taggete, stikkande former møter mjuke, tarmliknande overflater; holrom, noko som veks ut av noko anna, og trypofobiske element med tette samlingar av små hol, groper og ujamne opningar. Innvollar. I Habitat får den indre kroppslege smerta ei fysisk form.
Familiearkiv – fakta/fiksjon
Svart-kvitt-negativ, private familiefotografi og snapshot frå levd liv. Thyra Dragseth inviterer oss inn i ei form for kunstnarisk slektsgransking: Kva er familiefakta, og kva minne er eigentleg berre konstruerte?
Videoverket Home er sett saman av materiale frå familiearkivet, eigne opptak og eldre undervisningsmateriale om mellom anna dysfunksjonelle familiar frå 1950-talet. I verket dukkar to dansande, animerte kroppar opp. Den eine kombinerer 3D-skanningar av Dragseth sin son og far, den andre av farmora og henne sjølv. Som Janus, guden med to andlet, ser figurane både bakover og framover i tid og bind generasjonane saman. Med ei speletid på nær 14 minutt hadde Home fortent ein meir skjerma visningssituasjon og sitjeplassar for publikum. Eg likar måten verket elles er presentert på: projisert over tre transparente lerret, som ein utstrekt kamerabelg, slik at bileta legg seg over kvarandre og skaper fleire lag i ei fragmentert forteljing.
Det private arkivet går igjen hjå Dragseth, men ikkje alt materialet opnar seg nødvendigvis like lett mot noko som vedkjem oss andre.
Hallvard Nuland (f. 1995), Snakkesang, 2026. Messingblåseinstrument, tre, FM-radio, maling. Tre FM-radioar i Snakkesang tek inn direktesendingar samstundes og skaper eit sanntidsverk i stadig endring. Foto: Tor Simen Ulstein / Kunstsilo
Flyktige frekvensar
Hallvard Nuland held lenge på merksemda mi med verket Snakkesang. Form og signalfarge lokkar meg nærare, og etter tur legg eg øyret inntil sjallstykka på messinginstrumenta. Tre FM-radioar tek inn direktesendingar samstundes:
«Fra Lindesnes, nordvestlig liten kuling, minkende til frisk bris.»
«For kun 19,90 får du en Farris! – hilsen oss i Spar!»
Morgenstemning av Grieg.
Eg tenkjer på den openberre visuelle likskapen med Russolos støymaskiner og på tilfeldigheitsteknikkane til John Cage, og vidare på R. Murray Schafers lydøkologi og The Tuning of the World.Dei tre direktesendingane i Snakkesang kolliderer og skaper eit flyktig lydbilete som gir eit utsnitt av samfunnet nett no. Lyd er ikkje berre lyd, og radioen er heller ikkje eit nøytralt lydobjekt, men ber med seg informasjon, kommersielle interesser, kultur og politikk. Kva får oss til å lytte, og kva overdøyver kva? Eg reflekterer over lyttingskultur, støyforureining og min eigen radioreklameallergi.
Meir enn ein pris
I utstillinga vert vi kjende med kunstnarane gjennom korte videointervju: «Det å kunne vise fram for lokalsamfunn, familie og et større publikum, betyr veldig mye for meg», fortel Adin Mušić. Og nettopp dette er ein vesentleg del av Sparebanken Norge Kunstnerpris. For sjølv om fagjuryen skal kåre ein vinnar og publikum skal stemme fram sin favoritt, så får dei nominerte utstillingsplass i verdas vakraste museum. Honnør til ei satsing som gir unge kunstnarar i Agder både plass, merksemd og tillit. Ei tevling utan taparar.
Thyra Dragseth (f. 1993), WHO ARE YOU (HVEM ER DU), 2026.
Funne aluminiumsvindauge, glas, svart-kvitt-negativ frå kunstnaren sitt private familiearkiv, teip. Foto: Tor Simen Ulstein / Kunstsilo
Sparebanken Norge Kunstnerpris (tidlegare Sparebanken Sør Kunstnerpris) vart oppretta i 2009 for å løfte fram unge kunstnarar frå Agder og fremje samtidskunst i landsdelen. Kvart andre år nominerer ein regional fagkomité fire kunstnarar som får høve til å vise arbeida sine i ei felles utstilling, som sidan 2024 har vore vist på Kunstsilo. Ein nasjonal fagjury kårar deretter vinnaren av kunstnarprisen basert på arbeida i utstillinga. Prisen er på 150 000 kroner. Publikum vert også invitert med til å seie si meining, og kan gjennom utstillingsperioden stemme på sin favoritt. Publikumsprisen er på 50 000 kroner.
Normbrot i 8 etasjar betong
Er dei gamle alltid eldst?
Maskinalderens nye kunst
«Det bestandige» gjer våren nærare, trass alt