4. november 2026  07:07:00
Tips oss!
Annonse
KODE Bergen

Frelsaren Gardar!

Einarssons verk MOOD 2 SAD / MOOD 1 SADDEST (2026) vert også eit symbol på kva ein kan oppleve på innsida, der ein kan finne doble meningar og doble sanningar. Og der dei lagvise meiningane dukkar opp når ein byrjar å grave og undersøke. Gardar Eide Einarsson: MOOD 2 SAD / MOOD 1 SADDEST (2026). Neon and aluminum. 722, 5 x 46,0 cm. Courtesy of the artist.
Foto: Thor Brødreskift 

Gardar Eide Einarsson briljera i ny utstilling i Bergen. Gjennom sine lagvis og symbolmetta verk viser han fram eit kunstnarskap som står støtt i sin systemkritikk.

Publisert
4. november 2026 kl. 06:15 AM
Oppdatert
4. november 2026 kl. 06:15 AM
FAKTA

Bergen
KODE – Stenersen
Gardar Eide Einarsson
The Purpose of a System is What it Does
Utstillingen står til 28. februar 2027

Gardar Eide Einarsson er den norske kunstnaren og nykonseptualisten som vart stjerne i New York, men som på trettande året framleis er ein «alien» i Tokyo. Han er kollega og venn til forfattar og kunstnar Matias Faldbakken, dei to som i 2000 plasserte tre grisar på Ole Bulls plass i Bergen. Som i ei barneregle forsvann gris etter gris til det berre sto ein att.

Det her var før mi tid i Bergen, men eg hugsar godt tilstanden han førte med seg når han var Festspillkunstnar i 2013. Festspillfestane var (og er?) alltid den gøyaste samlinga av kjendisfjes, fjasefolk, kunstnarar, pengefolk, utelivstryne og kulturfolk. Gardar Eide Einarsson ser ut som ein rockete skater, men for fleirfaldige av mine dåverande kollegaer var det som om «hot-Messias» hadde landa mellom dei sju fjell. Dei var klare for å bli frelst.

Gardar Eide Einarsson si utstilling har tittelen The Purpose of a System is What it Does. Uavhengig av kva tidsperiode verket stammar frå handlar det om systemkritikk i det store og det små. Og både i ord, handling og uttrykk spelar han på materialitet og tekstur. Foto: Gui Martinez

MOOD 2 (SAD) / MOOD 1 (SADDEST)

Og hausten 2026 er han igjen tilbake i byen der han tok store delar av utdanninga si. Og allereie før eg når inngangsdøra lyser eit verk mot meg. MOOD 2 (SAD) / MOOD 1 (SADDEST) står det på toppen av Stenersen-bygget. Eit perfekt verk for regnbyger, influensa og krigføring? Eit verk for evig trøtte småbarnsmødre med D-vitaminmangel og angst for framtida? Eller eit verk for dei altfor få ungdommane med svart kajal, svarte skinnjakker og mjuke, rosa hjarter?

Eigentleg har Einarsson henta uttrykket frå 2002 då dronning Elisabeth var sjuk, og dei britiske radiokanalane spelte frå spelelista Mood 2 (SAD), som deretter gjekk over til Mood 1 (SADDEST) når dronninga døde. Det viser korleis både media, offentlege instansar og institusjonar brukar «mjuk makt» for å dytte innbyggarane sitt humør og modus i riktig retning.

Verket frå 2026 er også ein peikepinn på utstillinga på innsida av bygget. Måten Einarsson klipper, spelar og leikar med ord, setningar og uttrykk. I fyrste etasje vises mellom anna delar av serien How to hide things in public places frå 2013. Pappaen min arbeidde som mekanikar når eg vaks opp. Han hadde ein manual som heldt meg vaken i mange netter. Med den kunne han opne bildørene til kvar einaste gløymske, ute-låste bileigar i heile Vestland. Fantastisk! Men tenk om denne bil-bibelen, denne skjulte skatten enda opp i feile hender? Katastrofe!

Kven som er forfattaren bak manualen Einarsson viser fram er uvisst, men den forklarar endelause tenkelege og utenkelege stadar ein kan gøyme og stæsje dop, våpen og hemmelegheiter i det offentlege. Men kven kommunisera og med kven?

Menneskets vondskap

Eg er jamt over overraska over kor i imøtekommande kunsten hans faktisk er, i motsetning til inntrykket eg sat att med etter Festspillutstillinga i 2013. Den lagvise, poetiske og vonde serien Incendiary Test Area (2025) av silketrykk og tresnitt, der motivet er henta frå japanske og tyske arbeidarklassehus som vart oppført langt ute i ørkenen i Utah er eit av dei sterkaste verka i utstillinga. Amerikanarane ville under andre verdskrig eksperimentere med kor store øydeleggingar dei kunne klare å påføre før dei utførte det på verkelege bygningar og menneske i Tokyo og Dresden. Bygningane vart brend ned og bygd opp att, før dei starta prosessen atter ein gong. Dei nøyaktige detaljane og mjuke overgangane, gjev verka eit særskilt subtilt resultat. Og understreka det heilt ufattelege ved dei historiske handlingane, men gjev oss også mange parallellar til vår eiga samtid.

Incendiary Test Area (2025) er eit av dei sterkaste verka i utstillinga. Både historia som ligg bak, dei raude trådane som viklar seg inn i vår eiga samtid og uttrykket i materialiteten. Foto: Thor Brødreskift

Eit verk er delt i to maleri, men sett saman viser det logoen til det amerikanske selskapet Union Carbide (2015). Medan eg låg relativt nyfødd på ei barselavdeling i Førde og heldt mor mi vaken, skjedde ein av dei aller verste industri- og miljøkatastrofane verda har opplevd i Bhopal, India. Midt på natta spreidde den svært giftige gassen seg og kvelte tusenvis av menneske i sengene sine, og i etterkant fortsette tragedien. Gjennom sine svarte og kvite maleri pirkar han i det moralske og økonomiske ansvaret, og ber oss om å ikkje gløyme.

Verda er bekmørk, men vi går ikkje under

I Flagwaste er det også i det lagvise og konseptuelle det spanande ligg, samstundes som uttrykket på ein enkel måte gjev oss mykje symbolikk og meining. Ei oppsamling av seks månadar med restar og avkapp frå amerikanske flagg er samla i ein stor haug. Stripene og stjernene så lett gjenkjennelege, så lada med symbol. Det syntetiske stoffet som er så slitesterkt, samstundes så tynt. Det er så lett å antenne, det ligg nærast å sprakar, så klart for å gå opp i flammar.

I ein anna haug ligg dei fargerike restane av europeiske land sine flagg, og deretter ein haug med restane frå vårt eige norske flagg. Eit flagg som også har si forhistorie og sin ballast. På tross av alt som har kome fram i det siste, held det framleis på ei viss uskuld: naturleg bomull, ski på beina og raude kjakar.

Gjennom sine svarte og kvite maleri pirkar han i det moralske og økonomiske ansvaret, og ber oss om å ikkje gløyme.Foto viser Flagwaste (US) (2014) og Union Carbide (2015). Textile waste from flag production. Variable dimensions
Courtesy of the artist and NILS STÆRK. Foto: Thor Brødreskift

Også her leikar han med publikum, vurderer oss, ber oss om å henge med i svingane eller dette av i loopen. Heng vi med ei runde til, så opnar det seg ei ny luke. I Olive Drab Heavyweight Canvas Tarp (Green) (2019) skjuler silketrykk med motiv av eit tarp eit maleri. Tarp er ein presenning ein enkelt kan pakke med seg for å søke ly under, men særskilt estetisk har eg aldri opplev det før no. Særskilt er kontrasten til maleriet i ein Nickelodeon slim-grønfarge rampete og gøy. Det er som om tarpet beskyttar og held fast ved noko hemmeleg og gøymt.

Det er verk frå ei lang kunstkarriere, likevel kjennes det ikkje datert ut. Karrieren hans kretsar kring dei same tema, men sidan verda er ein bekmørk stad så er det ein raud tråd gjennom alt, trass mangfaldet i uttrykk og materialbruk. Eg var forberedt på at det skulle vere monokromatisk og maskulint. Men eg var ikkje forberedt på kor følsamt og poetisk det kjentest ut. På veg ut av utstillinga står det ein siste beskjed: TEOTWAWKI. The end of the world as we know it. Eit verk som vart vist same veke som Trump til verdas store forundring vann det amerikanske presidentvalet fyrste gong.

Vi gjekk ikkje under. Med REM på dundrande i øyrene vandrar eg ut i oktobernatta* som ein nyfrelst Einarsson-disippel.

*(det er framleis dag, men haust på Vestlandet kjennes tidvis ut som eit evig mørke – det er ein grunn til at svartmetall er stort her)

The good old days are gone and they wont return (2017) vart vist den same veka som Donald Trump vann presidentvalet fyrste gong. Setninga «The good old days are gone and they wont return» var eigentleg frå ei sak om kinesisk økonomi, og Einarsson har med den lakserosa fargen i verket i frå 2017 gitt eit nikk til opphavet i Financial Times. Han har kutta og klipt som Edvard Saksehånd og spretta sitata ut frå avissidene og opp på museumsveggen. Meiningsinnhaldet er lausrive, og vart i stede for ein kommentar til den (dåverande) nyvalde amerikanske presidenten. Foto: Thor Brødreskift

Annonse