16. juni 2026  19:02:00
Tips oss!
Annonse
Vibeke Tandberg på KODE i Bergen

Maskene vi ber på

Allereie på utsida av KODE sitt bygg Stenersen møter vi Vibeke Tandberg sitt verk «Hestebarrikade» frå 2024, forma går som ein raud tråd gjennom utstillinga. Foto: Fredrik Nergaard

Utanfor Stenersen ventar fyrste teikn på at Vibeke Tandberg er i byn, det har grodd opp seks hestehovud av bakken mellom løvetann og grønt gras. På rekke og rad står dei med utspilte nasebor og kneisande nakkar som stramme soldatar. Tittelen på verket er Hestebarrikade (2024).

Publisert
16. juni 2026
Oppdatert
16. juni 2026
FAKTA

Kunstnar: Vibeke Tandberg
Utstillingstittel: De lever
Tidsrom: 23.05 – 13.09.2026
Kvar: Stenersen, KODE, Bergen

«De lever» på KODE i Bergen er den største presentasjonen av Vibeke Tandberg sitt kunstnarskap til no, og vise ikkje berre hennar ikoniske verk frå 90-talet, men er også fylt med nye verk som vise ein kunstnar som er i stadig utvikling. Vibeke Tandberg står i ein fotografisk tradisjon etter Cindy Sherman, men måten ho går inn og ut av roller på minner meg like mykje om David Bowie sine byks, vel og merke i ein mindre glamorøs og rocka variant.

I eit av dei nyaste verka «Post Americana» (2026) møter vi igjen hesteforma, men no i bakgrunnen av ei scene der ein cowboy traskar gjennom eit røyklagt interiør. Han har chaps over dongeribuksa, pistol og lasso festa i linninga, og er lyssett som den nye Jesus, men ansiktet, eller maska han ber er pløsete og sliten. Cowboyen liknar ein karikert versjon av George W. Bush der han bevegar seg til storstilt musikk. På same måte som den utstoppa hesten bak han er det som det er den amerikanske draumen Tandberg prøver å riste liv i. Ein nostalgitripp av symbol, noko dødt ein fortvila prøver å bevare medan helten blør ut på ein haug av høyballar. Men den amerikanske draumen var alltid eit mareritt for nokon.

Den maskekledde cowboyen er også eit symbol som (bokstavleg talt) går gjennom utstillingssalane For meg symbolisera den ein tragisk og nostalgisk skikkelse over alt som ein gong var, eller alt vi trudde USA var. Vibeke Tandberg: Old Man Cowboy #11, 2022-23 Foto: Renate Rivedal

Kurateringa av utstillinga bygger eigentleg opp kring essensen av kunstnarskapen til Tandberg. Utstillinga minna om eit lagerrom eller ei teaterscene under oppføring. Lettveggar delar opp rommet, svarte sandsekkar held dei på plass, og underbygge kjensla av noko midlertidig og uroleg. Sjølv om det er tydelege raude trådar som går mellom dei ulike verka i utstillinga, gjev oppbygginga publikum spelerom til å bevege seg fritt frå det eine verket til det andre utan å vere for oppteken av kva som kom fyrst og kva som kjem etter. Verka lev sine heilt eigne liv og så kan ein sjølv velje å trekke trådane mellom dei eller la dei stå for seg sjølve.

Kuratorane Lars Bang Larsen og Synnøve Marie Vik har tørt å la kunsten få rom utan at salane liknar den klassiske kvite kuben. Dei har heller spela på lag med utstillingsrommet, og delt det opp i vinklar og diagonalar. På stadar der det kunne oppstått «døde soner» dukkar det plutseleg opp små verk og det er ein lang allé av lettveggar som rettleiar oss mot eit anna verk.

Kjensla av at vi er i eit lagerrom forsterkast i møte med hestehovuda og kroppsdelane av gips i verket Hestearkivet frå 2023. Dei liknar greske skulpturar eller romerske kopiar sirleg plassert på ei langstrakt metallhylle. Foto: Thor Brødreskift

Kjensla av lagerrom forsterkast i møte med hestehovuda og kroppsdelane av gips i «Hestearkivet» frå 2023. Eit resultat av at Tandberg forkasta grisehovudet som form, og enda opp med å plukke opp ein tidlegare pur levande, no steindaud, utstoppa hest som ho fann via finn.no. Etter fleire månadar med avstøyping, ligg kroppsdelane der som greske skulpturar eller romerske kopiar sirleg plassert på ei langstrakt metallhylle.

Den ikoniske fotografiserien «Living together» frå 1996 er dekt i ein tydeleg 90-talskoloritt, men kjennes likevel interessant og aktuell ut. Sjølv om ein ser på det fotografiske med andre auger i dag.

På motsett side møter vi den ikoniske fotografiserien «Living together» (1996) der to nesten identiske versjonar av Tandberg ser på TV saman, spelar kortspel, massera føtene til kvarandre eller siggar med sjølvtillit. Dei er kledde i høghalsa ribbestrikka bomulls-genser eller fløyelsmjuk, syntetisk chenille. Dei et brødskiver med leverpostei over plastdukar med solsikker på, i eit kjøkken med blåmåla strieveggar. Verket rommar 90-talet på eit vis eg ikkje har sett sidan vi var i ein tidskapsel på eit badehotell i Rügen for nokre år tilbake. For det her er ikkje den minimalistiske 90-tals estetikken som kviskrar oss mjukt i øyret. Det er ikkje «Love Story» med Kennedy-sonen sin mørke manke og Caroline Bessette sine krispe kvite skjorter med New York som bakteppe. Det er rekningar, plastposar, klede hengande i haugar over skapdøra og umake sengeklede. Det er 90-talet med flanell, furumøblar og sidelugg slik eg kjenner det att frå fotoalbuma til foreldra mine.

Men kven er desse to tilsynelatande identiske personane? Er det tvillingar og systrer, eller er dei intime partnarar? Eller er dei klonar av kvarandre som lev lukkelege i sus og dus heilt identiske i sinn og kropp? Sjølv om det i utgangspunktet kan vere rom for det urovekkande og merkverdig i dei fleste «sanningane» bak verket så fyller fotografia meg med ein enorm ro som eg trur berre 90-talet i sin puraste form kan gje meg.

Kurateringa av utstillinga bygger eigentleg opp kring essensen av kunstnarskapen til Vibeke Tandberg. Foto: Thor Brødreskift

I utstillinga lev både 90-talets uskuld og samtidas rotnande nostalgi side om side. Utstillinga svingar mellom det humoristiske og det tungsindige, men tek heile tida både kunstnar og publikum på alvor. «De lever» seier oss noko om maskene vi alle ber på, dei falske framstillingane av livet vi lev, nostalgien i den amerikanske draumen, eit noverande amerikansk mareritt og korleis det tilfeldige spelar ei rolle både i kunsten og i livet. Resultatet er soleklart: «De lever» er ei kunstoppleving du bør få med deg i sommar!

Fra Vibeke Tandberg på KODE i Bergen. På veggen: Vibeke Tandberg: Sunflowers, 2001. Foto: Thor Brødreskift

Annonse