fbpx Kokkelurtjønna

Kokkelurtjønna

Mona Eckhoff Sørmos verk Kokkelurtjønna, 2016, sand, skjell, marmor, gesso på finer.
Mange av oss har måttet være mer hjemme i koronatiden. Da har ting vi har på veggen hjemme kanskje fått en annen betydning enn før? Kunstavisen har kontaktet fire forfattere, som sa seg villige til å svare på noen spørsmål rundt dette.
Brit Bildøen, 59 år, forfattar, siste bok «Over land og hav. Eit år med trekkfuglar». Jobbar også som omsetjar og som rådgivar i Leser søker bok.

Hvilket kunstverk har betydd ekstra mye for deg i denne tida?

I feriehuset/skrivestova vår på Veiholmen var det ein stor, ledig veggplass i trappa. Samtidig hadde ein lokal kunstnar utstilling 100 meter unna. Mona Eckhoff Sørmo stilte ut fleire store måleri på Brenneriet kystkultursenter. Vi fall for dette, som har tittel etter ei lita tjønn som ligg på ein odde rett bortanfor huset vårt. Tjønna minkar og veks med flo og fjøre, og er full av det vi som barn kalla «kokkelurar». Her finst konkyliar og skjel og underlege vekstar som ein kan studere i det grunne, klare vatnet. Mona Eckhoff Sørmo har brukt sand og skjel frå dette området til verket. Måleriet er stort, og det er bygd litt ut, slik at det tredimensjonale i det kjem godt fram. Her ser eg opphopningar av skjel og tenker på den spisse ruren som veks på svaberga. Men dei lysande og taktile sirklane gir også assosiasjonar til mjuke, rørlege livssyklusar. I løpet av dette koronaåret har vi vore meir på Veiholmen enn vanleg. Det er godt å komme ut av Oslo, som iblant kan kjennast klaustrofobisk under nedstenginga. Og kvar gong eg går opp og ned trappa lyser desse sirklane mot meg, som stjerner på ein mørk himmel eller som blenkande konkyliar på sjøbotnen.